Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
?
Titoisme
er ei nemning bruka om den varianten av
kommunisme
som vart utvikla i
Jugoslavia
etter
andre verdskrigen
, under leiing av
Josip Broz Tito
. Nemninga vart først bruka som skjellsord av
stalinistar
, men har sidan vorte meir nøytral.
Frigjeringa i
1945
var i Jugoslavia folket sitt eige verk, da mesteparten av landet vart frigjort av
partisanane
. Den jugoslaviske partisanhæren stod under kommunistisk leiing og var den einaste større aktøren i landet som organiserte menneske fra alle
etniske
grupper og fremja likestilling mellom dei.
Det at landet i hovudsak vart frigjort med eigne krefter, gjorde det lettare for Tito a sta imot
sovjetisk
dominans i etterkrigstida.
I
1948
vart Tito og den sjølvstendige jugoslaviske kommunismen fordømt av
Josef Stalin
, og
titoisme
vart eit skjellsord pa linje med
trotskisme
i dei stalinistiske kommunistpartia. Men Jugoslavia stod imot presset.
Etter Stalin var død i
1953
, vart tilhøvet mellom Sovjetunionen og Jugoslavia betre, men Tito heldt fram som ei sjølvstendig stemme i internasjonal politikk, som ein av leiarane i
den alliansefrie rørsla
.
Det jugoslaviske systemet under Tito var ein kombinasjon av ein kommunistisk eittpartistat og eit desentralisert
bedriftsdemokrati
(arbeidarsjølvstyre). Nasjonal diskriminering og oppmoding til hat mellom folkegruppene var strengt forbode. Systemet var til tider relativt vellykka, men under overflata lurte framleis den
etniske nasjonalismen
. Etter Tito var død, greip korrupte maktpolitikarar tak i den og vekte den til liv igjen med tragiske konsekvensar for Jugoslavia og folkeslaga der.