한국   대만   중국   일본 
Tidvatn ? Wikipedia Hopp til innhald

Tidvatn

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
(Omdirigert fra Tidevatn )
Flod ved Alma i New Brunswick i Bay of Fundy .
Fjøre ved same hamn i Bay of Fundy .
Figur som syner innverknaden manen har pa tidvatnet pa jorda.
Klokke som viser kva tidvatn det er.
Foto: Matt Corks

Tidvatn er ei nemning pa at nivaet pa havet stig og senker seg i høve til land. Det er mest manen , men og sola , si tiltrekkingskraft som skaper fenomenet.

Fjøre sjø eller lagvatn er nar vatnet er pa sitt lagaste. Flod , og kalla høgvatn, er nar tidvatnet er pa sitt høgste. Ei vasslinje ved gjennomsnittleg flod vert kalla eit flomal. Nar ein gar fra flod til fjøre vert det kalla ebbe. Tidsrommet mellom to høgvatn eller to lagvatn i norske kystomrader er kring 12 timer og 25 min, dvs. eit halvt manedøgn . Dei største vekslingane i vasstanden skjer omtrent ved ny- og fullmane og ca. 71/4 dagar før og etter springflod har ein den minste vekslinga i vasstanden ( nippflod ). Dei største vekslingane vert kalla spring, som springflod og springfjøre. Overgangen fra flo eller fra fjøre vert kalla straumkantring eller straumkentring.

I innhav og innsjøar er tidvatnet som regel heilt ubetydeleg.

Kombinasjonen av flod og kraftig vind , gjerne saman med eit kraftig lagtrykk , kan gje stormflod . Da nar floda enda høgare enn normal springflod og kan skapa flaum . I ekstreme tilfelle har slik flaum gjort stor skade.

Atmosfæren er og paverka av tidvasskreftene, sakalla tidluft eller atmosfærisk tidvatn , men effekten er sma i forhold til andre faktorar i atmosfæren, som høgtrykk og lagtrykk .

Arsak [ endre | endre wikiteksten ]

Isaac Newton synte at tidvatnet kom som følgje av tyngdekrafta . Manen og sola trekkjer i vassmassane i havet, men sidan tiltrekkinga er avhengig av avstanden, er han sterkast pa den sida som vender mot manen, slik at vatnet strøymer mot punktet der manen star i senit. Pa den motsette sida vil trekkinga vere svakare, og her vil vatnet strøyme mot det diametralt motsette punktet. Sidan jorda roterer vil ein fa to høgvatn i døgnet. Sidan banane til manen og sola og ekvatorplanet til jorda alle dannar ein vinkle med kvarandre, i tillegg at avstanden mellom jorda, manen og sola varierer gjennom aret, sa vil den geografiske fordelinga av tidvatnet verte ganske komplisert. Manen er derimot nærast og har størst innverknad, slik at tidvatnet i hovudsak følgjer manedøgnet.

Vatnet kan ikkje strøyme fritt mot senitpunktet til manen pa grunn av landomrada rundt om pa jorda. Det vert derfor danna fleire lange bølgjer, tidvassbølgjer , som forplantar seg langs kysten.

Pa same stad skjer flod og fjøre forholdsvis regelmessig med ei viss mengd timar og minuttar etter den øvre og nedre kulminasjonen til manen. Tidsrommet mellom manekulminasjonane og det pafølgjande høgvatnet vert kalla hamnetid og varierer fra stad til stad.

Astronomiske tidvatn [ endre | endre wikiteksten ]

Høgaste astronomiske tidvatn (HAT) er den høgaste vasstanden ein kan rekne seg fram til under middels meteorologiske tilhøve og ved alle moglege konstellasjonar mellom jord, mane og sol. I praksis reknar ein ut HAT ved a lage tidvasstabellar for 19 ar, og plukke ut det høgaste tidvatnet. Høgaste astronomiske tidvatn er pa sjøkarta referansenivaet for høgder pa bruer , luftspenn o.a.

Lagaste astronomiske tidvatn er den lagaste vasstanden ein pa tilsvarande mate kan rekne seg fram til. Lagaste astronomiske tidvatn kan likevel vere høgre enn sjøkartnull .

Meteorologiske faktorar som vind og lufttrykk kan gje til dels store avvik fra det astronomiske tidvatnet, til dømes stormflod .

Tidevasskilnadar [ endre | endre wikiteksten ]

I ope hav er tidvasskilnadane som regel sma. Topografien langs kysten av større landmassar far langt meir og sei for bade tidspunkt og storleiken til tidvatnet. I bukter og elvemunningar kan til dømes skilnaden vere fleire meter. I Bay of Fundy pa Nova Scotia kan ein fa ein skilnad opp mot 20 meter ved springflod og ved Avenmouth i Bristolkanalen opp mot 14 meter, medan St. Malo i Bretagne far opp mot 12 meter. I Noreg er tidvasskilnadane sma pa Aust- og Sørlandet, berre kring 35 cm ved Mandal i november. Oppover kysten av Vestlandet aukar tidvatnet og lengst nord i Noreg er skilnaden nesten tre meter.

Pa kart kan ein syne stader som har høgvatn samstundes med a trekkje sa kalla kofase -linjer gjennom dei. Om kofase-linjene spring ut fra same sentrum, har ein eit amfidromisk punkt , der tidvasskilnadane alltid er lik null. Slike punkt kjem av interferens mellom fleire tidvassbølgjer.

Tidvasstraumar [ endre | endre wikiteksten ]

Nar vatnet renn fra fjøre til flod og omvendt, far ein tidvasstraumar, som varierer i bade styrke og retning. I sund og fjordar kan desse straumane bli særs sterke, som i Moskenesstraumen i Lofoten og Saltstraumen i Salten .

Tidvantet kan i enkelte omrade ga oppover elvar som ei stor, brytande bølgje kalla bore eller mascaret.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

≪tidevann≫ av Odd Henrik Sælen / Jan Erik Weber i Store norske leksikon , snl.no.

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]