Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Tsjeljabinsk
(
russisk
Челя?бинск) er den niande største byen i
Russland
og hovudstad i
Tsjeljabinsk oblast
. Han har like over 1 millionar innbyggjarar og i storbyomradet bur det over 1,3 millionar menneske.
Tsjeljabinsk ligg pa austsida av
Uralfjella
, om lag 200 meter over havet. Byen ligg 210 km sør for
Jekaterinburg
ved elva
Miass
. Byen er eit viktig transportknutepunkt. Mellom anna gar
den transsibirske jernbanen
gjennom byen. Flyplassen heiter
Balandino
. Byen er eit senter for metallurgi, maskinindustri og lett industri.
Festinga Tsjeljaba, som byen er kalla opp etter, vart bygd pa staden i 1736, som fekk bystatus i 1781. Rundt 1900 var han eit senter for bygginga av
den transsibirske jernbanen
.
Under den sovjetiske industrialiseringa i 1930-ara opplevde Tsjeljabinsk raskt vekst. Fleire industriføretak, mellom anna Tsjeljabinsk traktorfabrikk og Tsjeljabinsk metallurgiske fabrikk, vart bygd pa denne tida. Under
den andre verdskrigen
valde
Josef Stalin
a flytte store sovjetiske fabrikkar til staden og bort fra dei framrykkande tyske styrkane seint i 1941. Dette førte ny industri og tusenvis av arbeidarar til Tsjeljabinsk, som pa tida framleis var ein liten by. Fleire enorme anlegg for produksjon av stridsvogner av typen
T-34
og rakettkastarane
Katjusja
lag i Tsjeljabink, som av den grunn vart ≪
Tankograd
≫ (≪Stridsvognbyen≫). Tsjeljabinsk vart i røynda bygd fra grunnen av, men i sentrum av byen kan ein framleis ane konturane av den vesle byen som lag her før den tid. Stridsvognfabrikken vart flytta til
Omsk
i 1962.
Ei alvorleg
nukleær ulukke
i 1957 ved
Majak
kjernebrenselsprosesseringsanlegg
150 km nordvest for byen førte til dødsfall i Tsjeljabinsk oblast, men ikkje i sjølve byen. Provinsen vart lukka for utlendingar fram til 1992.