Tarjei Vesaas

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Tarjei Vesaas

Tarjei Vesaas i 1967
Foto: Leif Ørnelund
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. august 1897
Vinje kommune
Død

15. mars 1970 (72 ar)
Rikshospitalet

Yrke lyrikar , romanforfattar , skribent
Sprak norsk, nynorsk
Ektefelle Halldis Moren Vesaas
Tarjei Vesaas pa Commons

Tarjei Vesaas ( 20. august   1897 15. mars   1970 ) var ein norsk forfattar fødd i Vinje i Telemark . Forfattarskapen omfatta for det meste romanar , men i tillegg kom fleire diktsamlingar , noveller og skodespel . Han vann Nordisk rads litteraturpris for romanen Is-slottet (1963).

Verk [ endre | endre wikiteksten ]

Det er vanleg a dele forfattarskapen til Tarjei Vesaas opp i to ulike periodar. Den første perioden omfattar verka fra mellomkrigstida. Desse verka er i hovudsak bygde- og utviklingsromanar skrivne i realistisk form, men med ein del eksperimentelle og psykologiske trekk. Dette var vanleg i norsk litteratur pa denne tida, som til dømes i verka til Olav Duun eller Kristoffer Uppdal . Blant høgepunkta i Vesaas sin tidlege forfattarskap finn vi Klas Dyregodt-trilogien med romanane Fars reise (1930), Sigrid Stallbrokk (1931) og Dei ukjende mennene (1932), samt Det store spelet (1934), som ein gjerne ser pa som ein av dei beste i forfattarskapen hans.

Den andre perioden i Vesaas sin forfattarskap er vanleg a plassere i to kategoriar: symbolske / allgoriske romanar, og realistiske romanar med underliggjande tematikk og symbolikk. Av symbolske/allegoriske romanar som Vesaas skreiv kan nemnast Huset i mørkret , Signalet , Brannen og Baten om kvelden , medan Kimen , Varnatt , Fuglane , Is-slottet og Bruene er realistiske/symbolske romanar. Bleikeplassen og Tarnet er ein stad i mellom.

Det er vanleg a seie at romanen Kimen (1940), som er tolka som ein allegori pa krigsstemninga og okkupasjonen, markerer starten pa Vesaas sin seinare forfattarskap. Vesaas, som mange andre, ga ikkje ut nokon verk medan Noreg var okkupert av Nazi-Tyskland . Etter krigen hadde han derimot ein stor produksjon. Han ga for første gong ut fleire diktsamlingar og sine beste romanar Fuglane (1957) og Is-slottet (1963) . Blant dei mest kjente dikta finn vi Snø og granskog fra Kjeldene (1946), Regn i Hiroshima fra Leiken og lynet (1947) og Det ror og ror fra Lykke for ferdesmenn (1949), som alle er høgdepunkt i norsk lyrikk.

Vesaas henta dei fleste av sine metaforar og symbol fra naturen . Naturen fungerer som resonansbotn for kjenslene og driftene til dei oppdikta personane. Oppbyggjelege element finst nesten alltid i Vesaas sine bøker. Opp mot dei mørke kreftene, livs- og dødsangsten, framandkjensla og sjølvdestruktive krefter vert det stilt opp lysare livskrefter. I kaoset er det alltid ein impuls til orden. Sjølv om Vesaas let mange av romanpersonane ga til grunne, finst det alltid eit hap for dei overlevande. Grunnverdiane kjem fram i komposisjon , tematikk og symbol.

Liv [ endre | endre wikiteksten ]

Tarjei Vesaas var fødd i Vinje og var eldste son av bonden Olav Vesaas og Signe f. Øygarden. Gjennom mora var han skyldt bergsætta pa Rauland, og var tremenning av Eivind Groven , Aslaug Vaa og Dyre Vaa . Han var fra 1934 gift med Halldis Moren Vesaas , som og var forfattar. Dei budde pa garden Midtbø i Særensgrend i Vinje, ein gard Vesaas kjøpte av farbroren sin, Øystein Vesaas i 1930. Tarjei og Halldis fekk to born: Olav og Guri .

Prisar [ endre | endre wikiteksten ]

Ettermæle [ endre | endre wikiteksten ]

I 1964 vann Tarjei Vesaas Nordisk rads litteraturpris for boka Is-slottet . For pengane oppretta han eit legat som kvart ar skal gje ein pris til den beste unge skjønnlitterære debutanten — Tarjei Vesaas' debutantpris .

Karl Ove Knausgard skriv litt provoserande i romanen Min Kamp 2 at Fuglane er den eine av to norske romanar skrivne etter krigen som er god. Den andre er Fyr og flamme (1980) av Kjartan Fløgstad .

Nobelprisvinnaren Doris Lessing sa om Is-slottet: 'How simple this novel is. How subtle. How strong. How unlike any other. It is unique. It is unforgettable. It is extraordinary' da romanen blei gjeven ut pa nytt pa Penguin Modern Classics . [1]

Filmografi [ endre | endre wikiteksten ]

Fuglane er blitt gjort til film to gonger. Fyrste gong i 1968 av den polske regissøren Witold Leszczy?ski med tittelen ?ywot Mateusza. I 2019 fekk romanen sin første norske filmversjonen med manus av Hilde Susan Jægtnes og Anders T. Andersen, som og hadde regi og hovudrolle.

I 1987 kom det ein filmvutgave av Is-slottet med regi og manus av Per Blom.

Bibliografi [ endre | endre wikiteksten ]

Romanar: [ endre | endre wikiteksten ]

  • Menneskebonn (1923)
  • Sendemann Huskuld (1924)
  • Grindegard (Morgonen) (1925)
  • Grindekveld eller Den gode engelen (1926)
  • Dei svarte hestane (1928)
  • Sigrid Stallbrokk (1931)
  • Dei ukjende mennene (1932)
  • Sandeltreet (1933)
  • Det store spelet (1934)
  • Kvinnor ropar heim (1935)
  • Hjarta høyrer sine heimlandstonar (1938)
  • Kimen (1940)
  • Huset i mørkret (1945)
  • Bleikeplassen (1946)
  • Tarnet (1948)
  • Signalet (1950)
  • Varnatt (1954)
  • Fuglane (1957)
  • Brannen (1961)
  • Is-slottet (1963)
  • Bruene (1966)
  • Baten om kvelden (1968)

Novellesamlingar: [ endre | endre wikiteksten ]

  • Klokka i haugen (1929)
  • Leiret og hjulet (1936)
  • Vindane (1953)
  • Ein vakker dag (1959)

Skodespel: [ endre | endre wikiteksten ]

  • Guds bustader (1925)
  • Ultimatum (1934)
  • Morgonvinden (1947)
  • Bleikeplassen (1953) (dramatisering av romanen fra 1946)
  • 21 ar (1953)
  • Avskil med treet (1953)

Diktsamlingar: [ endre | endre wikiteksten ]

  • Kjeldene (1946)
  • Leiken og lynet (1947)
  • Lykka for ferdesmenn (1949)
  • Løynde eldars land (1953)
  • Ver ny, var draum (1956)
  • Liv ved straumen (1970)

Anna [ endre | endre wikiteksten ]

  • Huset og fuglen (1971, posthumt) tekstar og bilete, redigert av Walter Baumgartner

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Vesaas, Tarjei, ≪The Ice Palace≫ , www.penguin.co.uk (pa engelsk) , henta 7. juli 2020