한국   대만   중국   일본 
Hans Hyldbakk ? Store norske leksikon

Faktaboks

Hans Hyldbakk
Fødd
8. mai 1898, Surnadal, Møre og Romsdal
Død
18. august 2001, Surnadal, Møre og Romsdal
Verke
Diktar og lokalhistorikar
Familie

Foreldre: Tømmermann Peder Pedersen Hyldbakk (1860?1953) og Rannei Eriksdatter Øien (1862?1927).

Ugift.

Hans Hyldbakk

Foto 1997. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Hans Hyldbakk
Av /NTB Scanpix ※.

Hans Hyldbakk var forfattar og lokalhistorikar , skreiv ≪Varsøg≫ og andre folkekjære dikt ? og meir enn 11 000 sider lokalhistorie.

Bakgrunn

Hans Hyldbakk var fødd i Surnadal . Han debuterte med diktsamlinga Harpespel i 1929. Nynorsken hans fekk tidleg ein munnleg, nordmørsk grunntone, som han brukte bade i dikt og sakprosa . Fleire av dei mest kjende dikta er skrivne pa dialekt . Nordmøre folkehøgskule i Surnadal var avgjerande for forfattaren Hyldbakk. Skulen starta avisa Heimveg, der Hyldbakk skreiv fra første utgave i 1924. Fra 1939 var han redaktør , og han la ned avisa i ein open protest mot nazifiseringa i 1942.

Hyldbakk gav heimen sin pa Kleiva og alle pengane sine ? ein million kroner ? til Surnadal kommune, som arleg deler ut Kleivaprisen og tilskot fra Kleivafondet. Pengane skal ga til ≪kulturelle og lokalhistoriske føremal, unnateke stjerneidrett og fotball ≫. Heimen til Hyldbakk har vorte eit landemerke pa Nordmøre og er midtpunkt i Varsøghelga kvar pinse .

Forfattarskapen

Lyrikken

Lyrikaren Hyldbakk skreiv rytmesikkert i bunden form . Han er med i mange dikt- og viseantologiar . Surnadal Heimbygdlag gav ut Varsøg, dikt i samling i 1990. Diktet ≪Varsøg≫ skreiv han i april 1945. Tittelen rommar altsa meir enn ≪susing av vind og rennande vatn om varen≫, som er den vanlege tydinga av ordet.

Hyldbakk bar pa ein draum om a skrive den store romanen , men opplevde a bli refusert da han var tidleg i 30-ara, og la draumen til sides. Han kom aldri inn i noko litterært miljø. Rett nok var Hyldbakk medlem av Den norske Forfatterforening i godt over 60 ar, men var berre pa eitt einaste møte. Da han døydde, var han den eldste medlemmen i forfattarforeininga.

Dikta ≪Varsøg≫ og ≪E slattatæja≫, med tone av sambygdingen Henning Sommerro , er blant dei kjæraste nyare visene vare. Samarbeidet gjorde lyrikken til Hyldbakk landskjend.

≪Smakarsfolkets historikar≫

Hyldbakk skreiv og om lag 11 000 sider lokalhistorie , mellom anna i bygdebøker for seks kommunar. Spalta ≪Brev fra Kleiva≫ i avisa Driva var folkelesnad pa Nordmøre og i Romsdal i nesten 30 ar.

I tillegg til dette skreiv Hyldbakk seks prosabøker og sju jubileumsskrift. Han var lokal medarbeidar i Norsk Ordbok , Sæterbruk i Noreg og Gards- og grannesamfunn i Norge .

Sjølv sa han ofte at dikta berre var ≪biprodukt≫, det lokalhistoriske arbeidet var viktigast. Øvst sette han pionerverket Husmenn og husmannsplassar i Surnadal (1942). Han var den første som systematisk samla og gav ut slektshistorie om husmannsstanden , og ≪dei sma≫ gar att i alt han har skrive ? dei som stridde i sma kar, men som ikkje levde sma liv.

Alle bygdebøkene hans kom mellom 1942 og 1972. Alle diktsamlingane, med eitt unntak, kom ut før 1942 og etter 1972. Det vil ikkje seie at han berre skreiv historie i 30 ar, men fortel korleis den arbeidssame og nøysame Hyldbakk matte prioritere for a leve av skrivinga.

Den tiande diktsamlinga hans kom ut det aret han fylte hundre ar. Til 100-arsdagen i 1998 kom biografien om Hans Hyldbakk, og i 2008 eit utval dikt og tekstar i boka Varsøglandet .

Scene

Teaterstykket No skin det sol (1995), Hyldbakk-tekstar samla av Vidar Sandem , sette publikumsrekord for Teatret Vart i Møre og Romsdal .

Utmerkingar

Hyldbakk fekk mellom anna fylkeskulturprisen i Møre og Romsdal og Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Sæter, Einar. & Svein Sæter: Hans Hyldbakk: samtale med ein 100-aring , 1998
  • Sæter, Svein: ≪Hans Hyldbakk≫, Norsk biografisk leksikon , bd. 4. 2001
  • Sæter, Svein (red.): Varsøglandet. Dikt og tekster av Hans Hyldbakk. Oslo 2008
  • Du mitt Nordmøre , 1998 (tema: Hans Hyldbakk)

Faktaboks

Hans Hyldbakk
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000002816381

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar nar dei kan. Det kan ta tid før du far svar.

Du ma være logga inn for a kommentere.

eller registrer deg