한국   대만   중국   일본 
Vigsel ? Wikipedia Hopp til innhald

Vigsel

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Giftarmalet mellom Maria og Josef mala av Giotto di Bondone .

Vigselen er eit ritual som symboliserer opprettinga av ekteskapet i dei fleste kulturar, mellom anna kristen tradisjon. Pa folkemunne seier ein gjerne at ein giftar seg .

Ein vigsel er som regel ein seremoni styrt av ein representant for styresmaktene eller eit trussamfunn . Dei som skal innga ekteskapet stadfester at dei vil dette, anten munnleg, ved a skriva under pa ei kontrakt , eller ved ei særskild handling. Med pa vigselen er ofte familie og vitne .

Etter det formelle er det vanleg a halda ei stor bryllaupsfeiring . Dagen for bryllaupet kan og markerast i seinare ar. Bryllaupsdagen er eit privat jubileum for dei som har gifta seg, og kan vera grunn til feiring ved runde arstal.

Løftet [ endre | endre wikiteksten ]

Ein vigsel blir ofte markert ved at dei som gifter seg trer gifteringar pa fingrane til kvarandre.

I Noreg kan ein gifte seg borgarleg, som er eit ikkje-religiøst giftarmal som etter 1. januar 2018 kan ga føre seg hja kommuneadministrasjonane i staden for hja tingrettane (sorenskrivarane) som tidlegare, eller i eit ikkje-religiøst livssynssamfunn med offentleg vigselsrett. Eller ein kan gifta seg i eit kristent eller anna religiøst trussamfunn som har offentleg vigselsrett.

I dei fleste former for ekteskapsvigsel er det vanleg a love truskap til maken i ≪gode og vonde dagar≫ heilt til ≪døden skil oss fra kvarandre≫ . Denne lovnaden er eit uttrykk for eit ynske om a halde saman resten av livet med den personen ein giftar seg med, uansett kva som matte hende. Difor vert det sagt at ekteskapet er det sterkaste bandet eit menneske kan knyte til eit anna.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]