한국   대만   중국   일본 
Tenerife ? Wikipedia Hopp til innhald

Tenerife

Koordinatar : 28°16′N 16°36′W  /  28.267°N 16.600°W  / 28.267; -16.600
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Tenerife
Satellittbilde av Tenerife frå NASA
Satellittbilde av Tenerife fra NASA
Geografi
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 28°16′N 16°36′W  /  28.267°N 16.600°W  / 28.267; -16.600
Øygruppe Kanariøyane

Areal 2034,38 km²

Kystlengd 342 km
Høgaste punkt Teide  (3718 moh. )

Administrasjon
Land Spania
Provins Santa Cruz de Tenerife
Største busetnad Santa Cruz de Tenerife  (221 956 innb.)

Demografi
Folketal 906 854 (2010)
Folketettleik 1126 /km²

Tenerife er den største øya i dei spanske Kanariøyane som ligg i Atlanterhavet utfor kysten av Afrika . Øya har eit areal pa 2034,38 km². Ho har 886 033 innbyggjarar (2008), noko som ogsa gjer henne til den folkerikaste øya i Kanariøyane og Spania. Tenerife er eit viktig turistmal i Spania.

Santa Cruz de Tenerife er hovudstaden pa øya og sete for øyradet ( cabildo insular ). Han er den nest største byen pa Kanariøyane etter Las Palmas de Gran Canaria , og er hovudstad i det autonome omradet Kanariøyane i lag med Las Palmas de Gran Canaria. Mellom 1833 og 1927 var Santa Cruz de Tenerife den einaste hovudstaden pa Kanariøyane. [1]

Pa øya ligg La Laguna universitet , som vart grunnlagd i 1792. Verdsarvstaden San Cristobal de La Laguna er den nest største bye pa øya og den tredje største i øygruppa. Pa Tenerife ligg og Teide , det høgaste fjellet i Spania og i Atlanterhavet og den tredje høgaste vulkanen i verda malt fra foten av fjellet. Teide er og ein verdsarvstad. [2]

Geologi [ endre | endre wikiteksten ]

Den eldste fjellkjeda pa Tenerife steig opp fra Atlanterhavet under eit vulkanutbrot som skapte øya for rundt tolv millionar ar sidan. [3] Øya som ho er i dag vart forma for tre millionar ar sidan da tre øyar vart slatt saman, med fjellkjedene Anaga , Teno og Valle de San Lorenzo . [3] Den vulkanske aktiviteten pa Teide var arsaka til denne samanslainga. Vulkanen er i dag synleg fra dei fleste stader av øya, og krateret er pa det største 17 km pa tvers.

Juba II som gav namn til Kanariøyane og kalla Tenerife ≪Nivaria≫ etter den snødekte Teide.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Den tidlegaste kjende busetnaden pa øya er fra rundt 200 f.Kr., eit folk kalla guanchar . [4] Dei var høge og kraftig bygd og sag ut som skandinavar med bla augo og langt, lyst har. Dei hadde lite teknologi, sjølv etter steinalderstandard, og levde i holer pa øya. [4]

Om lag hundre ar før øya vart erobra vart tittelen mencey gjeven til monarken eller kongen av guanchane pa Tenerife. Denne rolla vart seinare kalla ≪kapteinskap≫ av erobrarane. Tinerfe el Grande , son til mencey Sunta, styrte øya fra Adeje i sør. Da han døydde, gjorde dei ni borna hans opprør og kjempa bittert om korleis øya skulle delast mellom dei. Det vart oppretta to sjølvstendige achimenceyatos pa øya, og ho vart delt inn i ni menceyatos , som liknar kommunane som finst her i dag. [5]

Alonso Fernandez de Lugo presenterer dei innfødde kongane pa Tenerife for Ferdinand og Isabella

Da Tenerife vart erobra av Spania bestod ho dermed av ni sma guanchakongedøme. Spanjolane tapte først stort under Alonso Fernandez de Lugo i det første slaget ved Acentejo i 1494, men guanchane matte til slutt gje etter for betre teknologi og innførte sjukdommar dei ikkje var immune mot, og overgav øya til Castilla den 25. desember 1494 etter a ha tapt slaget ved Aguere og det andre slaget ved Acenterjo . [6]

