한국   대만   중국   일본 
George Eliot ? Store norske leksikon

Faktaboks

George Eliot
Pseudonym for Mary Ann Evans
Uttale
?elj?t
Fødd
22. november 1819, Nuneaton, Warwickshire, England
Død
22. desember 1880, Chelsea, London, England
Maleri
George Eliot som 30-aring
Av .
Omslag med portrett i gull
Praktfulle illustrasjonar vitnar om forfatterens status. Her med foto i gull i norsk utgave fra 1895
Omslag med portrett i gull
Lisens: CC BY SA 3.0
Eliot in Europe
Her er mykje fakta om korleis George Eliots bøker er blitt brukt i seksten europeiske land, mellom dei Norge
Eliot in Europe
Lisens: CC BY SA 3.0

George Eliot var ein engelsk romanforfattar , essayist og omsettar. Ho var eit av dei største litterære namna i siste halvdel av 1800-talet. Forfattarnamnet var likevel pseudonym for ei intellektuell og malretta kvinne som fann det tryggast a publisere som mann. Ho heitte Mary Ann (eller Marian) Evans og levde eit pa mange matar utradisjonelt liv for si tid. Særleg dei store romanane hennar er hugsa som viktige verk, ikkje minst er Adam Bede , Middlemarch, Møllen ved Floss og Silas Marner framleis mykje lest, kommentert og studert. Det er dessutan interessant a sja kor mykje og kor tidleg ho var lesen pa norsk.

Tematikk

Evans var banebrytande i a bruke eit rikt utval dialektar og sosiolektar som gir romanane ein slaande nærleik til kvardagslivet i bygd og by. Dette vitnar om stor spraksans, men ogsa ein medviten realisme som vidare kjem til uttrykk i eit stadig tematisk fokus pa klassemotsetnader og kjønnsulikskap. Ei anna tidleg interesse var moderne tysk filosofi , medan hennar lagkyrkjelege bakgrunn gjorde henne til ein djupt etisk tenkande forfattar. Lesarar far ofte ein god porsjon livsfilosofi, med humoristiske, skarpe og gjenkjennande refleksjonar innimellom hendingane i romanane. Det er difor fleire grunnar til at Evans vart høgt respektert i samtida og fylgjande periodar, og ikkje minst gjorde at Ivar Aasen straks tok fatt pa a omsette henne til norsk (sja under).

Biografi

Oppvekst og utdanning

Familien budde nær Nuneaton, der det i nyare tid er reist ei statue av henne, og deretter i Coventry , og Mary Ann Evans brukte seinare trekk fra desse lokalmiljøa i romanane sine. Som jente fekk ho ikkje høgare utdanning slik ho kunne fatt hadde ho vore gut, men fekk likevel mykje meir enn dei fleste andre jenter. Ho gjekk pa ulike kostskular til ho matte slutte som sekstenaring, og ho matte deretter lese pa eiga hand. Ho lærte likevel fleire sprak som fransk , italiensk , tysk og ogsa latin og har til dømes greske sitat i bøkene sine. Sidan mora døydde tidleg, matte Mary Ann heim og vere husmor for faren, noko som varte til han døydde i 1849 da ho var tretti ar. Ho var som heilt ung paverka av kristne lærarar, men blei snart like sterkt overtydd skeptikar etter mangearig vennskap og samarbeid med radikale fritenkarar bade i Coventry og London .

Bokmeldar, omsettar og redaktørarbeid

Det første arbeidet Evans publiserte (bortsett fra eit dikt ), var ei omsetting av ei tysk, rasjonalistisk bok som problematiserte tradisjonell, kristen teologi : The Life of Jesus Critically Examined fra 1846 av David Friedrich Strauss . Han som gav denne ut, John Chapman, sette henne ogsa til a redigere det kjente venstre-orienterte tidsskriftet The Westminster Review , som ho gjorde med stort hell i tre ar. Ho skreiv ogsa bokmeldingar og kom med ei ny, stor omsetting av eit filosofisk verk nokre ar etter, men alt dette arbeidet vart gjort utan at hennar namn vart nemnd. Pa trykk var det Chapman som var redaktøren.

