한국   대만   중국   일본 
Srinivasa Ramanujan ? Wikipedia Hopp til innhald

Srinivasa Ramanujan

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Srinivasa Ramanujan

Fødd 22. desember 1887
Erode
Død 26. april 1920
Kumbakonam
Nasjonalitet Britisk India
Omrade kombinatorikk , talteori , matematikar
Yrke matematikar
Institusjonar Trinity College i Cambridge
Chennai Port
Alma mater Trinity College i Cambridge
Town Higher Secondary School
Government Arts College, Kumbakonam
Pachaiyappa's College
University of Cambridge
Doktorgradsrettleiar G.H. Hardy
John Edensor Littlewood
Ektefelle Janakiammal
Medlem Royal Society
Srinivasa Ramanujan

Srinivasa Aiyangar Ramanujan ( 22. desember   1887 26. april   1920 ), pa tamil ????????? ???????? ????????? , var ein sjølvlært, genierklært matematikar fra den noverande delstaten Tamil Nadu i India . Han arbeidde særleg med analytisk talteori .

Livssoge [ endre | endre wikiteksten ]

Ramanujan var fødd i Erode . Han utvikla svært kompliserte teorem , fleire som ingen andre indiske matematikarar kunne forsta. I 1913 sende han eit brev til G.H. Hardy ved Trinity College i Cambridge der han lista opp ei lang rekke slike teorem. Etter noko nøling inviterte Hardy Ramanujan til England. Indaren pa si side matte overtyda mora si om at reisa var viktig; ho var redd for at han ville mista kasta si om han forlet India.

I England gjorde Ramanujan stor suksess. Han blei ein Fellow ved Trinity og i Royal Society , det engelske kongelege selskapet, som var den høgaste æra innan naturvitskap i det britiske imperiet . Opphaldet verka derimot darleg inn pa helsa hans, kanskje grunna stress og darleg tilgang pa vegetarmat under den første verdskrigen . Ramanujan fekk diagnosen tuberkulose og sterk vitaminmangel , men nyare forsking tyder pa at han kan ha hatt hepatitt .

Ramanujan drog tilbake til India, der han døydde i Kumbakonam i 1920. Han etterlet seg ei kone, Srinivasa Janaki Ammal , som budde utanfor Chennai fram til ho døydde i 1994 . Dei to var blitt formelt gifte da ho var ni ar gammal, ein noksa vanleg skikk i India pa denne tida.

Ramanujan og tala [ endre | endre wikiteksten ]

Matematikaren John Edensor Littlewood sa om Ramanujan at ≪kvart positive heiltal er ein av Ramanujans personlege vener≫. I ei kjend historie kunne indaren pa staande fot fortelja Hardy kvifor talet 1729 var sa interessant.

Som matematisk arv etterlet Ramanujan seg fleire hundre ark med teorem pa, utan prov. Han hadde truleg gjort sjølve utrekninga pa ei stein tavle for a spara dyrt papir . Fleire matematikarar har arbeidd for a prova teorema hans, mellom anna G. H. Hardy , G. N. Watson , B. M. Wilson og Bruce Berndt .

Ramanujan meinte sjølv at evnene hans kom fra Gudinna .