Tropane

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Bilete fra Filippinane midt pa dagen medan sola nesten star i senit.

Tropane er det geografiske omradet av jorda som ligg rundt ekvator , mellom dei to vendekretsane , om lag 23°30' (23,5°) N og 23°30' (23,5°) S. Dette omradet vert og kalla den heite sona .

Dette omradet inkluderer alle omrada pa jorda der sola i løpet av eit ar star i senit . I tempererte soner vil sola aldri na ei høgd pa 90º eller sta direkte over hovudet pa ein. Ordet ≪tropane≫ kjem fra det greske ordet tropos som tyder ≪vending≫, fordi sola tilsynelatande svingar mellom dei to vendekretsane med ein periode som definerer middellengda pa eit ar .

Tropiske planter og dyr er dei artane som høyrer heime i tropane. Tropisk vert og av og til brukt om det tropiske klimaet , eit klima som er varmt og fuktig aret rundt, og som ofte inneheld frodig vegetasjon. Det finst derimot stader i tropane som ikkje har tropisk klima, til dømes Mauna Kea pa Hawaii , Kilimanjaro i Afrika eller Andesfjella i Sør-Amerika . Ein har og stader i tropane som er tørrare med lagare luftfukt , slik som Sahara , Sentral-Afrika og dei nordlege omrada av Outback i Australia.

Tropiske økosystem [ endre | endre wikiteksten ]

Tropiske økosystem kan utgjere regnskogar , tørre lauvskogar , barskogar , ørkenar og andre habitat . Ein har ofte omrade med stort biologisk mangfald og endemiske artar, særleg i regnskogar og tørre lauvskogar. Døme pa slike stader er regnskogane i Costa Rica , skogane pa Madagaskar og Waterbergbiosfæren i Sør-Afrika .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]