한국   대만   중국   일본 
Takle ? Wikipedia Hopp til innhald

Takle

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Takle
Foto: Bjarne Thune
Takle
Foto: Bjarne Thune
Verstasjonen pa Takle
Foto: Bjarne Thune

Takle er ei bygd ytst ved Sognefjorden i Gulen kommune . Bygda ligg langstrakt langs fjorden i aust-vestleg retning, med busetjing 20?30 moh. Staden ligg mellom fjorden og Søtekollen og Stølsfjellet, med utbygd vasskraft i sør. Taklevatnet ligg 292 meter over havet. Det er fylkesveg austover til Brekke og E 39 , og sørover til Eivindvik via Rutledalen i vest eller rett sørover via Takledalen og Austgulfjorden

Fra 1907 lag ogsa Takle Planteskule her, med stor fruktdyrking og skogsoppal. Det var Hans H. Takle som starta skulen etter endt studium i Danmark og Tyskland. [1]

Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap , BKK, driv Takle kraftverk med ein middelarsproduksjon pa 5,6 GWh. [2]

I bygda ligg Takle synoptiske verstasjon som er i drift i dag og vart oppretta 1950. Denne stasjonen malte 184,6 millimeter nedbør pa eit døgn i 1995. [3] Gjennomsnittleg arleg nedbørmengd (1961–1990) er 3176 millimeter.

Gardar [ endre | endre wikiteksten ]

Bygda utgjer gardane Indre Takle , Midttakle og Ytre Takle. Namnet pa desse vert uttala ta'kkle, i'nnstakkle, mi'ttakkle, y'sstakkle. [4] Namnet tyder: #Thak; pakleding av ulike artar, sengedekke, hustak, taknever, #Thal-le eller Thak-la; engslette eller lysning i skog

Gardar med usamansette naturrelaterte namn kan vera fra Noregs forhistoriske tid, det vil seia den fyrste halvdelen av folkevandringstida (400-800) [5]

Fra Sognefjorden ser desse tre gardane ut som ein stor gard, men med fleire tun, bruk med store hus, dyrka bakkar og mange akrar. All transport gjekk med bat, og pa stormfulle dagar var gardane isolerte. I 1899 kravde bøndene ein offentleg bygdeveg fra Brekke kyrkje over Ytre Brekke, Brekkestranda, Takle, Botnen til Indre Hjartholm. Vegen førte til at det vart bygd skulehus med lærarbustad pa Ytre takle i 1922–1923. [6]

Midttakle er truleg den eldste av dei tre gardane, ofte sett pa som ≪morgarden≫. Indre Takle er ein utflyttargard.

Kraftstasjonen pa Midttakle [ endre | endre wikiteksten ]

Sommaren 1910 byrja ein a tenkja pa a laga ein elektrisk kraftstasjon ved fossen fra Stølsvatnet pa Midttakle. Pa arsmøte i Brekke ungdomslag i 1937 vart saki teken opp att. Det vart laga eit framlegg til heradsstyret om a foreta ei undersøking av moglege kraftkjelder for elektrisk kraft i Brekke herad. Ungdomslaget sa seg viljug til a ta halvdelen av utgiftene. Heradsstyret vedtok at ein skulle rekna ut utgiftene ved ein elektrisk kraftstasjon ved tre fjellvatn med vassdrag:

  • Stølsvatnet med elva og fossen pa Midttakle
  • Storlivatnet med elva i Instefjorden
  • Botnevatnet ved stølen pa Engesæter og vassdraget der.

Konklusjonen var at det beste vatnet og vassdraget for ein elektrisk kraftstasjon for Brekke herad var Stølsvatnet med elv og foss pa Midttakle. [7]

Det vart nedsett ei arbeidsnemnd som ogsa skulle utforma ei skriftleg overtaking av Stølsvatnet med tilhøyrande vassdrag til heradsstyret. I 1939 gav bøndene pa Midttalke Brekke kraftlag ei skriftleg erklæring om at dei selde Stølsvatnet, elva og fossen pa Midttakle til Brekke herads kraftlag med rett til regulering og utbygging og i tillegg grunn til ein kraftstasjon, vegar og lasteplassar mot at bøndene pa Midttake fritt fekk elektrisk kraft til dei 20 husa sine. [8]

Det var mogleg a teikna seg for aksjar eller for dagsverk i Brekke herads elektriske kraftlag. Kraftlaget vart registrert i handelsregisteret men den føresetnaden at heile heradet skulle fa elektrisk kraft, men utbygginga skulle gjerast stykkevis. Det vart og vedteke at Brekke herads elektriske kraftlag skulle slaast saman med det elektriske kraftlaget i Gulen. Dei to kraftlaga skulle byggja ut kraftstasjonen i Midttakleelva . Gav denne for lite elektrisk kraft skulle ogsa Kløvtveitvatnet byggast ut.

I 1943 var kraftstasjonen pa Midttakle ferdig og linjenettet i distriktet og omtrent alle installasjonane i heimane var ferdige. 1. februar 1943 klokka 10 vart den elektriske straumen sett pa. [9] Takle kraftverk var i drift fram til 1993.

Referansar [ endre | endre wikiteksten ]

  1. NRK Sogn og Fjordane leksikon - NRK.
  2. BKK nettstad om Takle kraftverk , arkivert fra originalen 16. mars 2013 , henta 5. november 2010  
  3. oversyn største døgnnedbør i Noreg etter 1990 [ daud lenkje ]
  4. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt , bind 3 side 759
  5. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt , bind 3 side 759
  6. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt , bind 3 side 760
  7. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, bind 3 side 830
  8. Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, bind 3 side 831
  9. Engsæther, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt, bind 3 side 832–833

Litteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Engesæter, Ludvig, Brekke Herred, Gard, Tun og Ætt , Bind 1–3 1944

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]