한국   대만   중국   일본 
Uli Stielike ? Wikipedia Hopp til innhald

Uli Stielike

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Uli Stielike
Uli Stielike pa en pressekonferanse føre ein privatlandskamp med Iran i 2014
Personleg informasjon
Fullt namn Ulrich Stielike
Fødselsdato 15. november 1954 (69 ar)
Fødestad Ketsch i Vest-Tyskland
Høgd 176 cm
Posisjon Midtbane, Sweeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Tianjin Teda (trenar)
Seniorkarriere*
Ar Lag Kampar ( Mal )
1972-1977 Borussia Monchengladbach 109 (12)
1977-1985 Real Madrid 215 (41)
1985-1988 Neuchatel Xamax 66 (0)
Totalt 390 (53)
Landslag
1975-1984 Vest-Tyskland 42 (3)
Trenar for
1989-1991 Sveits
1992-1994 Neuchatel Xamax
1994-1995 Waldhof Mannheim
1996 Almeria
1998-2000 Tyskland (assistenttrenar)
2000-2006 Tyskland (U19 / U20 / U21)
2006-2008 Elfenbeinskysten
2008 Sion
2008-2010 Al-Arabi
2010-2012 Al-Salliya
2013-2014 Al-Arabi
2014-2017 Sør-Korea
* Seniorklubbkampar og mal berre telt for nasjonal liga

Ulrich Stielike , kjend som Uli Stielike , ( fødd  15. november   1954 ) er ein tysk tidlegare fotballspelar og -trenar fra Ketsch i Baden-Wurttemberg . Han var ein mykje stødig midtstoppar og/eller defensiv midtbanespelar som vart europameister med Vest-Tyskland i 1980 og dessutan vann ei mengd pokalar med Borussia Monchengladbach , Real Madrid og Neuchatel Xamax. Stielike er, saman med Rainer Bonhof og Manfred Kaltz , dei einaste som har spelt finale i bade VM-, EM-, europacupen, cupvinnarcupen og UEFA-cupen .

Klubbspel [ endre | endre wikiteksten ]

Stielike fekk kontrakt med det vesttyske topplaget Borussia Monchengladbach i 1973 og spelte pa laget i fire og eit halvt ar. Gjennom desse sesongane var han med a vinne bundesligaen tre ar pa rad, og elles vinne den vesttyske cupfinalen 1973 og UEFA-cupen i 1975. I sin siste kamp med Borussia, europacupfinalen 1977 , matte han tole tap mot Liverpool FC .

Sommaren 1977 vart Stielike overført til spanske Real Madrid. Dei tre fyrste ara med Madrid-laget sanka han tre nye ligatitlar. I tillegg var han med a vinne den spanske cupen bade i 1980 og 1982, derimot gjekk han pa tap i finalane i høvesvis europacupen 1981 mot Liverpool FC og cupvinnarcupen 1983 mot Aberdeen FC . Varen 1985 var han pa plass i midtforsvaret til Real da Madrid-laget vann UEFA-cupen for fyrste gong.

Etter atte sesongar i Real Madrid veksla Stielike i 1985 over til sveitsiske Neuchatel Xamax, der han bade i 1987 og 1988 hjelpte laget til siger i den sveitsiske fotballigaen. Han la opp varen 1988.

Landslagsspel [ endre | endre wikiteksten ]

I tida fra debuten i 1975 til hans siste landskamp i september 1984 fekk Stielike 42 kampar i den vesttyske landslagstrøya. Han fekk ikkje plass i VM-troppa 1978. Sidan var han med i bade Fotball-EM 1980 , verdsmeisterskapen i Spania 1982 og Fotball-EM 1984 . Bade under EM 1980, som Tyskland vann etter 2-1 over Belgia i finalen, og i VM 1982, der Tyskland tapte finalen med 1-3 mot Italia , spelte Stielike alle kampane. Ogsa da Tyskland gjorde eit heller darleg meisterskap i 1984, spelte han alle tre kampane til full tid. Sine tre landslagsmal skara han i 1983/84-sesongen.

Merittar [ endre | endre wikiteksten ]

  • Europameister: 1980 for Vest-Tyskland
  • VM-sølv: 1982 for Vest-Tyskland
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1975 med Borussia Monchengladbach og 1985 med Real Madrid
  • Vesttysk seriemeister: 1975, 1976, 1977 med Borussia Monchengladbach
  • DFB-pokalen: 1973 med Borussia Monchengladbach
  • Spansk seriemeister: 1978, 1979, 1980 med Real Madrid
  • Spansk cupmeister: 1980 og 1982 med Real Madrid
  • Finaletap i Europacupen: 1977 med Borussia Monchengladbach og 1981 med Real Madrid
  • Finaletap i Cupvinnarcupen: 1983 med Real Madrid
  • Sveitsisk seriemeister: 1987 og 1988 med Neuchatel Xamax

Trenar [ endre | endre wikiteksten ]

Stielike var landslagssjef 1989-91 for Sveits , 2006-08 for Elfenbeinskysten og 2014-17 for Sør-Korea .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]