한국   대만   중국   일본 
Hartvig Kiran ? Store norske leksikon

Faktaboks

Hartvig Kiran
Fødd
3. november 1911, Alesund, Møre og Romsdal
Død
15. august 1978, Oslo
Verke
Kringkastingsmann og lyriker
Familie

Foreldre: Bygningsarbeider Hartvig Nikolaisen Kiran (1876?1953) og Elisabeth Pettersson (1886?1967).

Gift 1947 med oversetter Anna-Karin Nordheim (3.3.1923?), datter av regnskapssjef Ole Peder Nordheim (1894?1955) og Ragna Andresen (1893?1976).

Hartvig Kiran

Bilete fra Norsk biografisk leksikon

Hartvig Kiran
Av /NTB Scanpix ※.

Hartvig Kiran var ein norsk kringkastingsmann , gjendiktar , visemakar og lyrikar . I 40 ar var røysta hans a høyre i NRK , i reportasjar og lyrikkprogram. Han gjendikta Shakespeare , Brecht og musikalar for Det Norske Teatret .

Bakgrunn

Hartvig Kiran var fødd i Alesund i Møre og Romsdal og døydde i Oslo . Han tok latinartium i Alesund i 1931 og vart cand.philol. med norsk hovudfag ved Universitetet i Oslo i 1937. Emnet for hovudoppgava var bakgrunnen for Ivar Aasens dikting.

Kringkasting

Hartvig Kiran 1944
Under krigen var Hartvig Kiran programsekretær i NRK sitt London-kontor.
Av /Riksarkivet.
Lisens: CC BY 2.0

Kiran tok til i NRK som nynorsk hallomann i 1938. Han tok over etter Karl C. Lyche , den første nynorske hallomannen, som i 1937 gjekk over til nyhendeavdelinga som redaksjonssekretær. Kiran hadde og vakter i nyhendetenesta. 9. april 1940 var det han som sat i studio med ansvaret for nyhenda. I februar 1941 reiste han til Storbritannia og laga under Toralv Øksnevad fleire større reportasjar for den norske seksjonen i BBC , mellom anna fra ein konvoi over Atlanterhavet . Kiran var programsekretær for NRKs kontor i BBC i London i 1941?1945 og var deretter redaksjonssekretær i NRK fra 1946.

Etter krigen fekk Kiran ansvaret for programposten Aktuelt, som vart send etter Dagsnytt. Fra 1950 hadde han ogsa ansvar for vekemagasinet Fra verkstad og fabrikk, som tok opp emne fra industrien. Kiran dekte fleire av dei store hendingane i samtida, mellom anna flaumkatastrofen i Nederland i 1953 og kong Haakons gravferd i 1957. I 1958 vart han leiar for opplysingsavdelinga i NRK. I september 1962 kom den første sendinga med Ønskediktet, eit populært radioprogram som Kiran skapte og stod for sa lenge han levde.

Gjendikting, lyrikk og viser

Kiran var og ein framifra gjendiktar av poesi og skodespel fra andre sprak. Halldis Moren Vesaas meinte at han var ≪ein av dei fremste gjendiktarane vi har hatt≫. For Det Norske Teatret omsette han bade Shakespeares Hamlet (1967) og Macbeth (1962, oppført 1977), Brechts Den kaukasiske kritringen (1962) og Det gode menneske fra Sezuan (1975), og musikalar som Annie Get Your Gun (1956), West Side Story (1965) , Kongen og eg (1966) og Spelemann pa taket (1968). Han hausta og ros for gjendiktinga av Evert Taubes viser til kabareten Sa lenge skuta kan ga (1978). Til saman gjorde han eit tjuetal gjendiktingar for teatret.

I gjendiktingane av lyrikk la han stor vekt pa rytmen i dikta. Det var for han noko av det viktigaste ved poesien. I 1959 gav han ut Dikt i utval av Robert Burns , som han fekk Bastianprisen for. I 1966 kom samlinga Med lant lyre , gjendiktingar fra engelsk og tysk som spente fra Walther von der Vogelweide , tyske folkeviser og Shakespeare til Carl Sandburg , T.S. Eliot og Rainer Maria Rilke . Sa følgde i 1967 Den makelause jord , gjendiktingar av utvalde dikt av den italienske lyrikaren Salvatore Quasimodo . Og aret etter redigerte Kiran den store antologien Framande dikt fra fire tusen ar saman med Sigmund Skard og Halldis Moren Vesaas. Han gjendikta sjølv ei rad dikt for denne antologien.

