한국   대만   중국   일본 
Kva skjer ved eit regjeringsskifte? - regjeringen.no

Kva skjer ved eit regjeringsskifte?

Ei regjering må ha eit parlamentarisk grunnlag på Stortinget. Stortingsfleirtalet har difor avgjerande innverknad både når ei regjering blir skipa, og når ho går av. Skipinga av ei ny regjering tek til når ein sitjande statsminister søkjer avskil og kongen har gitt ein annan i oppdrag å skipe ny regjering.

Nar ein statsminister meiner det ikkje lenger finst noko parlamentarisk grunnlag for den sitjande regjeringa , vil regjeringa søkje avskil. Bakgrunnen kan vere at regjeringa har fatt eit mistillitsvedtak mot seg i Stortinget , at ho har stilt kabinettspørsmal og fatt stortingsfleirtalet mot seg, at det er samarbeidsvanskar i regjeringa , eller at regjeringspartiet/regjeringspartia har lide valnederlag eller tapt ei viktig folkerøysting. 

Ei regjering som søkjer avskil pa grunn av valresultatet, gjer det helst etter at eit nytt Storting er konstituert, og etter a ha lagt fram forslag til statsbudsjett.

Etter den konstitusjonelle sedvanen som voks fram i Noreg i perioden 1884?1905, gjeld desse reglane ved regjeringsskifte:

  • Landet er aldri utan regjering. Med andre ord er kongen aldri utan radet sitt ? statsradet.
  • Kongen godtek ikkje avskilssøknaden til ei regjering før det er mogeleg a utnemne ei ny regjering samtidig.
  • Kongen utnemner ei ny regjering ”i statsrad ”, det vil seie i statsradsmøte saman med den regjeringa som gar av.

Gangen i eit regjeringsskifte er saleis denne:

  1. Etter at Stortinget er blitt orientert, leverer regjeringa avskjilssøknaden sin i ordinært eller ekstraordinært møte i statsradet.

    Nar avskilssøknaden er motteken, bed kongen den sitjande regjeringa om a halde fram som forretningsministerium til det kan skipast ei ny regjering. Sa vil den avgaande statsministeren normalt bli radspurt om kven kongen bør vende seg til for a fa skipa ei ny regjering.

  2. Den avgaande statsministeren vil da oftast ra kongen til a spørje ein av dei parlamentariske leiarane i Stortinget ? anten leiaren for det største partiet eller leiaren for det største opposisjonspartiet. Kongen kan og bli radd til a ta kontakt med alle dei parlamentariske leiarane eller med stortingspresidenten . I dei fleste tilfelle følgjer kongen radet fra statsministeren.

  3. Nar den som har fatt i oppdrag a skipe ei ny regjering, melder til Kongen at alt er klart, blir begge dei avgjerande vedtaka om regjeringsskifte tekne i eit statsradsmøte ? ordinært eller ekstraordinært etter som det høver. Dette er det siste stadsradsmøtet til den avgaande regjeringa .

    I dette statsradsmøtet vil Kongen og den avgaande regjeringa utnemne den nye regjeringa , med verknad fra eit visst tidspunkt. Samtidig godtek Kongen avskilssøknaden fra den avgaande regjeringa med verknad fra same tidspunkt. Dette er tidspunktet for sjølve regjeringsskiftet.

    Etter det siste statsradsmøtet sitt reiser den avgaande regjeringa til regjeringskontora for siste gong, etter a ha møtt publikum og pressa pa Slottsplassen.

  4. Pa den fastsette tida for regjeringsskifte kjem den nye regjeringa til Slottet for a gjere dei første vedtaka sine, først og fremst gjeld det kva for statsradar som skal styre kva for departement .

    Etter det første statsradsmøtet sitt, og etter a ha møtt publikum og pressa pa Slottsplassen, reiser den nye regjeringa til kontora sine for første gong. Der møter dei forgjengarane i ein enkel overtakingsseremoni. Sa forlet dei tidlegare regjeringsmedlemene kontora for siste gong.

Fotnotar

Departement

Del av regjeringsadministrasjonen som blir styrt av et regjeringsmedlem/en statsrad.?

Forretningsministerium

Nar statsministeren har levert sin avskjedssøknad, ber Kongen regjeringen ivareta de ≪løpende forretninger≫ inntil en ny regjering er pa plass. I denne perioden kalles sittende regjering for et forretningsministerium.??

Kabinettspørsmål

Erklæring fra regjeringen eller en eller flere statsrader om at de vil ga av dersom de far flertallet i Stortinget mot seg.?

Kongen

Norges statsoverhode nar dette er en mann. Brukes av og til i lover eller forskrifter som kortform for begrepet "Kongen i statsrad".?

Regjeringen

Regjeringen har den utøvende makt. I Grunnloven star det at regjeringen skal besta av statsministeren og minst syv andre medlemmer (statsrader).?

Statsminister

Leder for en regjering.?

Statsråd

Medlem av regjeringen, ogsa kalt minister.
Brukes ogsa om regjeringsmøte ledet av Kongen. Her fatter regjeringen offisielle beslutninger.?

Stortinget

Norges folkevalgte nasjonalforsamling. Stortingets viktigste oppgaver er a vedta lover, bestemme statens budsjett og a kontrollere regjeringen.?

Stortingspresident

Stortingspresidenten leder møtene i Stortinget, leder presidentskapet i Stortinget, og innehar det høyeste offentlige verv i Norge etter Kongen.?