Mange av dei innfødde vart gjort til slavar, særleg dei som hadde ytt stort motstand under erobringa. Ein god del av dei innfødde omkom og av sjukdommar som forkjøling og truleg koppar , som dei ikkje hadde immunitet mot. Etter erobringa vart øya kolonisert og folkesett pa ny av immigrantar fra Det spanske riket ( Portugal , Flandern , Italia , Tyskland ). Dei store furuskogane pa øya vart hogd ned for a gjere plass til store sukkerrøyrplantasjar i 1520-ara. Dei neste hundreara var hovudnæringa basert pa vin og kochenille , eit karminraudt fargestoff, og dyrking av bananar .

Som med resten av Kanariøyane hadde Tenerife eit nært samband med Latin-Amerika . Fra koloniseringa av Den nye verda tok til, stoppa mange ekspedisjonar pa øya pa veg til Amerika. [7] Mange familiar emigrerte og til Amerika fra Tenerife mot slutten av 1600-talet og pa 1700-talet. Utflyttinga heldt fram pa 1800- og 1900-talet pa grunn av økonomiske problem, mangel pa ramateriale og den lange avstanden til Europa. Denne utflyttinga gjekk hovudsakleg mot Cuba og Venezuela . I nyare ar, etter at turistindustrien vart ei stor næring, har mange flytta til Tenerife igjen, inkludert mange etterkomarar av dei som forlet øya tidlegare. [7]

Britisk invasjon [ endre | endre wikiteksten ]

Admiral Nelson skadd pa Tenerife

Gjennom historia har Tenerife vorte angripen av sjørøvarar fra mange nasjonar og ved fleire høve vorte angripe av nasjonar i krig med Spania.

First Fleet , leidd av den britiske kapteinen Arthur Phillip , stoppa pa Tenerife den 3. juni 1787 for a fa ferskvatn, grønsaker og kjøt, før han la ut pa ei reise til Australia der han skapte den første europeiske busetnaden i Botany Bay . I 1797 invaderte britane Tenerife. [8]

25. juli 1797 sette admiral Horatio Nelson i gang eit atak pa hovudstaden Santa Cruz de Tenerife. Etter harde kampar med store tap oppretta general Antonio Gutierrez de Otero y Santayana eit forsvar for a sla tilbake invasjonsstyrken. Nelson mista høgrearmen etter han vart raka av kanoneld da han prøvde a ga i land pa Paso Alto-kysten. [9] Den 5. september vart det utført eit nytt forsøk pa a invadere øya i Puerto Santiago-regionen, men dette vart slatt tilbake av innbyggjarane i Santiago del Teide , som kasta stein pa britane fra klippene Acantilados de Los Gigantes.

Øya har vorte angripen av mange andre, hovudsakleg engelskmenn, som Robert Blake , Walter Raleigh , John Hawkins og Woodes Rogers . [10]

Moderne historie [ endre | endre wikiteksten ]

I 1799 klatra naturalisten Alexander von Humboldt til toppen av Teide , og skreiv seinare om den vakre øya. Turistar starta a vitje øya i store mengder i 1890-ara, særleg dei nordlege byane Puerto de la Cruz og Santa Cruz de Tenerife. [11] Santa Cruz de Tenerife var den einaste hovudstaden for Kanariøyane fra 1833 til 1027, da stillinga blei delt med Las Palmas ved dekret .

Før Francisco Franco kom til makta i Spania, var han blitt plassert pa Tenerife i mars 1936 av dei republikanske styresmaktene som var vaktsame overfor dei politiske tendensane hans. Franco fekk nyss i dette og pa Gran Canaria gjekk han med pa a delta i eit militærkupp som resulterte i den spanske borgarkrigen . Kanariøyane fall til nasjonalistane i juli 1936 og motstandarane av innbyggjarane pa øya vart utsett for masseavrettingar av det nye regimet. I 1950-ara førte elendet under regimet til at tusenvis utvandra til Cuba og andre delar av Latin-Amerika .

