한국   대만   중국   일본 
ibadiar ? Store norske leksikon

Ibadiane er ei av dei tre hovudretningane i islam , ved sida av sunni- og sjiaislam . Den ibadiske retninga er ogsa den minste, med om lag 2,5 til 3 millionar tilhengarar. Dei fleste bur i Oman , der sultanen og rundt halvdelen av innbyggarane tilhører retninga, men det er ogsa ibadiske grupper i Nord-Afrika og Aust-Afrika .

Faktaboks

Uttale
ib'adiar
Etymologi

arabisk , ib???, etter ?Abd All?h ibn Ib?? al-Tam?m?

Ogsa kjend som

ibaditter

Historie

Ibadiane reknar seg som den eldste teologiske retninga i islam og knyter historia si tilbake til slaget ved Siffin mellom kalif Ali ibn Abi Talib og umayyadane i Damaskus i 657. Da Ali godtok mekling med motstandarane sine, erklærte ein del av hæren hans at han ikkje var rettmessig kalif , sidan ≪berre Gud kan avgjere≫ pa slagmarka. Dei vart derfor kalla kharijiyya, som betyr ≪dei som forlot≫ . Ibadiane i dag avviser i stor grad noe band til desse kharijiane, sidan dette vart til eit utnamn pa valdelige ekstremistar , men erkjenner at deira retning oppstod med ≪dei som forlot≫.

Ei gruppe lærde som delte dette synet, samla seg i byen Basra i Irak , trulig rundt ar 700. Etter at abbasidane tok makta i Irak i 750, trakk desse seg tilbake til Oman , heilt sør pa den arabiske halvøya , der dei fekk oppslutning i stammane inne i landet. Ibadiane anerkjente ikkje umayyade- eller abbaside-styret og oppretta ein eigen stat, eit imamat , i Oman. I 1741 tok ein sultan fra Bu-Sa’idi-familien makta, og denne familien styrer Oman framleis.

Midt pa 700-talet spreidde ibadisk tru seg ogsa mellom berberar i Nord-Afrika . Fra siste del av 700-talet stod store delar av Maghreb under leiing av ibadiar. Da regionen vart erobra av dei sjiiske fatimidane i 909, trakk ibadiar seg tilbake til oasar i ørkenen eller andre utkantar. I dag er det om lag 200 000 ibadiar i Nord-Afrika. Sidan Oman i lange periodar ogsa styrte delar av den austafrikanske kysten, er det ogsa noen titusen ibadiar att her.

Teologi

Ibadiane reknar seg i prinsippet som dei einaste ≪ekte≫ muslimane. Andre muslimar blir sett pa som ≪hyklarar≫, men ikkje som vantru, siden dei er ≪slike som ber≫. Ibadiane har derfor gjerne prøvd a skilje seg fra dei andre, men lever mellom dei og samhandlar med dei. I praktisk teologi er det lite som skil ibadiar fra sunniar og sjiaer . Dei meier at ≪den beste≫ muslimen, altsa han som er from og lærd, men ogsa god til a leie, har rett til a vere imam , uavhengig av slektskap og etnisitet. Det er ingen forrang for arabarar . Dei erkjenner dei to første kalifane Abu Bakr og Umar som gode kalifar, mens Uthman og Ali mista retten til a styre. Av seinare kalifar godtar dei berre den fromme Umar II (717?720). Imamen har hos ibadiane ingen annan status enn a leie samfunnet, og det kan vere fleire imamar i ulike delar av verda samtidig.

Ibadiane har sin eiga samling av hadith (profet-tradisjonar), men kan ogsa godta sunniske samlingar. Dei utgjer ein eigen lovskule, som i mange tilfelle fell saman med sunnisk lov, men har sin eiga historie og pa fleire punkt markerer seg med særskilde standpunkt.

I Oman, der ein ibadisk sultan styrer over eit land der halvdelen av folket er sunniar eller sjiaer, har likevel styresmaktene lagt vekt pa det som samlar alle muslimar. Dei har nekta a ta stilling til konfliktane mellom sunniske- og sjiastyrte land i regionen.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar nar dei kan. Det kan ta tid før du far svar.

Du ma være logga inn for a kommentere.

eller registrer deg