Ekteskap og samliv

Alle som veit litt om Evans, har høyrt at forfattaren levde i eit livslangt sambuarskap , noko som var høgst uvanleg og slett ikkje akseptert. Det var vel heller ikkje noko ho sjølv ynskte, men det var den einaste maten ho kunne fa George Henry Lewes , som var gift før og ikkje kunne fa skilsmisse . Den tidlegare kona hans levde ogsa saman med ein annan, sa Mary Ann rekna seg heile tida som den eigentlege fru Lewes og brukte namnet som om ho hadde papir pa det.

Mary Ann og George Henry var begge litterære kritikarar og skribentar. Dei samarbeidde og støtta kvarandre heile livet og fekk 24 ar i lag. Dei var ogsa begge velkjende namn i London, men etter at ho gav ut fleire romanar, var det ≪George Eliot≫ som var stor og berømt i heile Europa . Da mannen døydde fra henne, laga Mary Ann ny skandale mellom besteborgarane ved a innga ekteskap (denne gongen gyldig) med den mykje yngre vennen John Walter Cross. Dette varte svært kort tid før ho sjølv døydde, berre 61 ar gamal.

Reiser

Evans var ikkje berre lokalforfattar, men ogsa i høg grad internasjonalt orientert. Som ugift kvinne reiste ho i Tyskland og Sveits , og seinare saman med mannen gjorde ho mange reiser pa kontinentet der begge arbeidde med bøker og artiklar. Eit av landa ho besøkte mest, ved sida av Tyskland, var Italia , der den eine romanen gar føre seg.

Romanar og forteljingar

Aret før ho gav ut dei første forteljingane i 1857, skreiv Evans ein artikkel der ho kritiserer og distanserer seg fra dei svært populære ≪dameromanane≫, som ho sag pa som lettbeinte, overflatiske og urealistiske ( Silly Novels by Lady Novelists , 1856). Kanskje var denne skepsisen ein av grunnane til at ho brukte mannsnamn. Sjølv ville ho skrive viktig litteratur om samfunnet slik ho kjende det, og begynte med tre forteljingar fra landsbygda i samlinga Scenes of Clerical Life . Folk trudde boka var skriven av ein prest , og spekulasjonen gjekk høgt da den første romanen, Adam Bede , vart ein stor suksess i 1859. Dronning Victoria , som var nøyaktig like gamal som Mary Ann Evans, elska visstnok denne boka. Da ein mann prøvde a skryte pa seg forfattarskapen, matte Mary Ann sta fram som den rette George Eliot. I løpet av ein tjuearsperiode gav ho ut sju romanar i tillegg til fleire kortare og lengre forteljingar og skreiv dessutan ein del dikt og andre sjangrar.

Scenes of Clerical Life

Illustrasjon av A. H. Buckland

Fra Janets Anger , Scenes of Clerical Life. Ektemannen har kasta Janet ut av huset midt pa natta

Illustrasjon av A. H. Buckland
Lisens: CC BY SA 3.0

Tittelen Scenes of Clerical Life betyr ≪prestelivs-scener≫, og boka bestar av tre forteljingar om tre prestar og folk rundt dei i den fiktive smabyen Milby. The Sad Fortunes of the Reverend Amos Barton kom først i eit blad og aret etter i bokform saman med dei to andre. Ein av desse, Mr Gilfil’s Love Story , har aldri vore omsett til norsk, medan Janet’s Repentance kom pa norsk i 1896 og Amos Barton i 1919.

Størst inntrykk gjer forteljinga om Janet Dempster, som vert fysisk og psykisk mishandla av sin drukkenbolt av ein mann. Konemishandling er eit uvanleg og uventa tema for den tidas fiksjon, og forteljinga vitnar om kva tilhøve nokre kvinner lever under. Med realisme og psykologisk truverd skildrar forfattaren korleis vald og misbruk bryt ned offeret mentalt, og at det kan vere lite hjelp a fa av samfunnet rundt.

