한국   대만   중국   일본 
페이지를 파싱하기 어렵습니다. Kong Harald innlagt pa Rikshospitalet ? NRK Norge ? Oversikt over nyheter fra ulike deler av landet

Kong Harald innlagt pa Rikshospitalet

Kong Harald er innlagt pa Rikshospitalet med ein infeksjon. Tilstanden er tilfredsstillande, blir det meldt pa kongehuset.no.

Kong Harald på Sametinget

Kong Harald da han heldt tale i Sametinget nyleg.

Foto: Samuel Frode Grønmo / NRK

Det heiter ogsa at kong Harald er i betring. Det blir ikkje opplyst kva type infeksjon han er ramma av. Han vart innlagt sist fredag.

Assisterande kommunikasjonssjef Sven Gjeruldsen seier til NRK at kongen har avlyst programmet sitt for i morgon mandag, men at tilstanden er i ferd med a betre seg.

I morgon skulle han møte sjefen for Sjøforsvaret, og han skulle ogsa møte representantar for Nasjonalt andeleg rad for baha'iar. Han skulle ogsa ha møtt brigader Jon Morten Mangersnes og leiaren for den norske Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen.

Kongen fylte 80 ar 21. februar i ar. Han har hatt eit aktivt program den siste tida. Han har blant anna møtt menneske som var ramma av flaumen pa Sørlandet , og han deltok pa Forsvarets minnedag.

10. november deltok han i den offisielle mottaksseremonien for dei tre første F-35- kampflya pa Ørland flystasjon. 1. november var han med da 500-arsjubileet for Martin Luther og reformasjonen vart markert i Nidarosdomen.

Kong Harald har vore regjerande monark i Noreg sidan januar 1991.

Han vart operert for kreft i urinblæra i 2003, men han kom seg raskt igjen, og i 1999 var han innlagt pa Rikshospitalet for a operere bort ein verkebyll pa det eine kinnet. Han har ogsa fatt transplantert nye hjarteklaffar i 2005..

Elles har kongen ikkje vore mykje sjuk.

AKTUELT NA