한국   대만   중국   일본 
Yuan-dynastiet ? Wikipedia Hopp til innhald

Yuan-dynastiet

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xia-dynastiet
Sh?ng-dynastiet
Zh?u
Var- og haustannaltida Austlege Zh?u
Dei stridande statane
Qin-dynastiet
Vestlege Han Han
X?n
     Austlege Han

     Tang-dynastiet

(avbrote av Andre Zh?u )
Republikken Kina ( Taiw?n )

Yuan-dynastiet ( mongolsk Dai On Yeke Mongghul Ulus , pinyin Yuan Chao hanzi 元朝) var eit herskardynasti i Kina som offisielt varte fra 1271 til 1368 , og kalla Det mongolske dynastiet . Det er eitt av to dynasti i kinesisk historie grunnlagt av folkeslag som ikkje høyrer til Han-etnisiteten (det andre er Q?ng ). Dei fleste kinesarar i dag held dette dynastiet for a ha vore eit utanlandsk ak. Denne vurderinga skuldast delvis tradisjonell (nasjonalistisk) historieskriving.

Opphavet til det mongolske verdsriket [ endre | endre wikiteksten ]

Temudsjin, seinare best kjend som Djengis Khan , var stamfaren til alle herskarane i Yuan-dynastia. Han var son av Yesugei , stammehøvding for kiyadane ? ei av mange stammer i det oppsplitta Mongolia . I ung alder mista han faren som vart drepen av ei rivaliserande stamme. Dette utløyste ein stor borgarkrig. Til slutt sigra Temudsjin, og tok herskartittelen Wang Khan. Han utvikla ei skriftleg lov for alle mongolane , kalla Jassa , og kravde at ho vart følgt til punkt og prikke.

Temudsjin følgde opp med atak pa andre stammer i omradet og utvida heile tida makta si. Ved hjelp av ein kombinasjon av diplomati, organisasjon, militær dugleik og brutalitet klarte han det nær utenkelege, a samle alle dei mongolske stammene til eitt folk ( 1206 ). Under eit khuriltai (eit radsmøte for dei mongolske høvdingane) fekk han tittelen ≪allherskaren≫ ( Djengis Khan ). Dette vart byrjinga pa det som etter kvart vart kjent som Yuan-dynastiet, og som til a byrja med herska over Mongolia, store delar av noverande Russland og store delar av Sentral-Asia, men som seinare skulle verte avgrensa til Kina.

Mongolane angrip Kina [ endre | endre wikiteksten ]

Pa den tida dette khuriltai kom ihop var Djengis Khan alt i strid med det vestlege Xia . Dette utvikla seg til det fyrste av erobringstokta hans utanfor det mongolske kjerneomradet. I ar 1209 hadde han klart a knekke makta til Vest-Xia, trass i dei store vanskane han hadde med a innta dei godt verna byene i Xiaveldet. Dei inngjekk ein fredsavtale der Xia-keisaren underkasta seg Djengis Khan som overhovud.

Song-Kina , J?n-riket , Dali og Vestlege Xia ( Xi Xia pa kartet) i 1142 . Vest-Xia var ein del større da den mongolske invasjonen fann stad nokre generasjonar seinare.

Lenger nordaust i Kina stod J?n-dynastiet for tur; omrada deira var no dei som lag nærast. I 1211 ville Djengis Khan underlegge seg dette omradet fullstendig, og erklærte krig. Problema mongolane hadde hatt overfor Vest-Xia gjentok seg; ute i det fri sigra dei lett, men faste festningsverk hadde dei store vanskar med. Djengis sette da ned ei studiegruppe som var sett saman av folk fra hans eigen særs dyktige stab og med kinesiske ingeniørar som radgjevarar. Gradvis utvikla dei omleiringsteknikkar som etter fa ar skulle gje mongolane ry som dei beste omleirarane i krigshistoria.

Ei rekkje overveldande sigrar følgde, og i 1213 hadde Djengis Khan erobra og konsolidert grepet sitt om J?n-Kina sa langt som fram til den kinesiske muren .