Adam Bede

Alt i den første fulle romanen, Adam Bede , viser Evans forfattarhandverk av øvste klasse; boka er stram i struktur og evig aktuell i tematikken. Adam Bede er den trufaste handverkaren som forelskar seg i den vakre Hetty Sorrel, men ho føretrekk godseigarsonen som sjølvsagt sviktar nar det gjeld. Høg sosial status er ingen garanti for høg moralsk integritet, snarare tvert om. Boka gir ogsa eit gripande eksempel pa kor ulike vilkara var for kvinner og menn. Dei gjer det same misgrepet, og det kostar kvinna dyrt, medan mannen beheld sin samfunnsposisjon. Ein annan hovudperson er Dinah Morris, ein kvinneleg metodist predikant i ei tid da dei fleste kyrkjer ikkje slapp kvinner til pa talarstolen. Boka er omsett til norsk to gonger, i tillegg til eit lite utdrag ved Ivar Aasen .

Møllen ved Floss

Hovudpersonen i Møllen ved Floss , Maggie Tulliver, har mykje felles med forfattaren som barn og ung. Eit tett søskenforhold blir endra av at søstera tek dei gale vala og oppfører seg skandaløst i andre sine auge, og broren sviktar henne. Ho er ei dotter som prøver a oppna farens fulle kjærleik, eit motiv fra Mary Anns eige liv, og unge Maggie sitt sakn etter større oppgaver og vidare horisontar kjenner vi ogsa att. Etter fleire komplikasjonar i kjærleiksliv og vennskap endar det heile tragisk, men trass alt med forsoning mellom bror og søster. Romanen er omsett til norsk to gonger.

Silas Marner: Vevaren fra Raveloe

Silas Marner i Classics Illustrated serien.
Ein av dei mest populære av George Eliots romanar har ogsa kome i teikneserieversjon for barn. Det finnst ogsa to norske utgaver av denne
Silas Marner i Classics Illustrated serien.
Lisens: CC BY SA 3.0

Silas Marner: Vevaren fra Raveloe er ein svært velkomponert, kortare roman om ein bitter handverkar som isolerer seg fra verda etter a ha blitt svikta pa det grovaste av vener og kyrkjesamfunn og blir berga gjennom a adoptere eit lite barn. Den vesle jenta far som vaksen valet mellom sine to familiar, godseigaren eller vevaren, og vel det fattige livet med kjærleik, heller enn status, pengar og privilegium. Denne historia er blitt gjenfortald i mange versjonar og er ei av dei mest populære pa film. Boka er omsett til norsk to gonger, pluss i teikneserieform i Illustrerte Klassikere .

Romola

I motsetning til dei andre romanane har ikkje Romola handling fra engelsk 1800-tal, men i staden fra Italia pa 1490-talet. Hovudpersonen, den lærde kvinna Romola de Bardi, er fiktiv, men fleire andre personar er historiske, som dominikanmunken Savonarola, som ho blir inspirert av etter at ekteskapet skuffar henne. Dette er nok i dag ein av dei minst leste av Evans' romanar og har aldri vore omsett til norsk.

Felix Holt

Som fleire andre av bøkene er handlinga i Felix Holt lagt til 1830-talet og handlar om den unge medisinstudenten Felix Holt som sjølvproletariserer seg og arbeider som klokkemakar i smabyen Treby. Han blir innblanda i opprør og rettssak og far konkurranse om kjærleiken til Esther Lyon. Igjen inneheld handlinga kontrastar mellom samfunnsklassar og personar som ma velje kva klasse dei vil høyre til.

