Smør

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Fast og smeltande smør pa ein crumpet .
Europeisk kvinne kinnar smør. Stikk fra 1499.
I moderne smørlaging kan ein til dømes bruka ein mixmaster .
Foto: Adam Engelhart

Smør (norrønt smj?r el. smør ) [1] er ei feit, gulfarga matvare laga ved a kinna fløyte og gjerne smaksett med salt og mjølkesyrekulturar . Det bestar av rundt 80 % mjølkefeitt, andre mjølkedelar og vatn. Smør er i fast form ved romtemperatur, men smeltar til ei tynn væske ved 32 °C-35 °C. Smørlaging er ein konserveringsmetode kjent i alle kulturar som har halde husdyr . Ein bruker smør i matlaging , til dømes steiking og baking , og til a smøra pa brødmat , særleg brødskiver .

Smørstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Vanlegvis lager ein smør av kumjølk , men det kan ogsa koma fra andre mjølkeproduserande dyr som geit , sau eller bøffel . I norsk tradisjon bruker ein hovudsakleg surna fløyte til a laga smør, mens andre kulturar bruker frisk ravare.

Smørfargen skal vera jamnt gul, men er avhengig av foret til mjølkedyra. Sommarbeite med mykje betakaroten i foret fører til at smøret far gulfargen naturleg, medan vinterforing med tørrfor gjev eit bleikare, nesten kvitt, smør. Ein tilsett gjerne betakaroten for a fa den ønska fargen; i tidlegare tider til dømes med kokevatn for gulrøter .

Manuell smørproduksjon [ endre | endre wikiteksten ]

Smørkinning pa Haukeliseter ca. 1890.
Foto: Axel Lindahl /Norsk Folkemuseum)

Separering [ endre | endre wikiteksten ]

Første trinn i smørlaginga er a skilja heilmjølk til skumma mjølk og fløyte. Dette gjer ein i dag ved hjelp av ein separator , som er ein slags sentrifuge . Utan separator kan ein setja mjølka pa eit flatt mjølkefat eller ein mjølkeringe , sa flyt fløyten til toppen og kan takast av.

Kinning [ endre | endre wikiteksten ]

Fløyten blir kinna i ei kinne , anten for hand med ein stav eller ved hjelp av ei sveiv i ei sveivekinne. Ved kinninga blir det danna sma smørklumpar som gar vidare i prosessen, medan den feittfattige kinnemjølka blir sila av.

Forming [ endre | endre wikiteksten ]

Ferdigkjerna smør blir pressa i ei smørpresse eller ein butt. Her pressar ein ut vatn, luft og dei siste restane av kjernemjølk samtidig som ein gjev smøret ei eins samansetjing. Ein kan ogsa elta inn farge og tilsetjingar som salt eller urter .

Smøret kan deretter formast slik ein vil ha det; anten som ein enkel firkant eller sylinder, forma med smørjern til sma kuler som lett mjuknar og kan smørast, eller pynta med mønster eller figurar ved hjelp av ei smørform.

Smør i kulturen [ endre | endre wikiteksten ]

I tidlegare tider var det skikk a ofra litt smør til sola nar ho viste seg første dagen utpa vinteren. Det var som et offer og takk til solguden.

Langt inn pa 1900-talet var smør eit viktig betalings- og byttemiddel . Den norske skattereforma av 1617 var basert pa at folk betalte skatten sin i smør. Ein smør laup var det same som 18 kg smør.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Smør