한국   대만   중국   일본 
Songhairiket ? Wikipedia Hopp til innhald

Songhairiket

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Songhairiket rundt 1500.

Songhai- eller Songhayriket var eit stort vestafrikansk handelsrike pa 1400- og 1500-talet, grunnlagd av muslimske songhaiar . Riket dekte store delar av omrade rundt Nigerelva med tyngdepunkt ved den store bøyen i elva som ligg i dagens Niger og Burkina Faso , nadde ogsa Atlanterhavet og dekte delar av det moderne Mali . Songhai erstatta i stor grad det tidlegare Maliriket .

Riket blei danna rundt elvebyen Gao , der songhaiane skal ha busett seg rundt 800. Byen blei først gjort til hovudstad ved byrjinga av 1000-talet, under herskaren Kossoi.

Under krigarkongen Sonni Ali pa 1400-talet nadde Songhairiket si største utstrekking. Ali nedkjempa mossiar , tuaregar , dogonar og fulaniar som blei sett pa som trugsmal mot riket, og utførte ei rekkje erobringar over det sviktande Maliriket . Under han fekk Songhairiket den største utstrekkinga noko afrikansk rike har hatt. Medan Sonni Ali er blitt skildra som ein tyrann pa grunn av brutal framferd da han tok Timbuktu , er han og kjend for a ha harmonisert dei muslimske interessene til bybuarane i riket med dei tradisjonelle afrikanske religionane pa landsbygda.

Sonen Sonni Baru, som derimot tok parti med landsbybuarane, blei avsett av Mohamma Ture , kjend som Askia ('tronrøvar'). Askia Mohammad sameinte riket politisk. Han innførte eit velorganisert byrakrati, bygde skular og moskear og inviterte lærde og diktarar fra heile den muslimske verda til hoffet sitt. Men ogsa han førte fleire hærtog mot tilgrensande folk.

Riket fall da viktige delar av det blei erobra av Marokko fra midten av 1500-talet. Ved hjelp av skytevapen kunne dei marokkanske styrkane ta Tondibi, Timbuktu og Gao. Geriljakriging fra landsbysonghaiane si side lukkast ikkje i a ta tilbake byane, som blei verande under marokkansk styre til dei braut ut i fleire mindre kongedøme.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Spire Denne historieartikkelen som har med geografi a gjere, er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .