Duane Eddy
(1938?2024) var ein USA-amerikansk gitarist. Seint i 1950- og tidleg i 1960-ara hadde han ei rekkje hittar produserte av Lee Hazlewood. Desse songane hadde ein karakteristisk ≪twangy≫ stil, inkludert ≪Rebel Rouser≫, ≪Peter Gunn≫, og ≪Because They're Young≫. Han hadde seld 12 millionar plater innan 1963.
Eddy var den første rock and roll-gitaristen som fekk ein signaturmodell-gitar. I 1961 introduserte Guild Guitars Duane Eddy Models DE-400 og luksusutgava DE-500. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1994, og Musicians Hall of Fame and Museum i 2008.
Les meir …