Vulkansk historie [ endre | endre wikiteksten ]

Det er berre dei fire siste hundreara ein har skriftlege kjelder om vulkanutbrot pa Tenerife. Det første av desse skjedde i 1704, da Arafo, Fasnia og Siete Fuentes hadde utbrot samstundes. To ar seinare, i 1706, skjedde det største kjende utbrotet pa øya ved Trevejo. Denne vulkanen produserte store mengder lava som gravla byen og hamna Garachico , som i dei dagar av ein av dei viktigaste byane pa øya. Det siste utbrotet pa 1700-talet skjedde i 1798 fra Canadas de Teide, i Chahorra . I 1909 hadde Chinyero i kommunen Santiago del Teide utbrot. Det er har ikkje vore nokre utbrot sidan den gong. Ingen av desse fire utbrota førte til tap av menneskeliv. [12]

Geografi [ endre | endre wikiteksten ]

Teide fra nord i 2006

Tenerife er ei kupert og vulkansk øy som er forma av dei mange vulkanutbrota gjennom tidene. [13] Øya ligg mellom 28º og 29º N og 16º og 17º V. Ho ligg litt nord for den nordlege vendekretsen , sentralt i Kanariøyane mellom Gran Canaria , La Gomera og La Palma . Ho ligg om lag 300 km fra Afrika og 1000 km fra Den iberiske halvøya . [14]

Tenerife er den største øya i Kanariøyane og har eit areal pa 2 034,38  km² [15] og den lengste kystlinja pa 342 km. [16] I tillegg ligg det høgaste fjellet i heile Spania pa Tenerife, Teide , med ei høgd pa 3718 meter over havet. [17]

Det ujamne og bratte landskapet pa øya har skapt mange forskjellige klima og eit variert landskap, fra Parque Nacional del Teide med store furuskogar ved sidan av det vulkanske landskapet pa toppen av Teide og Malpais de Guimar , til Acantilados de Los Gigantes (≪Kjempeklippane≫) med bratte skrentar. Ein finn halvørkenar i sør og mange naturlege strender, som ved El Medano .

Panoramabilete av Las Canadas del Teide

Klima [ endre | endre wikiteksten ]

Playa las Teresitas i San Andres ( Santa Cruz de Tenerife ).

Tenerife er internasjonalt kjend som ≪Øya med evig var≫ ( Isla de la Eterna Primavera ). [18] Øya ligg pa same breiddegrad som Sahara og har eit varmt klima aret rundt med temperaturar som varierer fra 20-22 °C om vinteren til 26-28 °C om sommaren, med solskin aret rundt. Det moderate klimaet pa Tenerife vert i stor grad styrt av passatvinden og fukta vinden fører med seg vert i stor grad kondensert over dei nordlege og nordaustlege delane av øya. Dette fører til eit skyteppe mellom 600 og 1800 meter høgd i dette omradet. Dei kalde havstraumane nær Kanariøyane har og ein avkjølande effekt pa kysten og strendene.

Temperaturane varierer og med høgda, og om vinteren kan ein nyte den varme sola pa stranda , og berre nokre kilometer lenger inn i landet oppleve snø nær toppen av Teide. [19] Det er og klimaskilnader i lagare høgder, særleg mellom byane Santa Cruz de Tenerife og San Cristobal de La Laguna . Santa Cruz har generelt varmt klima aret rundt, medan La Laguna har litt lagare temperatur og større sjanse for regn. [20]

Kommunar [ endre | endre wikiteksten ]

Tenerife høyrer til provinsen Santa Cruz de Tenerife , som er delt inn i 31 kommunar.

Berre tre kommunar pa øya grenser ikkje til havet: Tegueste , El Tanque og Vilaflor . Vilaflor er den høgastliggande kommunen i Kanariøyane og setet her ligg 1400 meter over havet.

