Song-dynastiet

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Kinesisk historie
Den kinesiske muren
Den kinesiske muren
Sanhuangwudi-perioden (mytologisk)
Xia-dynastiet
Sh?ng-dynastiet
Zh?u
Var- og haustannaltida Austlege Zh?u
Dei stridande statane
Qin-dynastiet
Vestlege Han Han
X?n
     Austlege Han

     Tang-dynastiet

(avbrote av Andre Zh?u )
Republikken Kina ( Taiw?n )

Song eller Sung-dynastiet var eit herskardynasti som radde i Kina fra 960 til 1279 . Grunnlegginga av Song-dynastiet var den fyrste gongen Kina vart sameina etter at Tang-dynastiet fall i 907.

Song-perioden kan delast inn i to, den nordlege Song-perioden og den sørlege Song-perioden. I den fyrste av dei to periodane (960-1127) lag hovudstaden i den nordlege byen Kaifeng og dynastiet kontrollerte heile Kina. Etter at Song mista kontrollen over det nordlege Kina til Jurchen Jin-dynastiet flytta hoffet sør for Yangtze og la sin nye hovudstad til Hangzhou . Den sørlege Song-perioden varte fra 1127?1271, og vart endeleg øydelagd av det mongolske Yuan-dynastiet , som vart proklamert i 1271 og knekte Song i 1279.

Omrada kontrollert av det nordlege Song-dynastiet i 1111.
Omrada kontrollert av det sørlege Song-dynastiet og av Jin-dynastiet i 1142.

Grunnleggjarane av Song-dynastiet bygde ut eit effektivt sentralisert byrakrati , der meir makt var sentralisert hja keisaren og palassbyrakratiet enn hja tidlegare dynasti. Song-dynastiet er elles kjend for utviklinga av byar ikkje berre som administrative senter, men ogsa som senter for handel, industri og sjøfart. I Song-perioden gjekk Kina gjennom ei større industriell omvelting, med massiv vekst i produksjonen av jern , og viktige nyvinningar som krutet . Hangzhou kan ha hatt sa mange som 500.000 innbyggjarar i ei periode der berre Paris og Venezia av europeiske byar hadde høgare innbyggartal enn 100.000.

I Song-perioden sag ein ei ny interesse for konfutsianistiske ideal, og neokonfutsianismen blomstra opp. Zhu Xi (1130-1200) og andre kombinerte konfusianistisk tankegods med idear fra buddhismen og taoismen . Ideane til neokonfusianistane vann vesentleg innpass i det kinesiske samfunnet i hundreara som følgde, og spela ogsa ei vesentleg rolle i Korea , Vietnam og Japan .