한국   대만   중국   일본 
Tony Thompson ? Wikipedia Hopp til innhald

Tony Thompson

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Tony Thompson
Fødd 15. november 1954
Fødestad New York by
Død 12. november 2003 (48 ar)
Dødsstad Los Angeles
Opphav USA
Aktiv 1970-ara–2003
Sjanger new wave , alternativ rock , hardrock , disco , funk , rhythm and blues , poprock , Hiphop
Instrument trommesett
Verka som musikar , trommeslagar

Anthony T. ≪Tony≫ Thompson ( 15. november   1954 12. november   2003 ) var ein amerikansk trommeslagar, mest kjend som medlem av Chic . Han voks opp i ein middelklasseheim i Springfield Gardens i Queens i New York City .

Karriere [ endre | endre wikiteksten ]

Chic [ endre | endre wikiteksten ]

Thompson spelte først trommer i bandet Labelle , og sa ein kort periode med Raymond Jones i discobandet Ecstasy, Passion & Pain . Han vart sa medlem i ein lang periode i Chic , der han var med a skape hittar som ≪Dance Dance Dance (Yowsah, Yowsah, Yowsah)≫, ≪ Le Freak ≫ og ≪Good Times≫. Han har og spelt med medlemmar av Chic pa ≪ We Are Family ≫ og ≪He's The Greatest Dancer≫ av Sister Sledge og ≪ Upside Down ≫ og ≪ I'm Coming Out ≫ av Diana Ross .

Etter at Chic vart mellombels oppløyst i 1983, vart den tidlegare gitaristen og bassisten i bandet, Nile Rodgers og Bernard Edwards kjende produsentar, og Thompson spelte ofte trommer for dei. Thomspon spelte med mange artistar som Jody Watley , Madonna (pa albumet hennar Like a Virgin fra 1984), Rod Stewart , Robert Palmer , Adam Ant , Mick Jagger og David Bowie (pa hans Let's Dance og den pafølgjande Serious Moonlight -turneen).

Andre band [ endre | endre wikiteksten ]

Thompson var og medlem av bandet Power Station i lag med Robert Palmer og John og Andy Taylor fra Duran Duran . Han spelte pa Live Aid -konserten i 1985 med Power Station, samt i lag med dei gjenverande medlemmane av Led Zeppelin (i lag med Phil Collins ) pa John F. Kennedy Stadium . I eit forsøk pa ei gjenforeining i 1986, spurte Led Zeppelin Thompson om han ønskte a bli med dei i bandet for John Bonham , men det heile stoppa opp da Thompson vart utsett for ei alvorleg bilulukke. [1]

Thompson vart sidan med i grupper som The Distance og Crown Of Thorn med Jean Beauvoir . I midten av 1990-ara vart han igjen med i Power Station.

Død og ettermæle [ endre | endre wikiteksten ]

Thompson døydde ein manad etter han fekk diagnosen nyrekreft den 12. november 2003 i Los Angeles , berre to manader etter Power Station -medlem Robert Palmer døydde fra hjarteattak. Den 19. september 2005 vart Thompson og resten av Chic innlemma i Dance Music Hall of Fame .

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]