Theodor Fontane
|
|
Statsborgarskap
|
Kongedømet Preussen
|
Fødd
|
30. desember 1819
Neuruppin
|
Død
|
20. september 1898 (78 ar)
Berlin
|
Yrke
|
farmasøyt
,
skribent
,
lyrikar
,
historikar
,
omsetjar
,
romanforfattar
,
journalist
,
kritikar
,
teaterkritiker
,
krigskorrespondent
,
librettist
|
Medlem av
|
Tunnel uber der Spree
|
Far
|
Louis Henri Fontane
|
Mor
|
Emilie Louise Fontane
|
Ektefelle
|
Emilie Fontane
|
Born
|
Friedrich Fontane
,
George Fontane
,
Martha Fontane
,
Theodor Fontane
|
|
Theodor Fontane pa Commons
|
Henri Theodore Fontane
(
30. desember
1819
–
20. september
1898
) var ein tysk forfattar, diktar og journalist. Han skildra den livet og verdinormene til den berlinske middelklassen i romanane sine fra 1880- og 1890-ara, og blir rekna som den førande romanforfattaren innan
naturalismen
i Tyskland, og som ein av dei viktigaste tyske forfattarane.
[1]
Fontane var fødd inn i ein
hugenottisk
familie i
Neuruppin
i
Brandenburg
. Han var son av apotekaren Louis Henri Fontane. Etter fullført
gymnas
utdanna ogsa han seg til apotekar. Samtidig byrja han a skriva, og den fyrste
novella
hans, ≪Geschwisterliebe≫, blei gjeven ut i 1839. Han byrja ogsa a skriva for ulike aviser. Etter a ha arbeidd ved apotek i ulike byar i dagens austlege Tyskland flytta han til
Berlin
i 1845. Han deltok kort i
den tyske revolusjonen 1848/49
.
I 1849 gav han opp apotekaryrket og blei journalist og forfattar pa heiltid. I 1850 gifta han seg med Emilie Rouanet-Kummer (1824?1902). Paret fekk sju barn fra 1851 til 1864, berre fire levde opp. I 1851 blei Fontane tilsett i den konservativ-pietistiske
Kreuzzeitung
(eigentleg
Neue Preussische Zeitung
) og jobba fra 1852 og for bladet
Centralstelle fur Preßangelegenheiten
. Fontane blei Storbritannia-ekspert. Sidan 1844 hadde han reist fleire gongar til Storbritannia, og var
korrespondent
i London i perioden 1855-1859. Etter eit regjeringsskifte i det prøyssiske kongehuset 1858, hapa han pa ei politisk liberalisering, gav opp korrespondentjobben sin og flytta tilbake til Berlin. I tillegg til jobben ved Kreuzzeitung byrja han a skriva reiseskildringar fra heimeomradet sitt Brandenburg. Slike skildringar var populære pa denne tida.
Fontane slutta i
Kreuzzeitung
i 1870, og var deretter teaterkritikar for den liberale
Vossische Zeitung
. Likevel tok han ferie i 1870 for a dekka
den fransk-prøyssiske krigen
1870/71. Han blei tatt til fange og mistenkt for spionasje. Etter intervensjon fra rikskanslaren
Otto von Bismarck
blei han sett fri. Tidlegare hadde han allereie vore krigskorrespondent under den
andre slesvigske krigen
1864 og
den austerriksk-prøyssiske krigen
1866.
Dei fyrste ≪litterære≫ tekstane hans var ein serie med
Wanderungen durch die
Mark Brandenburg
, ein kaserande tekstsjanger med minne, anekdotar og observasjonar fra hans eige barndomsmiljø. Tekstane inneheldt og skildringar av landadelen i den gamle tida og embetsmenn som ≪overlevninger fra en annen tid≫ som gjorde at han etter kvart fall i unade hos dei han skildra.
[2]
Etter fleire reiser med kona til Austerrike, Italia og Sveits (1874-76) byrja han i ein alder av 57 ar a skriva det han sidan skulle bli mest hugsa for, nemleg romanar. Han slutta som journalist i
Vossische Zeitung
, og deretter kom utgivingane tett heilt fram til han døydde. ≪En slik forsinket litterær karriere er ikke sa sjelden nettopp pa denne tiden da tysk litteratur syntes a tvile pa seg selv. Men for Fontane var forsinkelsen dobbelt heldig; som romanforfatter kunne han dra nytte av iakttagelser han hadde gjort og livskunnskap han hadde ervervet seg gjennom mange ar pa reiser og som journalist.≫
[3]
Bade debutromanen
Vor der Sturm
(1878, ‘Før stormen’) og
Schach von Wuthenow
(1883) var historiske romanar fra tida kring
Napoleonskrigane
, og særleg i den fyrste var vekta lagt pa folkelivsskildringa.
[2]
[2]
Kvinneskildringa
Effi Briest
, som kom ut som føljetong 1894-95 og i bokform i 1896, blir vanlegvis sett pa som hovudverket hans. Utruskapssoga i
Effi Briest
inngar i eit gjentakande tema i fleire av samtidsromanane hans:
L'Adultera
(1882),
Cecile
(1887) og
Unwiederbringlich
(1892, ‘Uoppretteleg’). I romanen
Frau Jenny Treibel
(1892) skildrar han dei nyrike i Berlin med humor og ironi.
[2]
[4]
Fleire av romanane hans er filmatiserte fleire gongar, særleg
Effi Briest
og
Frau Jenny Treibel
.
- Geschwisterliebe''
, 1839
- Wanderungen durch die Mark Brandenburg
, 1862-82
- Vor dem Sturm
, 1878
- Grete Minde
, 1880
- Elternklipp
, 1881
- Schach von Wuthenow
, 1883
- L'Adultera
, 1882
- Graf Petofy
, 1884
- Unterm Birnbaum
, 1885
- Cecile
, 1887
- Irrungen, Wirrungen
, 1888
- Stine
, 1890
- Quitt
, 1891
- Unwiederbringlich
, 1892
- Frau Jenny Treibel
, 1892
- Meine Kinderjahre
, 1894
- Effi Briest
, 1896
- Die Poggenpuhls
, 1896
- Der Stechlin
, 1899
- Mathilde Mohring
, 1906 ? ufullendt, posthum