Wenzhou

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Wenzhous plassering i Zhejiang
Statue i Wenzhou

Wenzhou ( kinesisk skrift 溫州, pinyin W?nzh?u ) er eit byprefektur som ligg heilt sør i provinsen Zhejiang ved kysten av Kina mot Austkinahavet . Prefekturet har eit areal pa 11 784 km2, folketalert vart i 2007 berekna til 7 645 700. Om lag 1 423 600 menneske budde i sjølve byen.

Byprefekturet Wenzhou omfattar tre distrikt, to byfylke og seks fylke.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Hamnebyen vart grunnlagd pa 300-talet e.Kr., med namnet Yongjia. Under Tang-dynastiet vart han eit prefektur. Namnet Wenzhou fekk prefekturet og byen i 675.

Wenzhou vart opna for utanrikshandel i 1876. Pa 1800-talet utvikla byen seg til ei viktig hamn for kinesisk teeksport . Under den andre sino-japanske krigen var Wenzhou ei av fa hamner som ikkje vart okkupert av japanarane . Byen spela ei stor rolle for kinesarane til japanarane trekte seg ut. I ara etter utvikla byen seg lite, før kysthandelen byrja auke kringom 1955. I seinare ar har byen vakse til stor velstand. Wenzhou kolkraftverk ligg her.

Wenzhou er fødeby til mange handelskinesarar i Europa og USA . [ treng kjelde ]

Samferdsle [ endre | endre wikiteksten ]

Kinesisk riksveg 104 gar gjennom prefekturet. Han tek til i Beijing og garr sørover via Dezhou , Jinan , Xuzhou , Nanjing , Hangzhou , Wenzhou og endar opp i Fuzhou .

Riksveg 330 gar nordvestover fra Wenzhou i Zhejiang til Shouchang i Jiande i same provinsen.

Styresmakter [ endre | endre wikiteksten ]

Leiaren for lokallaget til Kinas kommunistparti er Chen Weijun (??俊), og borgarmeisteren er Yao Gaoyuan (姚高?) (2019).

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]