한국   대만   중국   일본 
Palestina ? Wikipedia Hopp til innhald

Palestina

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om staten. For andre tydingar av oppslagsordet, sja Palestina (fleirtyding) .
???? ??????

(norsk: Staten Palestina, palestinsk)

Det palestinske flagget Det palestinske riksvåpenet
Flagg Riksvapen



Offisielle sprak arabisk
Hovudstad Ramallah (Adm.senter)
Jerusalem ( Aust ) (Proklamert)
Flatevidd
 ? Totalt
 
6 020 km²
Folketal
 ? Estimert (2023)
 ? Tettleik
 
5 483 450 ( 121. )
731/km²
Sjølvstende
uavklart
BNP
 ? Totalt (2023)
 ? Per innbyggjar
 
36 391 ( 138. )
6 642 ( 140. )



Kart over Staten Palestina:
Kart over Staten Palestina

Palestina ( arabisk ?????? ‎, romanisert  Filas??n , offisielt Staten Palestina ; arabisk ???? ?????? ‎, romanisert  Dawlat Filas??n ) er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet . Det omfattar to frakopla territorium ? Vestbreidda og Gazastripa , samla kjent som dei palestinske territoria ? innan den større Palestina-regionen . Landet grensar til Israel i nord, vest og sør, Jordan i aust og Egypt i sørvest. Palestina har ei samla flatevidd pa 6 020 km² med meir enn 5 millionar innbyggjarar. Den proklamerte hovudstaden er Jerusalem , medan Ramallah i røynda er den administrative hovudstaden. Det offisielle spraket er arabisk , og religionen hovudsakleg islam , men med ein tydeleg kristen minoritet.

Soge [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og Palestinsk historie .

Palestina-regionen har ei lang, omfattande soge. Kanaanittane , israelittane , assyrarane , babylonarane , perserane , grekarane , romarane og bysantinane sette alle sitt preg pa landet. I tillegg har Palestina ei djup religiøs betyding for jødedom , kristendom og islam . Igjennom soga har regionen opplevd periodar med sameksistens og konflikt mellom ulike religiøse og etniske grupper. Særleg i mellomalderen, da jødiske samfunn møtte forfylging, fann dei tilflukt og tryggleik under det muslimsk styret og den breiare islamske verda. Under det osmanske riket , som kontrollerte Palestina fra 1500-talet til slutten av fyrste verdskrigen , var landet ein fristad for jødar som flykta fra forfylging i Europa . Slutten pa det osmanske styret markerte eit nytt kapittel i Palestinsk soge. Etter fyrste verdskrigen overtok det britiske imperiet kontroll over regionen. Det britiske mandatet for Palestina , etablert i 1920, førte til tydelege endringar i det politiske og sosiale landskapet i omradet, og sette høva for konfliktane og kampane som ville fylgja mellom Israel og Palestina.

Stridane med Israel [ endre | endre wikiteksten ]

Etableringa av Staten Israel i 1948 kom etter den arabisk-israelske krigen som førte til at hundretusen av palestinarar vart fordrivne. [1] Den pafylgjande arabisk-israelske konflikten , inkludert seksdagarskrigen i 1967, førte til den israelske okkupasjonen av Vestbreidda og Gazastripa. Den 15. november 1988 erklærte Det palestinske nasjonalradet , det lovgjevande organet til Den palestinske frigjeringsorganisasjonen (PLO) leia av Yasser Arafat , opprettinga av staten. Signeringa av Oslo-avtalen pa 1990-talet, forhandla mellom Israel og PLO, skapa Palestinian Authority (PA) til a utøva delvis kontroll over delar av palestinske territoria. I 2007 oppstod det interne splittingar mellom palestinske politiske fraksjonar. Det ende med at Vestbreidda vart delvis styrt av dei palestinske styresmaktene, leia av Fatah , medan Gazastripa heldt seg under kontroll av Hamas . [2] Israel har bygd busetjingar i begge dei palestinske omrada sidan byrjinga av okkupasjonen. Om lag 500 000 israelske busetjarar bur framleis i busetjingar pa Vestbreidda. [3] Det internasjonale samfunnet meiner israelske busetjingar i palestinske territorium er ulovlege under internasjonal lov, men den israelske regjeringa avviser dette.

Nyare tid [ endre | endre wikiteksten ]

Kart over Palestina de jure (t.v.) og de facto (t.h.)

Palestina er prega av delvis blokkade av Gazastripa, avgrensa rørslefridom, israelske busetjingar, i tillegg til ein generelt daleg sikkerheitssituasjon. Uløyst gjenstar mellom anna fastsetjinga av den israelsk-palestinske grensa og statusen til Jerusalem .

Anerkjenning [ endre | endre wikiteksten ]

Per juni 2024 er Palestina anerkjent som ein suveren stat av 146 av 193 medlemsstatar i De sameinte nasjonane . Noreg anerkjente Palestina den 28. mai 2024, diplomatiske band var likevel oppretta allereie i 1995. [4] [5] Land som USA , Frankrike , Tyskland og Japan anerkjenner ikkje staten. [6] Palestina er medlem av fleire internasjonale organisasjonar, mellom anna Den arabiske ligaen , Organisasjonen for islamsk samarbeid og Den internasjonale straffedomstolen . [7] Landet har au vore observatørstat som ikkje er medlem av SN sidan 2012. [8]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Gelber, Y. Palestine, 1948 . s. 177?178
  2. Andersen, Lars Erslev: Palæstina i Den Store Danske pa lex.dk. Henta 10. juni 2024.
  3. Sam Mednick & Julia Frankel. ≪Israeli settlers in the West Bank were hit with international sanctions. It only emboldened them≫ (pa engelsk). Associated Press . Henta 10. juni 2024 .  
  4. ≪Norge anerkjenner Palestina≫ (pa norsk bokmal). Regjeringen.no . Henta 10. juni 2024 .  
  5. ≪≫ i Store norske leksikon , snl.no.
  6. ≪Mapping which countries recognise Palestine in 2024≫ (pa engelsk). Al Jazeera . Henta 10. juni 2024 .  
  7. ≪Membership of the State of Palestine in international organizations (as of 25 May 2018)≫ . MOFAE . Arkivert fra originalen 29. desember 2021 . Henta 29 desember 2021 .  
  8. ≪Non-Member-States≫ (pa engelsk). United Nations . Henta 10. juni 2024 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Palestina