한국   대만   중국   일본 
Tørke ? Wikipedia Hopp til innhald

Tørke

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket

Tørke er ein lengre periode der tilgangen til vatn er under dei statistiske behova for ein region. Vanlegvis er tørke ein lengre periode med regnmengder under normalen, men kan og vere tørre brønnar eller innsjøar . Kva som er normale nedbørsmengder varierer derimot fra region til region, og tørke oppstar i om lag alle klimasoner i vera. Konsekvensen av tørken kan derimot variere mykje fra omrade til omrade, avhengig av jordbruk og vassbehov.

Definisjon [ endre | endre wikiteksten ]

Jorde nær Benambra, Victoria i Australia som lid av tørke.

Ein har fire grupper tørke:

  • Meteorologisk tørke oppstar nar ein har ein lengre periodar med mindre regn enn normalt. Som oftast er dette starten pa dei andre gruppene med tørke.
  • Jordbrukstørke oppstar nar avlingar ikkje far nok fukt. Desse forholda kan oppsta pa grunn av jordsmonn og jordbruksteknikkar, sjølv om ein har normal nedbør.
  • Fysiologisk tørke oppstar nar planter har vore utsett for store mengder salt , som hindrar dei a ta opp vatn fra jorda. Dette har ikkje samanheng med meteorologisk tørke.
  • Hydrologisk tørke har ein nar eit vassreservoar som eit vassførande sjikt, ein innsjø eller eit reservoar har mindre vatn enn det statistiske middelet. Denne typen tørke kan oppsta sjølv om ein har normal nedbør nar ein bruker vatn fra reservoaret.

Konsekvensar [ endre | endre wikiteksten ]

Periodar med tørke kan ha stor innverknad pa miljø, økonomi og sosiale forhold. Dei mest vanlege konsekvensane er:

Konsekvensen kan variere etter kven som vert raka. Ein sjølvberga bonde ma kanskje flytte under tørkeperiodar fordi han kanskje ikkje har andre matkjelder. Folkegrupper som er avhengige av sjølvbergingsjordbruk er mest sarbare for tørke og svolt. Tørke er sjeldan den einaste arsaka til svolt. Sosialpolitiske faktorar, som utbreidd fattigdom, spelar og ei stor rolle.

Tørke kan og redusere vasskvaliteten fordi svake vasstraumar ikkje blandar ut forureining like godt.

Kjende tørkeperiodar [ endre | endre wikiteksten ]

1800-1900-talet, Kapp Verde [ endre | endre wikiteksten ]

Tre tørkar førte til at meir enn 100 000 mista livet. Desse tørkane førte til at mange flytta til stader som New England for a delta i kvalfangstindustrien

1900 , India [ endre | endre wikiteksten ]

250 000 til 3,25 millionar døydde som følgje av tørke, svolt og sjukdom.

1921 - 22 , Sovjetunionen [ endre | endre wikiteksten ]

I Ukraina og Volgaomradet mista mellom 250 000 og 5 millionar menneske livet som følgje av svolt og tørke.

1928 - 30 , nordvestlege delar av Kina [ endre | endre wikiteksten ]

Svolt førte til at 3 millionar menneske mista livet.

1936 , Sichuanprovinsen i Kina [ endre | endre wikiteksten ]

Den verste tørken i moderne historie. 34 millionar bønder vart omplassert og 5 millionar menneske mista livet.

1930 - 37 , USA og Canada [ endre | endre wikiteksten ]

Tre tørkeperiodar desse ara dannar ein tidsperiode som vert kalla ≪The dust bowl≫. Sidan desse tørkeperiodane skjedde samtidig med den økonomikse depresjonen i USA, fekk den stor innverknad, og førte til at fleire omrade vart tømd for folk som ikkje lenger kunne leve av jordbruk. Desse folka vert kalla ≪Okies≫.

1941 , Sichuanprovinsen , Kina [ endre | endre wikiteksten ]

Den tørken var ikkje sa alvorleg som den i 1936, men tok likevel livet av 2,5 millionar menneske. Sidan Kina var i krig med Japan pa denne tida kan tørken ha vore indirekte arsaka til mange andre dødsfall.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]