한국   대만   중국   일본 
University of Richmond ? Wikipedia Hopp til innhald

University of Richmond

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
University of Richmond

Grunnlagt 1830
Stad Virginia
Studentar 4 361, 3 637 (1. september 2021)
Tilsette 1 889 (september 2020)
Medlemskap Digital Library Federation
Nettstad http://www.richmond.edu (engelsk)

University of Richmond er ein utdanningsinstitusjon i utkanten av Richmond i Virginia i USA . University of Richmond er ein privat utdanningsinstitusjon og har eit særleg fokus pa grunnivaet av høgare studiar. Det blir rekna som eit liberal arts - college, og nar gjennomgaande høgt i nasjonale rangeringar. Universitet har rundt 4000 studentar og er oppdelt i fem skular: School of Arts and Sciences, E. Claiborne Robins School of Business, Jepson School of Leadership Studies, TC Williams School of Law og School of Continuing Studies. Universitetet blei grunnlagd i 1830. Under den amerikanske borgarkrigen nytta ein bygningane til universitetet som sjukehus og kasernar for konføderasjonstroppar. Universitetet blei utnemnd til det 12. beste private universitetet i USA i 2011. [1]

University of Richmond har ein tydeleg internasjonal profil, og har samarbeid med mange prestisjefulle universitet rundt om i verda, som London School of Economics , University of Oxford , Handelshogskolan i Stockholm , Bocconi universitet og Sciences Po . University of Richmond har og eit aktivt studentliv med over 250 studentforeiningar og sterke tradisjonar.

E. Claiborne Robins School of Business ved universitetet har vore rangert nummer tolv av dei beste Undergraduate Business Schools i USA. [2]

T.C. Williams School of Law ved University of Richmond blei i mars 2011 rekna som den 67. beste jusskulen i USA. [3]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: University of Richmond