Yousaf Raza Gillani
urdu
???? ??? ?????
|
|
|
Statsminister i Pakistan
|
Periode
| 28. mars 2008-no
|
---|
Parti
| Pakistans folkeparti
|
---|
Fødd
| 9. juni 1952 i
Karachi
i
Pakistan
|
---|
Fødestad
| Karachi
|
---|
Ektefelle
| Fauzia Gillani
|
---|
Barn
| Syed Makhdoom Abdul Qadir Gillani
- Ali Qasim Gillani
- Ali Musa Gillani
- Ali Haider Gillani
- Fiza Gillani
|
Yousaf Raza Gillani
(
fødd
9. juni
1952
) er ein
pakistansk
politikar som varstatsminister i Pakistan fra 2008 til han blei avsett av
den pakistnaske høgsteretten
i 2012.
Makhdoom
Syed
Yousuf Raza Gillani var fødd i
Karachi
og seinare busett i
Multan
i
Panjab
. Han kjem fra ein viktig
sjiafamilie
i omradet. Gjennom faren skal han stamma fra
Syed Musa Pak
, ein andeleg leiar i Multan som opphavleg kom fra den iranske provinsen
Gilan
.
Gillani blei utdanna ved La Salle High School i Multan. Han fekk graden Bachelor of Arts i 1970 og Master of Arts i journalistikk fra
University of the Punjab
i 1976.
Yousaf Raza Gillani er gift med Fauzia Gillani. Han har fire søner (tre av dei trillingar) og ei dotter.
[1]
Yousuf Raza Gillani byrja driva med politikk etter at faren døydde i 1978, under unntakstilstanden innført under general
Zia-ul-Haq
. Han blei med i
Pakistan Muslim League
, og kom etterkvart inn i sentralkomiteen til partiet. Under den trearige regjeringa til
Muhammad Khan Junejo
var han med i regjeringa, som
Minister of Housing and Works
fra april 1985 til januar 1986 og jernbaneminister fra januar 1986 til desember 1986.
Fra 1988 har Gillani vore med i
Pakistans folkeparti
(PPP). I
Benazir Bhutto
si regjering fra 1988 til 1990, var Gillani igjen minister: Turistminister fra mars 1989 til januar 1990 og
Minister of Housing and Works
igjen fra januar 1990 til august 1990.
Under Benazir si regjering fra 1993 til 1996 blei Gillani vald som president i nasjonalforsamlinga i Pakistan, som han var fram til februar 1997. Han har ogsa vore vald som parlamentsmedlem fleire gonger som representant for Multan.
11. februar 2001 blei Yousaf Raza Gillani arrestert pa grunn av mistanke fra National Accountability Bureau (NAB), regjeringa sitt
antikorrupsjonsbyra
, etter pastandar om misbruk av makt mens han var president i nasjonalforsamlinga. Gillani blei skulda for a ha leigd inn sa mange som 600 personar fra sitt valdistrikt, og skaffa dei offentlege jobbar.
[2]
NAB hevda at Gillani med dette sørgde for tap pa 30 millionar rupiar arleg.
[3]
Han blei dømd av ein antikorrupsjonsrett danna av president
Pervez Musharraf
og sat nesten seks ar i fengsel.
[4]
Rettssaka blei oppfatta av mange som politisk motivert. PPP var i opposisjon til president Musharraf, som hadde lagt ut pa ein kampanje for a fa partimedlemmer til a skifta side. Gillani slapp fri 7. oktober 2006. Han nekta for at lauslatinga var ein del av avtalen mellom PPP og militærregimet, sjølv om den opphavlege straffa var pa 10 ars fengsel.
[5]
I
Parlamentsvalet 2008
slo Gillani leiaren for
PML-Q
Sikandar Hayat Bosan
. Dei to største partia
Pakistan Peoples Party
og
Pakistan Muslim League (N)
blei etter møte mellom
Asif Ali Zardari
og
Nawaz Sharif
den
21. februar
einige om ein felles plattform for a danna ei ny regjering saman.
[6]
9. mars skreiv dei under pa ein avtale som fastsette samansetjinga av ein koalisjonsregjering der PPP fekk statsministertaburetten.
[7]
Gillani blei nominert som statsminister av koalisjonspartia den 22. mars 2008.
[8]
24. mars blei han vald av Pakistan si nasjonalforsamling til ny statsminister med overveldande fleirtall.
[9]
Dagen etter byrja han i stillinga.
[10]
Da Gillani fekk stillinga kom han med fleire lovnader for dei første hundre dagane ved makta, som a innføra ein lov om informasjonsfridom, senka offentleg pengebruk pa parlamentet og folkevalde, forbetra
vatningskanalar
, innføra eit felles pensum for
koranskular
, fa til avtalar med stammefolk og forhandla med ekstremistar som er villige til a 'velja den fredelege vegen'.
3. september 2008 blei Gillani utsett for eit
attentatforsøk
da ukjende gjerningsmenn skaut mot kortesjen hans nær
Rawalpindi
.
Ved utgangen av 2008 blei Gillani vald som ein av arets pakistanarar i ei internettavstemming halden av
The Financial Daily
.
[11]
- ↑
Dawn: 'Would-be premier: a profile'
, 23. mars, 2008
- ↑
Jane Perlez.
'Pakistani Party’s Leader Chooses a Prime Minister'
The New York Times
. 22. mars 2008
- ↑
Muhammad Najeeb.
'Top PPP leader held for graft'
Tribune India
, 12. februar 2001
- ↑
'Gillani convicted to 5-year RI'
Dawn Newspaper
, 8. juni 2002
- ↑
Naveed Siddiqui.
'Release not part of deal: Gillani'
The Nation
, 7. oktober 2006
- ↑
VG: Pakistanske opposisjonspartier enige om regjering
, 21. februar 2008
- ↑
Aftenposten: Koalisjonsavtale signert i Pakistan
, 9. mars 2008
- ↑
BBC News: PPP names choice for Pakistani PM
, 22. mars 2008
- ↑
VG: Bhutto-medarbeider blir statsminister i Pakistan
, 24. mars 2008
- ↑
VG: Ny statsminister innsatt i Pakistan
, 25. mars 2008
- ↑
TFD's People of The Year
, arkivert fra
originalen
4. desember 2013
, henta 6. mai 2010