Det norske riksvapenet
er eit
vapenskjold
med ei opprett
løve
i
gull
pa
raud
botn. Løva har krone pa hovudet og ber ei gullskjefta sølv
øks
i framlabbane. Dette motivet vert ofte kalla
den norske løva
. Oppa
skjoldet
er det ei
kongekrone
med bøylar. Over kongekrona troner det kristne korset.
Riksvapenet
er eit av dei eldste i
Europa
, med røter tilbake til 1100- og 1200-talet.
[1]
Det var opphavleg eit personleg vapen for kongehuset i
Noreg
.
Gull-løve pa raud botn som norsk
kongevapen
vart ifølgje
Snorre Sturlasson
brukt i 1103 av
Magnus Berrføtt
. Historikaren
Gustav Storm
konkluderte i 1894 med at Snorre her var uhistorisk, ettersom løva i skjoldmerket til Magnus Berrføtt er ukjend i eldre
sagahandskrifter
og andre kjelder.
Kong Sverre
(død 1202) brukte kanskje løve som vapenmerke, og kong
Hakon Hakonsson
(død 1263) hadde vapen med gull-løve pa raud botn.
I ei engelsk bok fra ca.1250 om
Edvard Vedkjennaren
vert riksvapenet illustrert i ei teikning av
slaget ved Stamford bru
som hende i 1066.
[2]
Det er likevel stor usikkerheit rundt eksistensen til det norske riksvapenet før 1100-talet.
I
1280
la kong
Eirik Magnusson
til krona og sølvøksa som løva held. Øksa er
martyrøksa
til
Olav den Heilage
, vapenet som vart brukt til a drepe han under
slaget pa Stiklestad
.
[3]
Forma til det norske riksvapenet har vorte endra gjennom tidene i takt med skiftande motar innan heraldikken. I seinmellomalderen vart økseskaftet gradvis forlenga, til heile øksa vart oppfatta som ein langskafta hellebard. Skaftet vart og meir og meir krumma for a passe til dei skjoldformene som var populære, og ikkje minst for a fa vapenmerket til a passe som myntbilete. Den framoverbøygde løva som med alle fire føter heldt hellebarden med krumt skaft (≪gyngehesten≫) var eineradande gjennom heile
dansketida
, til kong
Oskar I
bestemte riks- og kongevapenet sin utsjanad ved kongeleg resolusjon av
10. juni
1844
. Da vart den kortskafta øksa gjeninnført, men stadig med løva i framoverbøygd stilling, og skjoldforma vart mest firkanta etter heraldiske skikk i tida. Dette var fyrste gong ei offisiell utforming av riksvapenet vart lovfesta.
Etter unionsoppløysinga vart ei ny offisiell vapenteikning innført etter eit utkast av malaren
Eilif Peterssen
. Den gjekk attende til førebilete fra mellomalderen med ei meir oppreist løve i eit trekanta ≪gotisk≫ skjold. Peterssen sin versjon av riksvapenet vart fastsett ved kongeleg resolusjon av
14. desember
1905
. Denne versjonen vart brukt bade av kongen og staten til
1937
, da ei ny utforming vart teken i bruk for statlege føremal, teikna av arkivar
Hallvard Trætteberg
. Kongen heldt likevel fram med 1905-versjonen og brukar han framleis i kongeflagget og kongevapenet.
Utforminga av riksvapenet til statleg bruk vart fastsett ved kongeleg resolusjon av
19. mars
1937
.
[4]
[5]
Denne resolusjonen er gjeldande enda, og Trætteberg si teikning i rein flatestil, utan naturalistiske detaljar, er med mindre endringar framleis i bruk. Den noverande versjonen av Riksvapenet vart godkjent av kongen
16. desember
1992
.
[5]
Etter heraldiske reglar er eikor framstilling av riksvapenet tilleten, sa lenge vapenet er gjenkjenneleg ved a rette seg etter ≪blasoneringa≫ eller vapenskildringa for det norske riksvapenet: ≪Ei upprett gull-løve pa raud grunn med gullkrone pa hovudet og gullskjeft sylvøks i framlabbane≫.
Kongen av Noreg
har eit eige
kongevapen
. Berre Kongen kan bruka det norske kongevapenet som sitt kjennetegn, og det er verna mot misbruk ved
straffebestemmelsen
om
offentlege vapen
i den norske
straffeloven
§165.
[6]
I tidlegare tider var det ikkje noko skilje mellom konge- og riksvapen i Noreg. Det norske riksvapenet vart brukt av kongane pa
1200-talet
og var ætte-, konge- og riksvapen, utan skilje mellom konge og
stat
. Pa
1300-talet
vart vapenet kombinert med vapena til andre ættear, da
sverreætten
si
mannslinje
døydde ut. I unionstida med
Danmark
var riks- og kongevapenet
firedelt
ved eit
dannebrogskors
med
det danske riksvapenet
i første
felt
og det norske i det andre, deretter dei øvrige riksdelane, og kongeslekta sitt vapen i eit
hjarteskjold
.
Etter
Kielfreden
i
1814
tok kongen av
Sverige
det norske riksvapenet inn i sitt
svenske konge- og riksvapen
, slik at skjoldet vart tredelt med Sverige sine tre kroner øvst, den norske løva i
høgre
felt og den svenske
folkungeløva
i venstre felt. Dette vapenet vart ogsa brukt som
unionsvapen
og kongevapen for dei første felles norske og svenske kongar etter at
unionen mellom Sverige og Noreg
vart inngatt. At vapenet tydeleg signaliserte svensk overhøgheit og dessutan vart brukt som riksvapen i Sverige, vekkte misnøye i Noreg.