Den mongolske hæren fossa sa vidare, i omradet mellom Den store muren og elva Huang He . Han kunne no fullstendig rasere store delar av Nord-Kina. I 1215 omleira, inntok, plyndra og brann styrkane til Djengis Khan J?n-hovudstaden Yanjing (seinare kjent som B?ij?ng ). J?n-keisaren, Xuan Zong , overgav seg derimot ikkje, men flytta hovudstaden sin til Kaifeng . Der vart etterfølgjaren hans nedkjempa, men det var ikkje før i 1234 .

Etter a ha brent den gamle J?n-hovudstaden bygde mongolane i 1267 sin eigen ≪storslegne hovudstad≫ ( Dadu ) eit kort stykke nordanfor. Det er denne byen som i skildringane til Marco Polo gar under namnet ≪Cambuluc≫. Ein reknar arsaka til at Kublai Khan, som ville verte keisar i Kina, valde denne staden fordi det lag nærare Mongolia enn nokre av dei mange meir tradisjonelle hovudstadane lenger sør i landet.

Mongolane festar grepet om herredømet over Kina [ endre | endre wikiteksten ]

Kinesisk portrett av Kublai Khan (1216-1294), i Kina kalla H?bilie (忽必烈)

Yuan-dynastiet vart formelt proklamert i 1271 , av barnebarnet til Djengis Khan , Kublai Khan . Det avløyste etter tradisjonell kinesisk historiografi Song-dynastiet , og maktovertakinga var fullbyrda i 1276 og dei siste nederlaga til Song-dynasti-tilhengjarane i 1279 med fallet til byen Guangzhou .

Bade det at dynastiet vart proklamert alt før Song-dynastiet hadde falle, og at mongolane valde a gje det eit kinesisk og ikkje mongolsk namn, viser noko av den politiske og militære teften til Kublai Khan. Kublai Khan vart prøvd pressa av radgjevarane sine til a utvide dei mongolske erobringane ytterlegare til og a omfatte Japan , Myanmar , Vietnam og Indonesia . Men det vart det aldri noko av.

Plyndringane til mongolane og herjingane deira under erobringskrigane førte naturleg nok til at den jamne kinesar var særs negativt innstilt til Yuan-dynastiet. Og mongolane var snare med a røve med seg sa pengar og anna, som om dei rekna med at styret deira ville verte kortvarig. Dette forsterka den negative innstillinga; det gode som Kublai Khan gjorde, fekk ikkje den positive merksemda som det nok elles ville ha fatt. I tillegg til reformer av landbruk og transportvesen bygde han sjukehus og utvikla eit matdistribusjonssystem for dei aller fattigaste. Han fremja og vitskap og religion.

De mongolske erobringane førte ikkje til forstyrringar i den kinesiske utanrikshandelen. Tvert imot var Yuan-dynastiet ivrig etter a fremje handelssambanda med dei arabiske landa, som dei og sjølv profitterte pa.

Nar det var flaten til Zheng He som matte til for a fa gjenoppretta desse sambanda under Ming-dynastiet , var det ikkje fordi Yuan-styret hadde brote desse sambanda. Arabarhandelen braut saman omtrent da Yuan-dynastiet ebba ut, og det var særleg fordi ein krigsherre ved namn Chen Youding da erobra Quanzhou og massakrerte den arabiske folkesetnaden der.

Mongolane regjerte fra Dadu (og kalla Khan-balyq ) skjønt keisaren heldt seg og med ein storslagen sommarresidens i Shangdu (utgangspunktet for legendariske Xanadu ). Karakorum gav herredømet legitimitet.

Dei mongolske garnisonane konsentrerte nærværet sitt om hovudstaden. I dei rike omrada rundt Jangtsekiang ( Yangzhou , Nanking , Hangzhou ) sette dei etter kort tid si lit til at kinesiske tropper under mongolsk kommando bevarte fred og kontroll. Dei kinesiske soldatane vart skifta ut annakvart ar, og spreidd rundt om i fjernare provinsar. Og offiserane vart regelmessig forflytta, slik at faren for konspirasjonar og opprør mot keisarmakta skulle vanskeleggjerast.

