한국   대만   중국   일본 
T-skjorte ? Wikipedia Hopp til innhald

T-skjorte

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
T-skjorte med T-en markert. Teikning: Christian Glaeser.
Bilde av ei typisk t-skjorte.

Ei t-skjorte er ei enkel skjorte med beine liner og korte ermer som gjev henne form som ein T . Opphavleg var ho berre brukt som ei underskjorte , men i dag er det og vanleg a bruka berre t-skjorte som overplagg i avslappa samanhengar. Dei første t-skjortene var enkle kvite bomullsplagg , men dei blei etter kvart laga i ulike fargar og med mønster eller patrykt tekst. T-skjorter blir brukte av begge kjønn og av folk av alle aldrar, sjølv om dei nok er mest populære blant ungdom .

Den moderne uniforma: Dongribukse og T-skjorte med tekst.

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Undertrøyer med t-form var lenge i bruk i Europa som undertøy for menn. Under den første verdskrigen fekk sveittande ullkledde soldatar fra USA augene opp for dei lette bomullsplagga som europeiske soldatar brukte under uniforma . Dei amerikanske soldatane tok til a bruka desse, og i den andre verdskrigen fekk dei utdelt t-skjorter som standard undertøy.

Etter krigen tok ein til a ga med t-skjorta utan skjorte over. Filmstjernene John Wayne , Marlon Brando og James Dean hadde alle dette antrekket da dei var pa fjernsyn . Publikum blei først sjokkerte, men godtok etter kvart bruken. Da James Dean brukte ei slik skjorte i filmen Rebel Without A Cause i 1955 , blei t-skjorta eit moteplagg .

Pa 1960-talet fekk ein nye variantar av sjølve plagget, som til da berre hadde hatt korte ermer og rund krage . Na blei det og laga t-skjorter utan ermer og med V-kragar og mykje anna. Folk tok og til med a dekorera og farga t-skjortene sine. Etter kvart blei det heilt vanleg a bruka t-skjorter til a uttrykka noko ein stod for eller spreia reklame .

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: T-skjorte