한국   대만   중국   일본 
Den USA-amerikanske hæren ? Wikipedia Hopp til innhald

Den USA-amerikanske hæren

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra United States Army )
United States Army, U.S. Army

Emblemet til den USA-amerikanske hæren
Type Hær
Skipa 14. juni 1775/3. juni 1784
Stab 546 047 aktivt personell
559 244 reserve- og nasjonalgardepersonell
1 105 301 til saman (2012) [1]
Medlemmer 1 018 000
Motto ≪This We'll Defend≫
Nettstad https://army.mil   Sjå dette på Wikidata

Den USA-amerikanske hæren er ein profesjonell hær som har hovudansvaret for USA sine militære operasjonar pa land. Hæren har nytta vernepliktpersonell ved tre større konfliktar: Andre verdskrigen , Koreakrigen og Vietnamkrigen .

Representantar fra hæren (med flagg og fanet til venstre) under ein seremoni under ≪Dagen for dei væpna styrkane≫ ved Pentagon 18. mai 2000.

Hæren kan føra røtene sine attende til 14. juni 1775 , da Den kontinentale hæren vart skipa av Dei tretten koloniane for a ta del i fridomskampen mot dei britiske koloniherrane . Etter at USA fekk sitt sjølvstende, vart Den kontinentale hæren lagt ned, og Kongressen oppretta den nye nasjonale hæren 3. juni 1784 .

I 2012 hadde hæren rundt 1,1 millionar medlemmer, 546 047 personar som aktivt personnel og 559 244 i reservestyrkane eller nasjonalgardepersonnel . [1]

Hæren vert styrt av det amerikanske hærdepartementet som ligg under Det USA-amerikanske forsvarsdepartementet . Den høgaste og sivile leiaren for hæren er hærministeren (Secretary of the Army, SECARMY eller SA), som sidan 2009 har vore John M. McHugh . Den høgast rangerte offiseren i departementet er hærstabssjefen (Chief of Staff of the Army), sidan 2011 Raymond T. Odierno , medan den høgaste rangerte offiseren i heile det amerikanske forsvaret er Chairman of the Joint Chiefs of Staff , sidan 2011 Martin Dempsey .

Inndelingar [ endre | endre wikiteksten ]

Den noverande inndelinga av hæren omfattar 10 aktiver divisjonar og fleire sjølvstendige einingar.

Engelsk namn Norsk namn Hovudkvarter
1st Armored Division
1. panserdivisjon Fort Bliss i Texas
1st Cavalry Division
1. kavaleridivisjon Fort Hood i Texas
1st Infantry Division
1. infanteridivisjon Fort Riley i Kansas
2nd Infantry Division
2. infanteridivisjon Camp Red Cloud i Sør-Korea
3rd Infantry Division
3. infanteridivisjon Fort Stewart i Georgia
4th Infantry Division
4. infanteridivisjon Fort Carson i Colorado.
10th Mountain Division
10. fjelldivisjon Fort Drum i New York
25th Infantry Division
25. infanteridivisjon Schofield Barracks pa Hawaii
82nd Airborne Division
82. luftborne divisjon Fort Bragg i Nord-Carolina
101st Airborne Division
101. luftborne divisjon Fort Campbell i Kentucky
173rd Airborne Brigade Combat Team
Vicenza i Italia
2d Stryker Cavalry Regiment
Vilseck i Tyskland
3d Armored Cavalry Regiment
Fort Hood i Texas
11th Armored Cavalry Regiment
Fort Irwin i California

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Spire Denne militærartikkelen som har med USA a gjere, er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .