한국   대만   중국   일본 
Ungdom mot EU ? Wikipedia Hopp til innhald

Ungdom mot EU

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Ungdom mot EU

Type forening/lag/innretning
Org.nummer 871280142
Skipa 17. februar 1991
Hovudkontor Oslo
Tilsette Sjå dette på Wikidata
Medlemmer 950
Motto For folkestyre, miljø og solidaritet
Nettstad https://www.umeu.no/   Sjå dette på Wikidata

Ungdom mot EU ( UmEU ) er ein tverrpolitisk ungdomsorganisasjon som jobbar mot norsk medlemskap i Den europeiske unionen . UmEU vart skipa 17. februar 1991 med Olav Sannes Vika som leiar. Frankie Solberg Rød fra Sarpsborg er leiar i perioden 2020-2021. [1] [2] UmEU er ungdomsorganisasjonen til Nei til EU , og deler kontorlokale med dei i Oslo. Organisasjonen har aktivitet i dei fleste fylke.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Organisasjonen vart skipa i Oslo under namnet Ungdom mot EF ved eit skipingsmøte 17. februar 1991. Den første leiaren var Olav Sannes Vika, og Janne E. Johannessen var valt som første nestleiar. Organisasjonen bestod fra byrjinga av ein brei allianse av ungdommar fra forskjellige politiske organisasjonar og parti. Mange medlemmer hadde tidlegare erfaring fra lokale studentlag og organisasjonar som Norges Bygdeungdomslag og Natur og Ungdom . Allereie ved det andre landsmøtet i februar 1992 hadde Ungdom mot EF 4000 medlemmer fordelt pa over 100 lokallag. [3]

I forkant av folkerøystinga i 1994 arbeida organisasjonen med a overbevise den norske ungdommen om a ta eit standpunkt mot norsk EU-medlemskap. I oktober same ar lanserte Ungdom mot EU ein kampanje under parolen ≪Vi vil velge var egen framtid≫. AUF , KrFU , Unge Venstre , Norges Bygdeungdomslag , Senterungdommen , Sosialistisk Ungdom , Juvente , og Natur og Ungdom var blant ungdomsorganisasjonane som slutta seg til denne kampanjen. Ungdomskampanjen mot EU resulterte i over 60 prosent oppslutning mot norsk EU-medlemskap fra elevar i dei vidaregaande skulane ved skulevala november 1994. Engasjementet i Ungdom mot EU nadde sitt historiske toppunkt pa denne tida, da organisasjonen bestod av over 20 tilsette og 7418 betalande medlemmer under 25 ar. [3]

Leiarar i Ungdom mot EU [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Kjøllesdal, Bente (23. april 2020), ≪Den nye leiaren i Ungdom mot EU: ? Befolkninga kan altfor lite om EU≫ , Framtida (pa engelsk) , henta 5. november 2020  
  2. Bjørnstad, G. ≪Frankie (20) fra Skjeberg ny leder i Ungdom mot EU≫, Sarpsborg Arbeiderblad 21.04.2020.
  3. 3,0 3,1 Seierstad, D (2014). Folket sa nei: Norsk EU-motstand fra 1961 til i dag . Oslo: Samlaget. s. 81-82,106-107, 233-236.  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]