Theodore Rousseau

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Theodore Rousseau

Statsborgarskap Frankrike
Fødd 15. april 1812
Paris
Død

22. desember 1867 (55 ar)
Barbizon

Yrke kunstmalar , fotograf , biletkunstnar , grafikar , teiknar
Medlem av Barbizon-skulen
Theodore Rousseau pa Commons

Pierre Etienne Theodore Rousseau ( 15. april   1812 22. desember   1867 ) var ein fransk malar som vert rekna til stilretninga realismen og til Barbizon-skulen . Maleria hans er haldne i ein mørk tone prega av ein viss melankoli. Hos landskapsmalaren Rousseau kan ei spore innverknad fra nederlandsk 1600-talskunst, men og fra seinare engelske malarar. Han arbeidde stadig pa fleire prosjekt og etterlet seg relativt fa heilt fullførte verk.

Liv og gjerning [ endre | endre wikiteksten ]

Landskap , 1842
Ei byste av Rousseau, laga i 1888 av Henri-Louis Levasseur

Rousseau kom til verda i Paris, der han vart fødd inn i ei borgarslekt med interesse for kunst. Han gjekk i lære for a verte forretningsmann, før han sa overtalte faren til a godta at han ville verte kunstmalar. Til liks med andre samtidige malarar som nytta ein romantisk stil, hadde han vanskar med a fa stilt ut pa den arlege utstillinga det han sjølv rekna som dei beste bileta. Den klassisistisk prega juryen motarbeidde dei nye straumdraga, sa maleria hans vart ikkje skikkeleg presentert for eit større publikum før etter dei politiske omveltingane i Frankrike i 1848.

Han debuterte pa salongen i 1831 og fekk med bilete ogsa i 1834. Derimot vart storverket Kyrne kjem heim ( La Descente des vaches ) refusert av juryen i 1836. Etter det vart maleria hans heile tida refusert fram til 1848-revolusjonen. Drag av realisme og slikt som innevarsla naturalismen vart avvist. Heilt utan kritikarstøtte var han ikkje, men det talde lite nar han i mellomtida vart kjend som ≪le grand refuse≫. Men det var i denne kunstnariske eksiltida han skapte nokre av sine beste bilete.

Fra 1848 budde Rousseau i Barbizon, som den gongen var ein landsby i Fontainebleau -skogen, og sidan heldt han til der størstedelen av livet. Pa ei stor utstilling i 1853 i Paris vart alle dei refuserte bileta hans presentert samla. Sjølv om han fekk ros for dei fleste maleria, braut dei for mykje med fransk smak og salet var heller labert. Ein auksjon i 1861 gav sa lite at han sterkt vurderte a emigrere.

Deretter møtte han mykje motgang, mellom anna vart kona haplaust sinnssjuk. Økonomisk fekk han i desse ara hjelp fra faren. Under ein studietur til Mont Blanc i 1863 vart Rousseau lungesjuk. Vel heimkomen vart han svevnlaus og fysisk gradvis svekka. Fire ar seinare døydde han i Barbizon.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Theodore Rousseau