한국   대만   중국   일본 
Wolfgang Amadeus Mozart ? Wikipedia Hopp til innhald

Wolfgang Amadeus Mozart

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Wolfgang Amadeus Mozart

Wolfgang Amadeus Mozart (1756?1791). Portrett mala av Johann Georg Edlinger , truleg i Munchen kring 1790 . Dette biletet er rekna som eit av dei mest realistiske portretta av Mozart.
Fødd 27. januar 1756
Fødestad Salzburg
Død 5. desember 1791 (35 ar)
Dødsstad Wien , Rauhensteingasse
Fødenamn Johannes Chrysostomus Wolfgangus Theophilus Mozart
Opphav Salzburg erkebispedømme
Aktiv 1761–1791
Sjanger Klassisismen , Sardana , kammermusikk , opera , symfoni
Instrument orgel , klavikord , cembalo , hammerklaver , fiolin , bratsj , piano , pipeorgel
Verka som komponist , musikkpedagog , pianist , musikar , organist , fiolinist
Mor Anna Maria Mozart
Far Leopold Mozart
Gift med Constanze Mozart
Born Karl Mozart , Franz Xaver Wolfgang Mozart
Prisar Den gylne spores orden

Wolfgang Amadeus Mozart ( 27. januar   1756 5. desember   1791 ) var ein austerriksk musikar og komponist. Mozart er kjend som vedunderbarn og komponist av mange ulike musikkstykke innan klassisistisk stil. Han skreiv nokre av høgdepunkta innan opera , symfoniar , instrumentkonsertar og kor -, piano - og kammermusikk .

Liv og virke [ endre | endre wikiteksten ]

Barndom [ endre | endre wikiteksten ]

Mozart som seksaring i klede han var blitt gjeven ved hoffet i Wien.

Mozart var fødd i Salzburg , i det sjølvstendige erkebiskopdømet Salzburg , og blei døypt Johannes Chrysostomus Wolfgangus Teophilus ( Gottlieb ) Mozart dagen etter at han blei fødd. Foreldra var Anna Maria Pertl Mozart og Leopold Mozart , ein leiande europeisk musikk pedagog . Han tok til a undervisa sonen i klaver - og seinare fiolinspel fra han viste musikalsk talent som trearing.

Bade Mozart og den eldre systera Maria Anna blei dyktige musikarar, og reiste pa konsertturnear til fleire av hoffa i Europa. Gjennom dette blei Mozart kjend med stordommar som Johann Christian Bach , som skulle bli ein viktig paverknad. Familien blei og utsett for fleire epidemiar som herja Europa pa denne tida, og mora døydde av feber i Paris i 1778.

Den unge Wolfgang Amadeus var ein uvanleg dyktig musikar. Allereie som sjuaring kunne han spela kva stykke som helst fra bladet, transponera utan vidare, improvisera ariar over ei gjeven basstemme og komponera pa staden. Forteljinga om korleis Mozart skreiv ned det hemmelege, nistemmige stykket Miserere av Gregorio Allegri er blitt noko nær ei legende som skildrar kor gaverik han var. Dette stykket var berre tillate a framføra i det sixtinske kapellet , og dei hemmelege notane fanst berre der. Den trettenarige Mozart skreiv ned notane etter a ha høyrd det framført ein gong, og kom tilbake neste dag for a retta nokre smafeil.

Karriere [ endre | endre wikiteksten ]

Statue av Mozart i Burggarten i Wien .

Allereie i tenara var Mozart i ulike periodar tilsett ved hoffkapellet i Salzburg, som konsertmeister hos prins-erkebiskopen av Salzburg . Han heldt stillinga si der fram til 1781(25 ar gammal), da han i lengre tid hadde oppfatta ho som trong og lite gjevande. Etter brotet med arbeidsgjevaren i Salzburg, bestemde han seg for a flytta til Wien for a prøva seg som frilansmusikar og fri kunstnar, noko som for sa vidt var eit spenstig val pa den tida. Han blei til a byrja med ein populær komponist blant adelen i Wien, og spelte ofte piano sjølv pa pianokonsertane han skreiv for a marknadsføre seg for wienerpublikummet. Trass i forholdsvis god tilgang pa arbeidsoppdrag og elevar, hadde Mozart stadig økonomiske problem, bade fordi han ikkje alltid fekk betalt for arbeidet sitt og fordi han ofte sløste vekk dei pengane han hadde. Sjukdommar og depresjonar gjorde og livet vanskeleg for komponisten.

