1900-talet
vart eit hundrear der det skjedde store endringar pa mange omrade. Mange menneske fekk endra levesettet sitt som resultat av
teknologisk
,
medisinsk
, sosial,
ideologisk
og
politisk
fornying pa godt og vondt. Termar som
ideologi
,
verdskrig
,
folkemord
og
atomkrig
kom i bruk.
Den overoptimistiske framstegstrua i starten av hundrearet fekk ein knekk med
første verdskrigen
, som av mange blei sett pa som eit sivilisasjonssamanbrot. Dei
totalitære
ideologiane
fascisme
,
nazisme
og
kommunisme
oppstod og i kjølvatnet av og delvis som resultat av første verdskrigen. Nazismen førte verda ut i ein ny og
enda verre verdskrig
nokre ar seinare, og prøvde a utrydde heilt dei europeiske
jødane
og
sigøynarane
i
Shoah
/Holacaust. Pa den andre sida bidrog begge verdskrigane til auka forstaing for
likestilling
mellom kjønna og utbygging av
velferdsstaten
og ein meir
regulert økonomi
i delar av verda.
Relativitetsteorien
og
kvantefysikken
endra det vitskaplege synet pa verda drastisk, og fekk vitskapsfolk til a innsja at universet er mykje meir innvikla enn dei hadde trudd før.
Aukande vitskapleg forstaing, betre kommunikasjonar og raskare transport endra verda raskare enn nokon gong før. Det var eit hundrear som begynte med
dampskip
og enda med
romskip
.
Hestar
, bruka til transport i tusenvis av ar, blei erstatta med
bilar
i løpet av nokre tiar. Dette blei mogleg pa grunn av storskala utnytting av
petroleumsressursane
, som betydde store mengder
energi
i lett transportabel og oppbevaringsvennleg flytande form, men som samtidig har ført til utbreidd uro om ureining og
global oppvarming
med store skadeverknader pa
klimaet
og
miljøet
.
Kultur og underhaldning har hatt ei enorm utvikling gjennom 1900-talet. Ny teknologi og massemedia som
radio
og
fjernsyn
har gjort det mogeleg a spreie
idrett
,
musikk
og
film
over heile verda.
Filmar
vart ein av dei mest populære underhaldningsformene i løpet av 1900-talet, og det vart gjort store framsteg i matar a spele inn film pa. Dei første
kinoane
dukka opp dei første ara av 1900-talet. Den første tida var det berre
stumfilmar
og dei første lydfilmane kom i
1920-ara
. Dei første fargefilmane dukka opp i slutten av 1930-ara. Utover pa hundrearet har
spesialeffektane
nytta i film vorte stadig meir sofistikerte og spektakulære.
Musikkstilane og musikkindustrien pa 1900-talet gjekk gjennom enorme endringar i løpet av hundrearet.
Radio
gjorde at ein kunne lytte til den same musikken over heile verda, og nye media og teknologiar vart utvikla for a spele inn, lagre, reprodusere og distribuere musikk. Musikk var ikkje lenger berre noko ein kunne høyre pa konsertar, operahus, klubbar og i heimane, og det vart mogeleg for artistar a verte kjend over store omrade bade nasjonalt og stundom i heile verda.
Mykje av populærmusikken i dag har sine røter tidleg fra første halvdel av 1900-talet i Amerika. Her vart
jazz
,
blues
og
country
utvikla. I løpet av dei første 50 ara vart desse stilane gradvis blanda og i 1950-ara skjedde det ein musikalsk revolusjon da
rock and roll
gjorde sitt inntog, som og fekk stor samfunnsmessig innverknad for den oppveksande generasjonen. Siste halvdel av 1900-talet har mange nye stilar oppstatt som
heavy metal
,
pønk
,
disco
,
reggae
,
soul
,
rap
og
hip-hop
.
I
klassisk musikk
vart det og utvikla nye stilar og retningar, som
dodekafoni
,
aleatorisk musikk
og
minimalisme
. Elektroniske musikkinstrument vart og utvikla og nytta av mange komponistar og musikarar.
I kunstverda vart det utvikla nye stilartar som
ekspresjonisme
,
dadaisme
,
kubisme
,
de stijl
,
abstrakt ekspresjonisme
og
surrealisme
.
Modernismen
revolusjonerte kunstkulturen og danna ein meir optimistisk, framgangs- og og framtidsretta tenkemate som seier at menneska kan betre verda dei lever i ved hjelp av kunst, kunnskap og teknologisk utvikling.
Moderne arkitektur
skil seg fra tidlegare arkitektur med ofte meir straumlinjeforma bygg inspirert av maskinar, og mykje mindre bruk av ornament og pynt. Nye byggmateriale og teknologiar vart utvikla. I storbyane, der det byrja a verte avgrensa plass, starta ein a bygge i høgda og stadig høgare
skyskraparar
vart ført opp.
Bilen
gjorde sitt inntog pa 1900-talet og tilrettelegging for biltransport har vore ein store medverkande faktor til utforminga av byane i løpet av hundrearet.
Mange former for
idrett
vart særs populær i løpet av 1900-talet, bade som ein aktivitet som kven som helst kunne drive med, inkludert kvinner som før 1900-talet ikkje fekk drive med idrett, og som underhaldning, særleg pa
fjernsyn
. Mange av dei mest populære idrettane i dag er
lagidrettar
, som ofte har sitt opphav i britiske idrettar og reglane deira, til dømes
fotball
.
Dei moderne olympiske leikane
oppstod i
1896
og vart det mest populære og viktigaste idrettsarrangementet utover pa hundretalet.