Eitt av fire mongolrike : Innan- og utanrikspolitisk hadde Yuan-dynastiet berre ein formell godkjenning. Der var stadige samanstøyt med mongolar som vart verande igjen ute pa steppelandet (den siste i 1360 ). Dertil kom at mongolregentane i vest, Den gylne horden og Il-khanatet førte sin eigen politikk fra respektive 1260 og 1295 og gjekk over til islam . Fra 1310 nyorganiserte det inntil da ustabile Tsjagatai-khanatet seg, slik at det pa 1300-talet var fire forskjellige mongolrike i Sentral- og Austasia.

Folkesetnad og folkeinndeling [ endre | endre wikiteksten ]

Omkring 1290 var folkesetnaden i Kina offisielt sett saman av 60 millionar sørkinesarar, 10 millionar nordkinesarar og 2 millionar mongolar og semuar. Ei tidlegare folketeljing fra 1235 oppgav 8,5 millionar busett i Nord-Kina, men da var enormt mange slavar og heimlause ikkje medrekna. Samanlikna med tida til J?n-dynastiet hadde Nord-Kina altsa vore gjennom eit dramatisk fall i folketalet.

Kublai Khan delte inn folkesetnaden i Kina i fire, og definerte delinga i lovboka Yuan-dian-zhang. Det let seg ikkje gjere i praksis a fasthalde denne delinga heilt.

  • Den øvste gruppa var dei kvite mongolane , inndelt i 72 stammegrupper. Alle dei høgaste embeta i riket var berre for dei.
  • Dei svarte mongolane ( Semu ) var dei folkegruppene som hadde støtta erobringa til mongolane av Kina. Gruppa omfatta særleg tyrkarar og turko-tatarar , men ogsa alaner og russarar . Dei svarte mongolane kunne drive handel, krevje inn skattar, lane ut pengar og vere middels høge embetsmenn.
  • Den tredje gruppa var nordkinesarane, kalla Han-ren . Til denne gruppa rekna ein dessutan kitanar , mandsjuar og koreanere . Dei fekk ha handverksyrke og kunne vere lagare embetsmenn, men kunne ikkje bli leiande offiserar.
  • Sørkinesarane ( Nan-ren ) utgjorde den fjerde og mest rettslause gruppa. Dei fekk ikkje ein gong verje seg mot slag, og vart palagde dei tyngste skattebyrdene. Men mongolane passa pa a ikkje konfiskere dei private faste eigedomane deira. Dermed kunne dei bevare nøytraliteten til dei rikare sørkinesarane. I staden beslagla dei alt det landet som Song-dynasti-kansleren Kia-se-tao hadde ekspropriert for staten, noko som ikkje medverka til a betre kara til den lagare bondestanden. Kinesarane hadde ikkje lov til a eige vapen eller hestar. Yrkesskifte eller ekteskap over desse gruppegrensene var forbode.

Handel, administrasjon, kulturelle nyvinningar [ endre | endre wikiteksten ]

Marco Polo hos Kublai Khan - miniatyr fra boka Marco Polos reiser

Yuan-styret representerte ein stagnasjon nar det vert sammenlikna med dei føregaande dynastiane. Likevel var det ei auke av transitthandel, og landet tok del i og drog nytte av den verdsvide kunnskapsutvekslinga. Islam fekk ein oppsving i provinsane Yunnan og Gansu , og to katolske bispedøme vart oppretta. Det fyrste var erkebispedømet Cambalue (B?ij?ng) i 1307 , og seks ar etter fekk Sør-Kina eit katolsk bispesete i den viktige hamnebyen Zaitun . (Den siste biskop av Zaitun vart drepen i 1362 , og Cembalue svann hen etter at erkebispen vart bortført i 1375 .

Under Guo Shuojing kom ei kalenderreform takka vere persisk innverknad. Irrigasjonssystema vart betra. Den store reisa til Marco Polo fann stad pa denne tida.

Mongolane var handelsorientert, noko som var eit brot med dei gamle kinesiske konfucianske ideala. Handelsfolket, som for det meste var muslimsk og organisert i handelslaug, fekk ei akta stilling i samfunnet. Mongolane stilte og joint-venture -kapital tilgjengeleg for dei, og gav dei ansvar for utviklinga av finansvesenet. Dette siste hadde og sine negative sider, sidan muslimane gjennomgaande ila høgare skattar enn det som var tradisjonelt i landet. Alt i 1239 hadde Abd al-Rahman dobla skattane, og finansminister Ahmed Fanakati (som vart myrda i 1282 ) hadde tredobla dei i løpet av tre ar.

