한국   대만   중국   일본 
Traktat ? Wikipedia Hopp til innhald

Traktat

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Brest-Litovsk-traktaten fra 3. mars 1918, skrive pa bade tysk , ungarsk , bulgarsk , tyrkisk og russisk , var ein fredstraktat mellom Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken , Tyskland , Austerrike-Ungarn og Bulgaria som gjorde slutt pa Sovjet-Russlands deltaking i Den fyrste verdskrigen . Traktaten vart underskrive i Brest i Kviterussland .

Traktat (fra latin ) er ei nemning pa viktige folkerettslege bindande avtaler mellom to eller fleire sjølvstendige statar. Gjeld traktaten to statar, kallast han ein bilateral traktat , medan han kallast multilateral dersom fleire statar er med pa han.

Traktatar vert vanleg inngatt i to steg ved at det skriftlege dokumentet fyrst vert underteikna av statane sine utanriksministrar, ambassadørar eller andre som har særskild fullmakt til a gjere dette, og deretter vert ratifisert av statsleiarane i dei statane traktaten gjeld. Vanlegvis er det fyrst nar ratifikasjon er gjort, at staten har tatt pa seg plikta til a fylgje det som er fastsett i traktaten, altsa at traktaten har vorten folkerettsleg bindande. Men i somme høve kan traktaten verte fylgd eller verte sett pa som bindande sjølv om han ikkje har vorte ratifisert.

Emnet for traktatar kan vere a fastsette rettsreglar for samkvemmet mellom statane, eller ordne opp i einskilde problem og spørsmal, til dømes tvist om grenser og landeomrade.

Konvensjon og andre ord for bindande avtaler mellom statar [ endre | endre wikiteksten ]

Andre ord for bindande avtalar mellom statar er konvensjon , protokoll eller note . Det er ingen juridisk skilnad knytt til desse nemningane, men nemninga konvensjon vert ofte nytta nar det gjeld ei omfattande regulering av eit og same emne med mange statar som partar.

Wien-konvensjonen om traktatretten [ endre | endre wikiteksten ]

Reglar om korleis traktar og konvensjonar skal gjerast og oppfyllast, er fastsett i Wien-konvensjonen om traktatretten fra 23. mai 1969.