Skomakar

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Skomakearverkstad. Tresnitt av Jost Amman fra Das Standebuch (1568)

Ein skomakar er ein handverkar som lagar og vøler skotøy .

Skomakarane var ei dominerande yrkesgruppe i Noreg fra 1200-talet. Skomakaren utførte heile arbeidsprosessen; han garva skinn , sydde sko og støvlar og hadde direkte kontakt med kundane. Det norrøne ordet for desse skomakarane var sutari som ein finn igjen i finsk, suutari .

Fram til byrjinga av 1600-talet var skomakarane relativt velstaande. Deretter blei garvarane ei eiga yrkesgruppe, og dei tok mykje av fortenesta.

Fabrikksydde sko blei vanlege i andre halvdel av 1800-talet, da ein tok til a bruka maskinar i produksjonen. Etter at lauga blei oppløyste i 1870 blei det grunnlagd skomakarlag i byane, og i 1908 blei Norges Skomakermester-forbund oppretta.

Skomakarar i kulturen [ endre | endre wikiteksten ]

Crispinus og Crispinianus er vernehelgenar for skomakarar.

Skomakarar er nemnde i ordtak som ≪ skomakar, bli ved din lest ≫ og ≪skomakaren sine barn har ikkje sko.≫

I litteraturen er ein skomakar hovudperson i Tolstoj si novelle ≪ Der det er kjærleik, der er Gud ≫. Jens Petrus Andersen, spela av Henki Kolstad , er hovudperson i den norskejulekalenderserien Jul i Skomakergata

Kjende skomakarar [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. ≪The Wildsmith Loafer≫ . Henta 7. august 2014 .  

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Skomakar
Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire . Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom a utvide han .