Dei ikkje-kinesiske namna ovanfor er ingen tilfeldigheit: Det var ein gjennomgaande politikk a hente inn personar for dei viktigare embetspostane fra Midtausten , Sentral-Asia og til og med Europa sidan det ikkje let seg gjere a finne nok skikka mongolar. Kinesarane vart stort sett halde unna; men kinesarar kunne fa tilsvarande postar i omrade med gjennomgaande ikkje-kinesisk folkesetnad.

For a fremje handelen og betre forsyningssituasjon i Nord-Kina konstruerte ein i ara 1279 til 1294 det nordlege avsnittet av keisarkanalen . Han følgde ein ny kurs, sidan den gamle var for lang og dessutan ikkje lenger farbar for skip av vanleg storleik. Parallelt med dette nytta ein sjøvegen for a frakte rikdommane fra sør nordover.

Mongolane delte inn forvaltinga inn i det hemmelege statsradet (for forsvarssaker), sensorradet for oppsynet med embetsverket, og sentralsekreteriatet for alle sivile saker. Dette siste radet hadde seks avdelingar; for skatt, personal, ritar, krig, justis, og offentlege arbeider. Men mange av provinsane var relativt sjølvstendige, som framfor alt ( Gansu og Yunnan ). Forvalting var plaga av stadige maktkampar. Fleire ministrar og særleg dei mest omsynslause, matte bøte med livet (Ahmed Fanakati 1282 , Lu Shih-jung 1285 , Senge 1291 , Bayan 1340 , Toghta 1356 ).

Eit stort problem under mongoldynastiet var knytt til den gamle embetsmannseksamenen . Denne var ein berebjelke for kinesisk forvalting heilt sidan tida til Tang-dynastiet . Mongolane hadde innført eit eige slikt system i 1237 / 1238 etter rad fra Yelu Chutsai , men avskaffa det igjen nesten med det same. Det vart ikkje gjeninnført igjen før i 1315 av keisar Ayurparibatra . Nord- og sørkinesarane vart haldne nede, slik at dei enda opp med berre 30 % av stillingane. Og sjølve prøvene var for ein parodi a rekna samanlikna med dei tidlegare krava.

Belteplakett med drakemotiv fra Yuan-tida

Som under andre epokar der Kina vart regjert av framande makthavarar, innebar og Yuan-styret eit større kulturelt mangfald. Av dei viktigare kulturelle nyvinningane kan ein nemne utviklinga av kinesisk drama og kinesisk romanlitteratur, og ein aukande bruk av kinesisk daglegtale og skriftleg. Det mongolske storriket innebar ein blømande aust-vest-handel og ein del kulturell utveksling. Vestlege musikkinstrument gjorde kinesisk musikk rikare.

Under denne perioden gjekk mange kinesarar over til islam i dei nordvestlege og sørvestlege hjørna av landet. Nestorianisme og katolisisme nøyt godt av ein toleranseperiode. Tibetansk buddhisme segla i medvind, medan den tradisjonelle taoismen vart prøvd undertrykt av mongolane. Mongolane gjenopplivde dei konfusianske styringsskikkane og embetsmannseksamenane som kome i bakleksa under dei føregaande splittingane i tidlegare tider.

Det vart gjort store framsteg innan omrada reiselitteratur, kartografi, geografi og naturvitskapeleg danning. Visse viktige kinesiske innovasjonar, som trykketeknikkar, porselensproduksjon , spelkort og medisinske handbøker vart introdusert i Europa, medan framstilling av tynt glas og cloisonne vart populært i Kina.

Det beste porselenet vart - likesom under Song-dynastiet - produsert i Jingdezhen -omradet og andre stader i Sør-Kina. Den høge kvaliteten som den keisarlege porselen fra Jingdezhen oppnadde, har og samanheng med mistilliten mongolane hadde til kinesiske lærde. I staden for a engasjere dei i sentrale embete, vart dei gjerne sett til manuelt arbeid. Dei mest intelligente lærde vart truleg rekna som dei potensielt mest farlege. Det er derfor grunn til a tru at nettopp dei beste hjernane og dei dyktigaste kalliografane hamna nettopp i porselensindustrien.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]