한국   대만   중국   일본 
Statsuniversitetet i St. Petersburg ? Wikipedia Hopp til innhald

Statsuniversitetet i St. Petersburg

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Statsuniversitetet i St. Petersburg

Motto Hic tuta perennat, Здесь в безопасности пребывает
Grunnlagt 8. februar 1724
Rektor Ljudmila Verbitskaja
Stad St. Petersburg
Studentar 26 000
Nettstad http://www.spbu.ru/ (russisk)
Hovudbygningen til universitetet pa Vasilij-øya inneheld blant anna kontoret til rektor og universitets-administrasjonen. Bygningen vart oppført etter ordrar fra Peter den store .

Statsuniversitetet i St. Petersburg ( russisk Санкт-Петербургский государственный университет), grunnlagt i 1724, er eit av dei eldste, største og mest prestisjetunge universiteta i Russland . Under Sovjetunionen var universitetet kjent som Statsuniversitetet i Leningrad.

Universitetet bestar av 20 fakultet og 13 forskingsinstitutt, samt krigsskule og idrettsskule. Dei fleste av universitetsbygningane er i dei to store universitetsomrada pa høvesvis Vasilij-øya og i Peterhof . Universitetet har over 30 000 studentar, og over 10 000 tilsette. [1] Atte tilsette ved universitetet har motteke Nobelprisen .

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Det er omstridt i kva grad Statsuniversitetet i Moskva eller Statsuniversitetet i St. Petersburg er det eldste universitetet i Russland. Medan Statsuniversitetet i Moskva vart grunnlagt i 1755, har Statsuniversitetet i St. Petersburg eksistert samanhengande sidan 1819, men hevdar a vidare vere eit direkte framhald av universitetsinstitusjonen som vart etablert av Peter den store i samband med grunnlegginga av Det russiske vitskapsakademiet 24. januar 1724. [1] Den første rektoren ved universitetet, Gerhardt Friedrich Muller , vart utnemnd i 1747. [1]

I utgangspunktet utgjorde universitetet eit reint forskingsinstitutt for vitskapsakademiet, men allereie fra 1726 vart det halde offentlege foredrag der. I perioden 1803 til 1819 eksisterte universitetet formelt sett ikkje. Berre pedagogisk institutt bestod i denne perioden, etablert i 1806, og dette danna grunnlaget for stiftinga av dagens universitet i 1819. [1]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 St. Petersburg State University : University today , arkivert fra originalen 28. oktober 2012 , henta 19. mars 2013  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]