한국   대만   중국   일본 
Smelteomnen ? Wikipedia Hopp til innhald

Smelteomnen

Koordinatar : Sky map 03 h 00 m 00 s , ?30° 00′ 00″
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Smelteomnen
Smelteomnen
Smelteomnen
Latinsk namn Fornax
Forkorting For
Genitivsform Fornacis
Symbologi Namngitt av la Caille
Rektasensjon 3 h
Deklinasjon ?30°
Areal 398 kvadratgrader
nr. 41 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
Ingen
Sterkaste stjerne α For (3,87. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane + ° og −90°

Smelteomnen (fra latin Fornax ) er eit stjernebilde pa den sørlege himmelhalvkula . Det vart namnsett av den franske astronomen Nicolas Louis de Lacaille i 1756. Smelteomnen er eit av dei 88 moderne stjernebileta.

Kjende objekt [ endre | endre wikiteksten ]

Stjernebiletet Smelteomnen slik det er for det nakne auga.

Stjerner [ endre | endre wikiteksten ]

Alfa Fornacis er ei dobbeltstjerne som er mogeleg a sja i sma amatørteleskop. Primærstjerna er ei gulaktig hovudseriestjerne med storleiksklasse 3,9 og den sekundære er ei gul stjerne med storleiksklasse 6,5; den sekundære kan vere ei variabel stjerne . Ho har ein periode pa 300 ar og ligg 46 lysar fra jorda. Beta Fornacis er ei gul kjempestjerne med storleiksklasse 4,5, 169 lysar fra jorda. [1]

Djupromsobjekt [ endre | endre wikiteksten ]

Smelteomnen har vore eit mal for undersøkingar inn i dei mest fjerntliggande omrada av universet . Hubble Ultra Deep Field ligg i Smelteomnen og Smelteomnhopen , ein liten galaksehop , ligg hovudsakleg i Smelteomnen. Her finst fleire ultrakompakte dverggalaksar som er mykje mindre enn tidlegare kjende dverggalaksar , kring 120 lysar pa tvers. [2]

NGC 1049 er ein kulehop 500 000 lysar fra jorda. Han ligg i Smelteomnen dverggalakse . [3]

UDFj-39546284 er ein mogeleg protogalakse i Smelteomnen, [4] [5] [6] [7] men nyare analysar har indikerat han truleg har lagare raudforskyving, og derfor ikkje ligg sa langt borte (og attende i tid). [8] [9]

HIP 13044 b er ein eksoplanet i stjernebiletet, rapportert i november 2010, og det vart oppdaga at denne hadde opphav utafor galaksen. [10]

NGC 1097 er ein stavspiralgalakse i Smelteomnen, kring 60 millionar lysar fra jorda. Han er ein seyfertgalakse med sterke spektralband som indikerer ionisert gass og eit sentralt supermassivt svart hol .

NGC 1365 er ein annan stavspiralgalakse som ligg 60 millionar lysar fra jorda. Som NGC 1097, er han og ein seyfertgalakse .

NGC 1360 er ei planetarisk take i Smelteomnen med ein storleiksklasse pa kring 9,0, 978 lysar fra jorda. Den sentrale stjerna har storleiksklasse 11,.4, og er uvanleg lyssterk. Ho er fem gonger sa stor som den kjende Ringtaka i Lyra . [11]

Smelteomnen A er ein radiogalakse . [1] Han er ein av dei nærmare aktive galaksane til jorda i ein avstand pa kring 80 millionar lysar.

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Smelteomnen