한국   대만   중국   일본 
Skjold til vern ? Wikipedia Hopp til innhald

Skjold til vern

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Gresk bronseskjold fra Delfi

Skjold er utstyr ein kan halda framfor eller over seg for a verna seg mot vald eller andre farar. Som regel blir skjoldet halde i handa. Det er umuleg a datera det første skjoldet, men ein veit at ein fra antikken til den seine mellomalderen brukte det som ein fast del av kamputrustinga. Skjoldet har i dag skifta karakter og blir brukt som utrusting for m.a. politistyrkar .

Eit skjold er ein enkel maskin , som har ein omvend kileeffekt og ein impulstidsspreiende verknad. Effekten av den omvende kileeffekten er at krafta til noko spisst over eit lite areal blir spreidd via det stive skjoldet til knoklane i handa og armen. Den impulstidsspreiande verknaden kjem av massen til skjoldet.

Dansk politimann med skjold av pleksiglas.

Dei eldste skjolda [ endre | endre wikiteksten ]

Dei eldste skjolda blei laga av tre eller huder, og er dermed lett nedbrytbare. Skjold ein kan sja hja naturfolk i Afrika i nyare tid er vidareutvikla fra antikke skjold.

Funn i Danmark [ endre | endre wikiteksten ]

Det første funnet i Danmark er av skjoldkuler (halvkula av jern som sit midt pa skjoldet og vernar handa til beraren). Ut fra desse kan ein berre gjetta om storleiken og utsjaanden til sjølve skjoldet. I 2008 fann ein eit intakt skjold i Slagelse som malte 80-90cm i diameter. Ein meiner det stammar fra slutten av 900-talet.

Skjold som viktig vapen [ endre | endre wikiteksten ]

Demonstrasjon av romerske testudo , skjelpaddeformasjon.

Ein veit at skjold har vore ein viktig del av utrustinga pa slagsmarken i oldtida. Men romarane gjorde skjoldet til eit ultimat defensivt vapen. Skjoldet deira ( scutum ) var utvikla fra runde og ovale til rektangulære skjold. Dei var store nokk til at ein mann kunne skjulast bak skjoldet. Samstundes boga overflata seg, sa piler, slag og andre atak kunne bøya av uten at overføra den samla atakskrafta til skjoldet. Den best kjende bruken av skjold fra den greske oldtida finn ein i atakstaktikken phalanx , som bestar av ein hær i geledd i ein firkanta formasjon. Under atak kunne phalanxen danna ei skjoldborg ( testudo i romersk krigsføring), som kunne sikra at ein kunne rykka fram sjølv om formasjonen blei angripen med pilar og stein. Phalanxen og særleg skjoldborga var frykta.

I nordisk historie [ endre | endre wikiteksten ]

Reenactment med skjold ved Festiwal Słowian i Wikingow i Wolin.

Skjold blei mykje brukt av nordiske vikingar. Kvar krigar dekorerte sitt eige skjold, eller det hadde stammefargar. Pa den maten kunne ein sja kven som var ven og kven som var fiende pa slagmarka.

Skjolda var laga av eit slags bord og kunne vera overtrekt med dyrehud. I midten var skjoldkula, som var laga av jern. Pa baksida av denne var det eit handtak til a halda skjoldet med. Det har og vore ei reim pa innsdia der ein kunne spenna skjoldet pa underarmen tett ved olbogen, eller ei skulderreim sa skjoldet kunne berast pa skuldra. Nokre skjold fra vikingtida har og ei jernreim i stil med eit tønneband langs omkrinsen, noko som gav det ytterlegare styrke. Kor mykje jern ein hadde pa yttersida av skjoldet har nok vore avhengig av styrken til den enkelte krigaren. Funna er avgrensa til skjoldkuler. Vikingeskjold var heilt runde.

Vikingskip og langbatar er ofte blitt framstilte skjold langs relinga, men der er ikkje bevis for at dei var slik. Om vikingar har hatt skjolda pa sida av skipet, kan det ha hatt fleire arsaker. Om skjoldet til kvar krigar var unikt, ville ein kunne sja kven som segla med skipet, og det kunne kanskje og vera ein mate a visa at ein krigar var fallen pa (om skjoldet hans ikkje var pa plass ved heimkomsten). Det kan og ha hatt den praktiske grunnen at nar ein langbat segla oppa kysten, var skjolda for handa nar krigarane sprang over bord og gjekk til atak.

Maling [ endre | endre wikiteksten ]

Skjold som er funne har spor av farge. Fra dette utvikla ein heraldikk i mellomalderen. I dag bruker ein heraldikk i kommunevapen og vapenskjold .

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Skjold