Gabon
er ein republikk ved ekvator i vestre Sentral-Afrika. Landet grensar til Kamerun, Republikken Kongo, Ekvatorial-Guinea og Atlanterhavet. Namnet pa landet er ei fransk avleiing av Rio de Gabao, eit namn portugisiske utforskarar gav til Gabonelva fordi forma hennar minna om ei kappe med hette, portugisisk
gabao
.
I 2010 var Gabon eitt landa i Afrika med lagast folketettleik, med cirka 5 innbyggarar per km². Den høgaste folketettleiken var langs kysten og langs dei store elvane. Dei største byane i landet var hovudstaden Libreville og hamnebyen Port-Gentil. Til saman utgjorde innbyggarane i desse kring 35 % av befolkninga.
Les meir …