한국   대만   중국   일본 
Viola d’amore ? Wikipedia Hopp til innhald

Viola d’amore

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Viola d'amore )
Viola d’amore

Klassifisering gambefamilien, barokkinstrument
Hornbostel-Sachs klassifisering 321.322-71
Fransk viole d'amour ( Paris 1760 )

Viola d'amore (fra italiensk ), og kalla viole d'amour (fra fransk ), er eit strykeinstrument med 6?7 vanlege strenger og oftast og 7?14 resonansstrenger med ein del fellestrekk med gambefamilien pa den eine sida og fiolinfamilien pa den andre.

Særtrekk ved instrumentet [ endre | endre wikiteksten ]

Fellestrekk med gambefamilien [ endre | endre wikiteksten ]

Fellestrekk med gambefamilien er den flate klangbotnen og den ≪lutaksla≫ overgangen mellom kroppen og halsen . Av meir kosmetiske fellestrekk kan nemnast det utskorne hovudet over stemmeskruane .

Fellestrekk med fiolinfamilien [ endre | endre wikiteksten ]

Fellestrekk med fiolinfamilien er mangelen av tverrband pa gripebrettet og spelematen ? med instrumentet vassrett mot kragebeinet eller halsen pa musikaren. Storleiken av ein viola d'amore svarar om lag til ein bratsj .

Strenger [ endre | endre wikiteksten ]

Vanlege strenger og resonansstrenger [ endre | endre wikiteksten ]

Fremst: viola d'amore fra midten av 1700-talet . (Fra samlingane at Kongressbiblioteket i USA .)

Viola d'amore har vanlegvis sju vanlege strenger, men seks strenger er ikkje uvanleg. Dei aller tidlegaste instrumenta fra 1600-talet har vanlegvis ikkje resonansstrenger, og dei vanlege strengene er av metall. 1700-talsinstrumenta har vanlegvis tarmstrenger , og det er i tillegg gjerne sju til fjorten resonansstrenger . Ein reknar med at resonansstrengene pa viola d'amore er ei direkte kjelde til resonansstrengene pa hardingfela , men det bør ikkje gløymast at det og fanst vanlege fiolinar med resonansstrenger pa kontinentet kring ar 1700 .

Stemming [ endre | endre wikiteksten ]

Det finst ikkje noka standardstemming for instrumentet, men instrumentet blir stemt i tersar , kvartar og kvintar ut fra kva toneart ein spelar i og kva spesielle effektar ein ønskjer a fa fram. Den mørkaste strengen er oftast stemt d og den lysaste strengen er oftast stemt d".

Pa grunn av ein kombinasjon av lett strengetrykk pa dei vanlege strengene og klangen fra resonansstrengene har viola d'amoren ei utprega mjuk og overtonerik klang. Leopold Mozart skreiv i Versuch einer grundlichen Violinschule , at dette instrumentet kling ≪særleg sjarmerande i stilla om aftanen.≫

Bruk [ endre | endre wikiteksten ]

Barokken [ endre | endre wikiteksten ]

Viola d'amore var særleg mykje bruka sist pa 1600-talet , sjølv om det til og med pa den tida var lite sannsynleg a finne musikarar som hadde spesialisert seg berre pa dette instrumentet. dei fleste viola d'amore-spelarane spela det truleg som ei bigrein av eit anna instrument ? pa liknande vis som vare dagars musikarar gjerne kombinerer tverrfløyte og pikkolofløyte eller obo og engelsk horn .

Lite bruka pa 1800-talet [ endre | endre wikiteksten ]

Seinare gjekk instrumentet stort sett or bruk, sjølv om det finst isolerte eksempel pa bruk av instrumentet pa 1800-talet .

Renessanse for viola d'amore pa 1900-talet [ endre | endre wikiteksten ]

Tidleg pa 1900-talet vart det noko interesse for viola d'amore att, og bratsjistane Henri Casadeus og Paul Hindemith spela begge viola d'amore først pa arhundret. Filmkomponisten Bernard Herrmann bruka viola d'amore i fleire verk. Leo? Jana?ek bruka og dette instrumentet i operaen Ka?a Kabanova , der viola d'amoren representerer tittelkarakteren .

Tidleg musikk-rørsla [ endre | endre wikiteksten ]

Instrumentet er og bruka i musikkensemble som spesialiserer seg i historisk nøyaktig framføring av barokkmusikk , slik som til dømes ensemblet Tafelmusik .

Repertoar [ endre | endre wikiteksten ]

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]