Han skreiv og dikt sjølv, men ser ein bort fra visene hans, kom det inga samling av eigne dikt før aret etter han døydde, i 1979. Da redigerte Halldis Moren Vesaas Med eiga lyre , eit utval etterlatne tekstar og ein del som hadde vore prenta før. Kiran skreiv viser og sette tone til dei, i tillegg til a gjendikte andre sine viser. I 1962 gav Kiran ut ei samling gjendiktingar av amerikanske folkesongar, Tom Duley og andre viser . Seinare følgde hans eigne viser, Viser fra min gitar i 1971 og Viser til Mariann i 1973.

Kiran var del av den norske visebølgja som voks fram fra slutten av 1960-ara, og var med i gruppa Visens Venner . Her kunne ein treffe veteranar som Jakob Sande , Erik Bye , Thorbjørn Egner og Otto Nielsen , og yngre folk som Birgitte Grimstad , Hege Tunaal , Lillebjørn Nilsen og Lars Klevstrand . Pa dei to platene som Visens Venner gav ut i 1969 og 1970, framfører Kiran ≪The Jotunheimen Jitterbug≫ (bygd pa Kristofer Jansons ≪Paa Fjellet≫ fra 1867) og ≪Ei sild og ei til≫. Visa ≪Ei sild og ei til≫ vart elles nytta i striden mot EF -medlemskap i 1972. Andre visekunstnarar som har spela inn Kiran-viser er Birgitte Grimstad, Tone Ringen , Herborg Krakevik , Hege Tunaal og Lars Klevstrand.

I mange ar sat Kiran i lyrikkutvalet i Den norske Bokklubben . I 1965 redigerte han antologien Ønskediktet , som var basert pa radioprogrammet, og som pa fa ar kom i atte opplag. I 1971 kom antologien Laterne og moreld. Dikt om havet .

Sprakpolitikk og malsak

I 1952?1964 var Kiran medlem av Norsk spraknemnd , oppnemnd av NRK. Under arbeidet med den nye læreboknormalen som vart lagd fram i 1957, vart arbeidsutvalet i Spraknemnda utvida, og Kiran var arbeidsutvalsmedlem i 1952?1958.

Saman med NRK-kollegaen Arthur Klæbo tok Kiran i 1950-ara initiativ for a møte den sjikanen som nynorsken i NRK vart utsett for fra riksmalsfolk og andre. Arthur Klæbo og Magne Oftedal , som arbeidde for Det Norske Samlaget , dreiv deretter fram det tiltaket som i 1955 vart til Kringkastingsringen .

Kiran arbeidde pa lang sikt for sprakleg samling i Noreg. I 1957 gav han ut pamfletten Aksjon mot reaksjonen . Skriftet var eit kampskrift for nynorsk, og eit forsvar for tilnærminga mellom bokmal og nynorsk, som var under kritikk fra riksmalsrørsla. Han sag malsaka som den viktigaste kulturoppgava som matte løysast.

I 1957 vart han vald til leiar for Noregs Mallag , men stilte ikkje til val pa det neste arsmøtet. Han høyrde heime i den radikale fløya av Mallaget.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Edvard Beyer: ≪Nynorske blankvers. Shakespeare-omsetjingar fra Ivar Aasen til Halldis Moren Vesaas≫, i Edvard Beyer: Forskning og formidling . Oslo 1990
  • Hans Fredrik Dahl: Hallo-hallo! Kringkastingen i Norge 1920 ?1940 . Oslo 1975
  • Hans Fredrik Dahl og Henrik G. Bastiansen: Over til Oslo. NRK som monopol 1945?1981 . Oslo 1999
  • Jan Eggum ofl. (red.): Norsk pop- og rockleksikon. Populærmusikk i hundre ar . Oslo 2005
  • Rigmor Falla ofl. (red.): Tone, tekst og trubadur. 60 ar med Visens Venner . Oslo 2003
  • Jostein Fet: Sunnmørsdiktarar 1600?1975 . Oslo 1977
  • Ottar Grepstad: Balladen om Europa . Oslo 1985
  • Alf Hellevik og Einar Lundeby: Skriftsprak i utvikling. Tiarsskrift for Norsk spraknemnd 1952?62 . Oslo 1964
  • Christopher Janson: Norske Dikt . Bjørgvin 1867
  • Sigmund Skard og Ase Gruda Skard: Menneske vi møtte . Oslo 1985
  • Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.): Med hjartet pa rette staden. Kringkastingsringen 50 ar 1955?2005 . Oslo 2005

Faktaboks

Hartvig Kiran
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002266978

Kommentarar (2)

skreiv Jens Øvrebust

Kvar kan ein fa teksten til rallarvise av hartvig kiran

svarte Anne Grete Nilsen

Vi foreslar at du spør pa et bibiotek.Vennlig hilsenAnne Grete NilsenRed.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar nar dei kan. Det kan ta tid før du far svar.

Du ma være logga inn for a kommentere.

eller registrer deg