한국   대만   중국   일본 
Thomas Cole ? Wikipedia Hopp til innhald

Thomas Cole

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Thomas Cole

Statsborgarskap USA, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 1. februar 1801
Bolton , Bolton le Moors
Død

11. februar 1848 (47 ar)
New York by , Catskill

Yrke kunstmalar , grafikar
Sjanger landskapsmaleri
Thomas Cole pa Commons

Thomas Cole ( 1. februar   1801 11. februar   1848 ) var ein britisk-amerikansk malar. Han vert rekna som grunnleggjaren av den sakalla Hudson River-skulen, ei kunstrørsle som hadde blomstringstid i USA kring midten av 1800-talet.

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

The Oxbow , 1836
The Pic-Nic , 1846

Cole vart fødd i Bolton i Lancashire i England og var son til ein tekstilfabrikant. Da Cole var 17 ar gammal emigrerte familien til USA og busette seg i Steubenville i delstaten Ohio . Han lærde seg det grunnleggjande i oljemaling av ein kringreisande portrettmalar. I 1823 byrja han studere ved Philadelphia Acadamy of Art, der han utvikla sin eigen unike stil som han seinare nytta i alle sine framtidige landskapsmaleri.

Cole fekk snøgt suksess med sine røyndomsnære og detaljerte framstillingar av den nord-amerikanske villmarka. Bileta hans vart varmt mottekne i New York , der han fekk selt dei til rike kunstsamlarar. Ar 1829 reiste Cole til Europa og vart der verande dei neste tre ara. I London møtte han mellom andre malarane John Constable , Thomas Lawrence og William Turner . Ved den tid vart Cole halde for a vere den fremste landskapsmalaren i USA. Han oppheldt seg ogsa i Italia i lengre tid.

Da Cole vende tilbake til USA mala han ein allegorisk serie med historisk tema; Rikets mal ( The Course of Empire ). Han laga ogsa det allegoriske verket The Voyage of Life , men dei økonomiske støttespelarane hans tykte betre om maleria med natur og landskap. Cole byrja da alt meir a male bilete med større innslag av mystiske og religiøse uttrykk.

Fra sommaren 1841 reiste Cole eitt ar i Europa. Han perfeksjonerte da maleteknikken, særleg bruken av fargar og attgjevinga av himmel og skyer. I Europa møtte han den unge Frederic Church som i ara 1844-46 gjekk i lære hos Cole. Cole drog ogsa ut pa ferder i USA, der han oppsøkte ulike slag natur og naturfenomen.

Thomas Cole døydde 47 ar gammal i Catskills i New York.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Thomas Cole