한국   대만   중국   일본 
St Davids ? Wikipedia Hopp til innhald

St Davids

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
St Davids
Tyddewi
by
Offisielt namn: St David's and the Cathedral Close
Land   Wales
Fylke Pembrokeshire
Kart
St Davids
51°52′56″N 5°16′07″W  /  51.882222222222°N 5.2686111111111°W  / 51.882222222222; -5.2686111111111
Wikimedia Commons: St David's

St Davids ( walisisk Tyddewi ), formelt St David's and the Cathedral Close, er ein by i Pembrokeshire i Wales. [1] Det er den minste byen i Storbritannia med kring 2000 innbyggjarar (2004). Bystatusen city blir normalt brukt om større byar, men som her har historiske religiøse røter. St Davids ligg ved elva Alun, pa St David's halvøy. Byen er den de facto geistlege hovudstaden i Wales og kvilestaden for den walisisisk vernehelgenen, den heilage David .

Byen voks opp kring St Davidskyrkja, som er vigd den nasjonale vernehelgenen ; det er fordi dette er ei domkyrkje at St Davids fekk status som by. I mellomalderen var byen eit viktig pilegrimsmal . Ruinar av palasset til biskopen fra 1300-tale, ligg ved sida av domkyrkja, og blir vedlikehalde av Cadw .

Ifølgje tradisjonen blei heilage David fødd ved St Non's like sør for byen kring ar 500. Han skal ha blitt døypt ved Porthclais , som no er hamneomradet til St Davids. Det er og heilage David som far æra for grunnlegginga av byen, da under eit anna, ukjent namn, kring 550.

Andre attraksjonar i byen er ein byport fra 1200-talet, ein keltisk høgkross og eit akvarium . Byen er eit populært mal for fotturistar, som kan bu pa eit av fleire hotell eller pa ungdomsherberget her. Det finst berre ein pub i St Davids, noko som er særs uvanleg for ein britisk by.

St Davids er den einaste byen i Storbritannia som heilt ligg inne i ein nasjonalpark, det vi seia Pembrokeshirekysten nasjonalpark.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Office for National Statistics : Census 2001 : Parish Headcounts : St David's and the Cathedral Close , arkivert fra originalen 13. juni 2011 , henta 1. august 2020