Middlemarch

Middlemarch på norsk
Middlemarch blei straks omsett til norsk og var ein populær føljetong i avisene. Det er stor skilnad pa bokformatet i 1873 og 1995
Middlemarch pa norsk
Lisens: CC BY SA 3.0

Middlemarch er ein typisk engelsk smaby rundt 1830, og folkelivet pa godt og vondt far stor plass i boka, sa vel som lokale og nasjonale politiske hendingar. Dorothea Brooke gjer det feilgrepet a gifte seg med presten Edward Causabon, ein pretensiøs og pedantisk mann som aldri blir ferdig med sitt sakalla storverk, ≪Nøkkelen til alle mytologiar≫. Dorothea er intelligent, idealistisk og from og trur dei skal samarbeide om noko stort, men prosjektet blir meir og meir meiningslaust og ektemannen kaldare og kaldare mot henne. Verkeleg kjærleik opplever ho i møte med den jødiske outsideren, Will Ladislaw, og som enke gir ho avkall pa formua for a gifte seg med han.

Romanen blei omsett til norsk aret etter han kom ut, gjekk som føljetong bade i Aftenposten og Bergensposten og vart sa trykt som bok. Sa gjekk det over 120 ar før boka kom i ny norsk utgave i 1995.

Daniel Deronda

Daniel Deronda er eigentleg jøde, men veks opp som engelsk gentleman utan a kjenne røtene sine. Han blir dradd mellom to svært ulike kvinner. Den eine er Gwendolen Harleth, som gambler bade med pengar og med livet sitt og giftar seg med ein rik sadist for a berge familiens økonomi. Den andre er Mirah Lapidoth, som syng sa vakkert, men er djupt ulukkeleg etter a ha mista kontakt med mora og blitt forsøkt seld for pengar av faren. Daniel greier a spore opp dei tapte familiane og finn ny meining i planane om eit eige heimland for a samle undertrykte, forfølgde og forakta jødar. Romanen er aldri blitt omsett til norsk.

George Eliot i Norge

Folk i Norge kunne lese nokre av Evans romanar i omsetting pa dansk fra 1859 og pa norsk fra 1873. Og norske elevar kunne lese forteljinga om Amos Barton pa engelsk (med forklaringar og innleiing) i ei skuleutgave sa tidleg som 1885. To titlar vart omsett til norsk medan forfatteren framleis levde, og i alt sju fram til 1919. Sa blei det stillare rundt namnet hennar, med unntak av 1950-og 1990-talet, da det kom nye omsettingar. Men vi merkar oss at Ivar Aasen var ein av dei første som prøvde a omsette henne til eit anna sprak. Alt i 1861 sat han og laga ein nynorsk versjon av eit utdrag fra Adam Bede , og kanskje likte han godt ≪landsmalet≫ hennar, som samstemte sa bra med hans eige arbeid for a samle dialektane til eit nytt sprak.

I nyare tid er berre to av romanane omsette pa nytt, og det er difor i dag i altfor liten grad mogleg a lese Mary Ann Evans pa norsk. For dei som vil vite meir om korleis Evans er blitt brukt her i landet, er der eit eige norsk kapittel i boka The Reception of George Eliot in Europe .

Omsettingar til norsk

Tittelbladet frå norsk 1895 omsetting.
Christian Bugge si omsetting hadde foto av forfattaren i begge bind
Tittelbladet fra norsk 1895 omsetting.
Lisens: CC BY SA 3.0

Scenes of Clerical Life fra 1857 ? ingen komplett norsk utgave, men to av forteljingane er trykt som eigne utgjevingar:

Adam Bede fra 1859 er omsett til norsk to gonger, pluss eit kort utdrag:

  • Av ≪Adam Bede≫ av George Eliot , 1861/1912, utdrag omsett av Ivar Aasen
  • Adam Bede , 1910, omsett av Anna Lassen (heile romanen)
  • Adam Bede , 1954, omsett av Sverre Brændeland (svært forkorta utgave)

The Lifted Veil fra 1859, kortroman:

  • Det løftede slør , 1878, anonym omsetting

The Mill on the Floss fra 1860 er omsett til norsk to gonger:

  • Møllen ved Floss , 1895?1896, omsett av Christian A. Bugge
  • Møllen ved Floss , 2002, omsett av Mona Lyche Ramberg

Silas Marner fra 1861 er omsett til norsk to gonger:

  • Silas Marner: Væveren fra Raveloe , 1892, anonym omsetting
  • Veveren fra Raveloe , 1950, omsett av Ruth Nissen-Drejer

Middlemarch fra 1871?1872 er omsett til norsk to gonger:

  • Middlemarch: En Fortælling af det engelske Provinsliv , 1873, anonym omsetting
  • Middlemarch: Bilder fra livet i provinsen , 1995, omsett av Mona Lyche Ramberg

Filmversjonar

Daniel Deronda
Daniel Deronda som fjernsynsserie i 2002
Daniel Deronda
Lisens: CC BY SA 3.0

Mellom 1911 og 1924 vart det laga fleire stumfilmar over Adam Bede, Daniel Deronda, Felix Holt, The Mill on the Floss, Romola og ikkje minst Silas Marner .

  • Adam Bede: 1992, regissert av Giles Foster, manus av Maggie Wadey, BBC -tv-film
  • Daniel Deronda : 1970, regissert av Joan Craft, BBC-miniserie; 2002, regissert av Tom Hooper , manus av Andrew Davies, BBC-miniserie
  • Middlemarch : 1968, regissert av Joan Craft, BBC-miniserie; 1994, regissert av Anthony Page, manus av Andrew Davis. BBC-miniserie
  • Middlemarch : The Series : 2017, regi og manus av Rebecca Shoptaw, fortald som video-dagbøker (vlog) i moderne amerikansk setting
  • The Mill on the Floss : 1936, regissert av Tim Whelan; 1978, regissert av Ronald Wilson, manus av James Andrew Hall, miniserie; 1997, regissert av Graham Theakston, manus av Hugh Stoddart, tv-film
  • Silas Marner : 1964, regissert av Harold Clayton, manus av Constance Cox, tv-serie; 1985, regi og manus av Giles Foster, Ben Kingsley i hovudrolla, tv-film

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Anderson, Amanda og Harry Shaw (red), A companion to George Eliot, Chicester: John Wiley & Sons, 2013.
  • Ashton, Rosemary: George Eliot : a life , 1996
  • Chase, Karen (red), Middlemarch in the Twenty-First Century , Oxford University Press, 2006.
  • Haight, Gordon S.: George Eliot : a biography , 1968
  • Hardy, Barbara: The novels of George Eliot : a study in form , 1959
  • Hughes, Kathryn, George Eliot: The Last Victorian , London: Fourth Estate, 1998.
  • Karl, Frederick R.: George Eliot : a biography , 1995
  • Levine, George, red.: The Cambridge companion to George Eliot , 2001
  • McKay, Brenda: George Eliot and Victorian attitudes to racial diversity, colonialism, Darwinism, class, gender, and Jewish culture and prophecy , 2003
  • Davis, Philip, The Transferred Life of George Eliot , Oxford University Press, 2017.
  • Shaffer, Eleanor og Catherine Brown (red.) The Reception of George Eliot in Europe , London: Bloomsbury, 2016.
  • Sørbø, Marie Nedregotten, ‘George Eliot in Norway: The Enthusiasm that Petered Out’, i The Reception of George Eliot in Europe , London: Bloomsbury, 2016, s. 134-153.

Kommentarar (2)

skreiv Kjetil Korslund

Det burde kanskje nevnes at hun hadde et langvarig vennskap med Herbert Spencer.

svarte Mari Paus

Takk for innspillet! Det kan hende, jeg vet ikke hvorfor artikkelforfatteren har valgt a ikke nevne dette. Du kan gjerne formulere et endringsforslag til artikkelen. Hilsen Mari i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar nar dei kan. Det kan ta tid før du far svar.

Du ma være logga inn for a kommentere.

eller registrer deg