Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Pierre Etienne Theodore Rousseau
(
15. april
1812
–
22. desember
1867
) var ein
fransk
malar som vert rekna til stilretninga
realismen
og til
Barbizon-skulen
. Maleria hans er haldne i ein mørk tone prega av ein viss melankoli. Hos landskapsmalaren Rousseau kan ei spore innverknad fra nederlandsk 1600-talskunst, men og fra seinare engelske malarar. Han arbeidde stadig pa fleire prosjekt og etterlet seg relativt fa heilt fullførte verk.
Rousseau kom til verda i Paris, der han vart fødd inn i ei borgarslekt med interesse for kunst. Han gjekk i lære for a verte forretningsmann, før han sa overtalte faren til a godta at han ville verte kunstmalar. Til liks med andre samtidige malarar som nytta ein
romantisk
stil, hadde han vanskar med a fa stilt ut pa den arlege utstillinga det han sjølv rekna som dei beste bileta. Den
klassisistisk
prega juryen motarbeidde dei nye straumdraga, sa maleria hans vart ikkje skikkeleg presentert for eit større publikum før etter dei politiske omveltingane i Frankrike i 1848.
Han debuterte pa salongen i 1831 og fekk med bilete ogsa i 1834. Derimot vart storverket
Kyrne kjem heim
(
La Descente des vaches
) refusert av juryen i 1836. Etter det vart maleria hans heile tida refusert fram til 1848-revolusjonen. Drag av realisme og slikt som innevarsla
naturalismen
vart avvist. Heilt utan kritikarstøtte var han ikkje, men det talde lite nar han i mellomtida vart kjend som ≪le grand refuse≫. Men det var i denne kunstnariske eksiltida han skapte nokre av sine beste bilete.
Fra 1848 budde Rousseau i Barbizon, som den gongen var ein landsby i
Fontainebleau
-skogen, og sidan heldt han til der størstedelen av livet. Pa ei stor utstilling i 1853 i Paris vart alle dei refuserte bileta hans presentert samla. Sjølv om han fekk ros for dei fleste maleria, braut dei for mykje med fransk smak og salet var heller labert. Ein auksjon i 1861 gav sa lite at han sterkt vurderte a emigrere.
Deretter møtte han mykje motgang, mellom anna vart kona haplaust sinnssjuk. Økonomisk fekk han i desse ara hjelp fra faren. Under ein studietur til
Mont Blanc
i 1863 vart Rousseau lungesjuk. Vel heimkomen vart han svevnlaus og fysisk gradvis svekka. Fire ar seinare døydde han i Barbizon.