Theodoros Kolokotronis

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Theodoros Kolokotronis

Fødd 3. april 1770
Fødestad Morea , Ramovouni
Død 4. februar 1843
Dødsstad Aten
Rang Feltmarskalk
Eining British Army , Hellas' hær , Den keiserlige russiske flate
Konfliktar Den greske sjølvstendekrigen , Den russisk-tyrkiske krigen i 1806-1812 , Dei greske borgarkrigane 1823?1825

Theodoros Kolokotronis (fødd 1770 i Ramavouni i Messenia , død 1843 ) var ein gresk general i den greske sjølvstendekrigen mot Det osmanske riket . Kolokotronis var fødd inn i ein mektig og høgt respektert familie fra Arkadia, og stamma fra kleftarar . Legenda om kor byrg og ulydig familien var er blitt minna i ei kjend gresk folkevise som har overlevd heilt fram til dags dato fra denne tida.

Faren hans, Konstantin Kolokotronis, deltok i eit væpna opprør som hadde støtte fra Katarina den store av Russland , og blei drepen under eit oppdrag saman med to av brørne sine, George og Apostolis. Theodoros slutta seg til rekkene av dei peloponnesiske gerilja-bandane, og viste seg dyktig. Som femtenaring var han allereie gjort til leiar for si eiga gerilja-gruppe. Han hadde og ein kort periode der han tenestegjorde til havs, og fra 1805 og utover tok han teneste pa ei rekke ulike skip innan den russiske flaten under dei russisk-tyrkiske krigane.

Gjennom ara hadde Kolokotronis skaffa seg fleire politiske fiendar innan den provisoriske regjeringa i Hellas som da var leidd av Petros Mavromichalis som fekk han fengsla, mellom anna for oppvigleri og som motstandar av dei greske styresmaktene. Kolokotronis blei lauslaten da ein egyptisk hær under kommando av Ibrahim Pasha invaderte Morea som da var ein liten del av Hellas.

Etter krigen vart Kolokotronis ein sterk tilhengar av grev Ioannis Kapodistrias , som var ein talsmann for ein gresk handels-allianse med Russland. Ved slutten av livet sitt hadde Kolokotronis lært seg a skriva og lesa for a kunna fullføra dagbøker og ein sjølvbiografi. Desse memorae har vore ein favoritt blant befolkninga i Hellas, og bøkene er blitt omsette til fleire andre sprak, mellom anna engelsk.

Etter at han døydde blei Kolokotronis heidra med mange gatenamn. Mange av desse gatenamna finst nesten i kvar storby. Kolokotronis blei mellom anna avbilda pa framsida av den greske 5000 drakme-setelen i perioden 1984 til 2001.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]