Det norske ønsket om
symbol
som markerte likestilling mellom statane vart imøtegatt av kong
Oscar I
. I
1844
vart det innført eit unions- og kongevapen med landa sine riksvapen sidestilt i eit
kløyvd
skjold, det svenske pa heraldisk høgre side, det norske til venstre, og slekta
Bernadotte
sitt vapen i hjarteskjoldet. Over skjoldet stod
to
kongekroner for a visa at kongen regjerte over ein union av to sjølvstendige kongerike. Dette vapenet vart brukt av kongefamilien og for unionelle saker gjennom resten av unionstida til
1905
.
Det noverande norske kongevapenet vart fastsett ved
kongeleg resolusjon
av
30. desember
1905
, der det star at kongevapenet bestar av ≪Rigsvaabenets Skjold paa den kongelige
hermelinskaabe
, der holdes af den norske Kongekrone. Kongevaabenets Skjold er omgivet af
St. Olafsordenens
Kjede. Kaaben og Kronens Hætte er
purpurfarvet
.≫
Dette vapenet star i det sakalla
riksbanneret
som vart laga til
kroninga
i
1906
, pa kongelege
sarkofagar
pa
Akershus festning
, pa nokre
medaljar
og liknande, og pa
menyar
og andre trykksaker brukt av kongefamilien.
Kong Olav
brukte ogsa eit anna, personleg vapen der riksvapenet star i skjoldet, pa øvre skjoldkant er det ein
hjelm
og pa hjelmen er det
hjelmteikn
med ei
oppveksande
norsk løve
med øks. I motsetnad til i mange andre
monarki
, som
Danmark
og Sverige, inneheld det norske kongevapenet ingen fargar eller figurar fra vapenet til kongeslekta, (
Oldenborg
), av to
gullbjelkar
pa raud botn.
I seinare ar er det norske kongevapenet vorte teikna litt om, mellom anna med en ny stilisering av kongekrona. Det heraldiske innhaldet er det same som før: Skjoldet fra riksvapenet omgjeve av
ordenskjedet
fra
St. Olavsordenen
, inne i ei
hermelinsfora
,
purpurfarga
vapenkappe
som øvst har ei kongekrone med bøylar.
-
Skule Bardson
sitt segl fra 1225.
-
Kong
Eirik II
sitt segl fra 1285.
-
Hieronymus Scholeus
sitt koparstikk av riksvapenet, Bergen 1581.
-
Riksvapenet fra ≪dansketida≫ der løva er utstyrt med ein krum hellebard i staden for ei øks. Fra ein æresportal i Trondheim i 1733.
-
Riksvapenet fra Christian Jochum Pontoppidan sitt kart over det sørlege Noreg, 1785
-
Det offisielle riksvapenet vedteke i kongeleg resolusjon av 1844.
-
Riksvapenet pa det fyrste norske
frimerket
fra 1855.
-
Det offisielle norske kongevapenet.
-
Riksvapenet teikna av
Eilif Peterssen
i 1905, brukt av kongefamilien sidan da, og av staten til 1937.
-
Nasjonal Samling
sin versjon av riksvapenet av
Harald Damsleth
etter utkast fra W.F.K. Christie 1944.
-
Riksvapenet pa norske pengesetlar 1945?1976, teikna av
Arnstein Arneberg
.
-
Dagens offisielle versjon av det norske riksvapenet fra 1992.
-
Riksvapenet til Kong
Hakon VI
av Sverige og Noreg, ca.1390.
-
Riksvapenet til
Erik av Pommern
av Danmark, Sverige og Noreg, 1398-1435. Korset som skil dei fire felta var truleg av fargen raud.
-
Riksvapenet til Kong
Kristian I
av Danmark, Sverige og Noreg, 1448-1464.
-
Riksvapenet til Kong
Hans I
av Danmark, Sverige og Noreg, ca.1502.
-
Riksvapenet til Danmark-Noreg, 1535-1559.
-
Riksvapenet til Kong
Erik XIV
av Sverige, der Noregs og Danmark vapen vart teke med, 1560-1568.
-
Riksvapenet til Danmark-Noreg, 1559-1699.
-
Riksvapenet til Danmark-Noreg, 1699-1819.
-
Unionsvapenet til Sverige og Noreg, 1844-1905.
- ↑
≪Nasjonalbiblioteket≫
,
www.nb.no
, henta 8. juli 2022
- ↑
≪Christian Works : Life of St Edward the Confessor≫
,
Cambridge Digital Library
, henta 8. juli 2022
- ↑
Bergskaug, Bente,
≪Riksløven - maktens symbol≫
,
www.samlerhuset.no
(pa norsk bokmal)
, henta 6. februar 2023
- ↑
≪Res. om Noregs riksvapen - Lovdata≫
,
lovdata.no
, henta 6. februar 2023
- ↑
5,0
5,1
≪Et symbol pa statsmakt≫
,
Stortinget
(pa norsk), 22. september 2016
, henta 6. februar 2023
- ↑
≪Almindelig borgerlig Straffelov (Straffeloven) - Tredje Del. Forseelser.1 - Lovdata≫
,
lovdata.no
, henta 8. juli 2022