I 1782 gifta han seg med Constanze Weber, eit søskenbarn av komponisten Carl Maria von Weber . Dei fekk seks ungar, men berre to av dei voks opp. Pa denne tida blei han og ven med Joseph Haydn og blei vald inn i same frimurarlosjee som han. Religiøs symbolikk og samfunnskritikk med opphav her kan finnast igjen i operaene Tryllefløyta og Figaros bryllaup .

Etter a ha gjort stor suksess med operaen Figaros bryllaup i Praha , blei Mozart tilboden stillinga som keisarleg kammerkomponist da han kom tilbake til Wien i 1787 . Tre ar seinare blei han kapellmeister ved Stefansdomen i Wien . I dei seinare ara sine sleit han meir med a fa wienerpublikummet til a lika musikken sin. Musikken han skreiv vart meir og meir oppfatta som "musikk for musikkjennarar" og for komplisert for malgruppa. I 1791 komponerte han Tryllefløyta , enda eit verk han gjorde større suksess med i Praha enn i Wien. Da han skreiv denne operaen, hadde han berre to manader igjen a leva. Mozart døydde savidt 36 ar gammal, av ein ukjend sjukdom, medan han arbeidde pa det siste, ufullenda verket sitt, Requiem . Dette var eit bestillingsverk fra ein anonym person, men Mozart skal likevel ha følt at han skreiv Requiem som ei dødsmesse til seg sjølv.

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

Mozart er ein sentral representant for klassisismen innan musikken, saman med komponistar som Haydn og Beethoven . Ein finn alle dei viktige elementa i stilen igjen i musikken hans: Balanse, klarleik og ukompliserte harmoniar . Utviklinga hans liknar utviklinga til musikkstilen, fra eit enkelt tonesprak brukt av mellom anna Sammartini og Stamitz , til ein mogen stil der kontrapunktteknikkar fra barokken var fletta inn.

Fra han var liten hadde Mozart talent for a etterlikna musikken han høyrde, og dei mange turnereisene hans gjorde at han fekk høyra mange ulike stilar som han samla i eit særeige komposisjonssprak. Som barn i London møtte han Johann Sebastian Bach og hans musikk, i Paris , Wien og Mannheim møtte han musikarar og komponistar derfra. Paverknaden fra italienske ouverturer og humoristisk opera buffa er tydelege i musikken hans.

Mozart komponerte innan nær alle dei store sjangrane, som symfoniar , opera , kammermusikk og soloinstrumentkonsertar , der han særleg utvikla pianokonsertar og gjorde dei populære blant folk. Han skreiv religiøs musikk, som messer , og lett underhaldning, som dansar og serenadar . Pa same mate som Franz Schubert er Mozart kjend for a ha skapt enkle melodiar som sit lett i minnet.

Verkliste [ endre | endre wikiteksten ]

For meir om dette emnet, sja musikkverk av Wolfgang Amadeus Mozart .

Den austerrikske musikkforskaren Ludwig von Kochel laga ei kronologisk-tematisk liste over alle verka til Mozart som var kjende. Det er gjort endringar seinare, men komposisjonane 1-626 blir som regel gjevne med K- eller Kochel-nummer.

Solo- og kammermusikk [ endre | endre wikiteksten ]

Orkestermusikk [ endre | endre wikiteksten ]

Symfoniar [ endre | endre wikiteksten ]
Solokonsertar [ endre | endre wikiteksten ]

Vokalmusikk [ endre | endre wikiteksten ]

Operaer [ endre | endre wikiteksten ]
Messer [ endre | endre wikiteksten ]
  • Exsultate, jubilate , K. 165
  • Kronungsmesse i C-dur, K. 317
  • ≪Groß≫ messe i c-moll, K. 427
  • Ave verum corpus , K. 618
  • Requiem i d-moll, K. 626

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikifrasar Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: Wolfgang Amadeus Mozart
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Wolfgang Amadeus Mozart
Commons har multimedium som gjeld: Wolfgang Amadeus Mozart