한국   대만   중국   일본 
Turbulens ? Wikipedia Hopp til innhald

Turbulens

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Turbulens i strøymande vatn

Turbulens er eit samleomgrep innom først og fremst straumningsmekanikk (som aerodynamikk og hydrodynamikk ), for dei strøymingane som skjer ved forholdsvis høg fart , store friksjonskrefter og lag viskositet . Ein annan mate a seie det pa, er at turbulens kan skje ved høge reynoldstal . Det finst ingen eksakt definisjon av turbulens.

Ei strøyming som ikkje er turbulent vert kalla laminær strøyming .

Turbulente straumar er tilfeldige pa det sett at det ikkje gar an a forutsja kva for ein fart straumen vil ha pa ein gjeven stad pa eit gjeve tidspunkt. Derimot kan det beskrivast statistisk . Det er ogsa ikkje- lineært , da sma uroingar kan føre med seg store endringar av strøymingane. Jo høgare reynoldstalet er, jo meir var er straumen for uroingar og jo større er sjansen for at straumen vert turbulent. Turbulens fører og med seg ein auka diffusjon , da turbulens kjenneteiknast av raskt varierande strøymingar i forskjellige retningar.

Ved turbulens vert det danna relativt store virvlar som etterpa dannar fleire mindre virvlar, som i sin tur etter kvart vert løyste opp gjennom at rørsleenergien vert til varme . Tendensen at storskala-variasjonar etterpa omdannast til smaskala-variasjonar gjeld og for andre skalarar .

Ofte er det fordelar med a maksimere eller minimere turbulensen. Ved kjemiske prosessar som til dømes forbrenning i ein bilmotor, er det ein fordel med mykje turbulens, da dette fordeler gassane betre og gjev ei reinare forbrenning.

Turbulens i atmosfæren [ endre | endre wikiteksten ]

Atmosfærisk turbulens kan vere viktig for bade luftfart og for spreiing av luftforureining .

I sterk vind vil ein fa dynamisk turbulens nær bakken nar lufta passerer hindringar og kupert terreng. Dynamisk turbulens vil ein og fa i vindskjer , særleg i utkanten av det sterke vindfeltet. Jetstraumane er døme pa dette der ein kan fa klarluftsturbulens .

Ustabil luft, som ein kan fa nar varme fra jordoverflata fører til konveksjon , fører til termisk turbulens. Den vertikale luftrørsla kan verte særs kraftig i samband med cumulonimbusskyer , gjerne opp mot 20-30 m/s. Dette er kraftig nok vind til a kaste fly opp og ned og i somme, ekstreme tilfelle føre til at dei kjem ut av kontroll. Det er derimot mogeleg a oppdage omrade med kraftig turbulens med instrument ombord pa flya, slik at dei kan fly utanom.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

≪turbulens ? atmosfærisk turbulens≫ av Petter Dannevig i Store norske leksikon , snl.no.