Den største kommunen, med eit areal pa 207,31 km² er La Orotava , som dekkjer det meste av Teide nasjonalpark. Den minste byen pa øya og i øygruppa er Puerto de la Cruz med eit areal mindre enn 9 km². [15]

Kommunane pa øya er:

Kart over kommunane pa Tenerife

Turisme [ endre | endre wikiteksten ]

Ei av strendene i Playa de Las Americas

Turisme er den viktigaste næringa pa Kanariøyane og øygruppa er ein av dei store turistdestinasjonane i verda. I 2005 vitja nesten 3,5 millionar menneske Tenerife. Flest turistar vitjar sørsida av øya, som er varmare og tørrare enn det er i nord, med store turistsenter som Playa de las Americas og Los Cristianos . Ei ny lov pa Kanariøyane har gjort at det no ikkje er lov a byggje fleire hotell pa øya med mindre dei er 5-stjernershotell og har tenester som golfbanar eller kongressfasilitetar. Dette vart gjort for a auke turiststandarden og som eit ledd i auka miljømedvit.

Kultur og religion [ endre | endre wikiteksten ]

Basilica de Candelaria

Som i resten av Spania, er det store fleirtalet av øybuarane medlemmer av Den katolske kyrkja , men talet har lenge hatt ein fallande tendens. Av religiøse tradisjonar kan ein merka seg den arlege pilegrimsferda til Candelaria i august og februar, der truande utfører reisa til den store basilikaen i byen, i nokre høver over 40 km, til fots. Hensikten med denne pilegrimsreisa er a feira jomfru Maria som Var Frue av Candelaria, vernehelgenen for Kanariøyane. [21]

Galleri [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Real Decreto de 30 de noviembre de 1833  ; Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 ved Gobierno de Canarias
  2. Parque nacional del Teide: web oficial de Turismo de Tenerife
  3. 3,0 3,1 ≪Origins of the island≫ . About Tenerife.com. Arkivert fra originalen 19. mai 2013 . Henta 15. oktober 2008 .  
  4. 4,0 4,1 ≪g≫ . Nido Language Travel. Arkivert fra originalen 23. desember 2006 . Henta 20. august 2009 .  
  5. El Portal de las Islas Canarias
  6. Rumeu de Armas, Antonio (2006). La conquista de Tenerife 1494-1496 . Instituto de estudios canarios. ISBN   978-84-88366-57-3 .  
  7. 7,0 7,1 Artikkel om kolonisering av Amerika
  8. Instituto de Historia y Cultura Militar de Canarias [ daud lenkje ]
  9. Hernandez, Pedro (2003). Natura y Cultura de las Islas Canarias . Tafor. ISBN   978-84-932758-0-8 .  
  10. Asociacion canaria para la ensenanza de las ciencias- Viera y Clavijo
  11. Pagina web Ayuntamiento Puerto de la Cruz
  12. Instituto Geografico Nacional (PDF) , arkivert fra originalen (PDF) 30. oktober 2008 , henta 20. august 2009  
  13. Areas volcanicas en Espana (Instituto Geografico Nacional) , arkivert fra originalen 1. april 2010 , henta 20. august 2009  
  14. Garcia Rodriguez (1990). Atlas interinsular de Canarias . Editorial interinsular canaria. ISBN   978-84-86733-09-4 .  
  15. 15,0 15,1 Estadisticas de la Comunidad Autonoma de Canarias
  16. Instituto Nacional de Estadistica
  17. Red de Parques Nacionales (Ministerio de Medio Ambiente) , arkivert fra originalen 11. juli 2012 , henta 20. august 2009  
  18. Pagina de Tenerife del Gobierno de Canarias , arkivert fra originalen 9. mars 2009 , henta 20. august 2009  
  19. Gonzalez Morales, Alejandro (2000). Canarias isla a isla (clima) . Centro de la Cultura Popular Canaria. ISBN   84-7926-357-1 .  
  20. Information of Tenerife Tourism
  21. Articulo periodistico de El Dia - en Espagnol

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Tenerife
Reiseguide for Tenerife fra Wikivoyage