한국   대만   중국   일본 
Sjantarøyane ? Wikipedia Hopp til innhald

Sjantarøyane

Koordinatar : 55°00′N 137°36′E  /  55.000°N 137.600°E  / 55.000; 137.600
Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sjantarøyane
øygruppe
Land   Russland
Kart
Sjantarøyane
55°00′N 137°45′E  /  55°N 137.75°E  / 55; 137.75
Wikimedia Commons: Shantar Islands

Sjantarøyane ( russisk Острова Шантарские; Ostrova Sjantarskije ) er ei gruppe pa femten øyar i Udabukta sørvest i Okhotskhavet i Khabarovsk kraj i Russland . Øyane ligg utanfor kysten av Sibir . Dei fleste øyane er kuperte klipper og det høgaste punktet i øygruppa er 720 meter over havet.

Den største øyane i Sjantarøyane er Bolsjoj Sjantar (1 790  km² ). Ho er 72 km lang og 49 km brei. Her ligg ein stor brakkvassjø (Bolsjojesjøen) i nord som er knytt til resten av havet via eit smalt sund. Det finst nors i denne sjøen. [1]

Andre øyar i øygruppa er Feklistovaøya (372 km²), Maly Sjantar, (100 km²), Prokofjeva, Sakharnaja Golova, Belitsjij, Kusova, Ptitsjij, Utitsjij, Juzjnyj og Medvezjij, som ligg like utanfor kysten.

Økologi [ endre | endre wikiteksten ]

Det er ingen permanente busetnader pa Sjantarøyane, men dei vert ofte vitja av kommersielle fiskarar som nyttar dei som base. Andre økonomiske føretak pa øya er pelsjakting, i tillegg til tømmerhogst, som tidlegare ofte vart utført ulovleg. [2] Det er granskogar pa dei største øyane. [3] Andre tre i taigaen pa øyane er sibirsk furu og fjellfuru .

Sjølv om det er fa spor etter menneskeleg paverknad er økosystemet pa Sjantarøyane truga. Det er mange utryddingstruga dyreartar pa øyane, inkludert nordfiskeugle , fiskeørn , svartstork , grastrupedykkar , jaktfalk , eremittsnipe , stellerhavørn og sibirrype . [4]

Brunbjørn , sobel og mar er vanlege pa Sjantarøyane. [5]

Havomradet rundt øyane er isdekt om lag atte manader av aret, sa dei er landfaste det meste av tida. Storkobbe , grønlandskval og grakval er vanlege i farvatnet utanfor øyane.

Den største trugselen til miljøet pa Sjantarøyane er eit foreslatt tidvasskraftverk , som ein for tida ikkje har god nok økonomi for a byggje. [4]

Historie [ endre | endre wikiteksten ]

Den første dokumenterte utforskinga av Sjantarøyane var i april 1640 da den russiske utforskaren Ivan Moskvitin visstnok segla til munningen av elva Amur med ei gruppe kosakkar og fekk auge pa Sjantarøyane pa veg tilbake. Moskvitin rapporterte oppdaginga til fyrst Sjtsjerbatov, ein voivode fra Moskva i Tomsk . Basert pa nedteikningane til Ivan Moskvitin vart det første russiske kartet av Det fjerne austen teikna i mars 1642.

Sjantarøyane vart utforska av russarar mellom 1711 og 1725. [6]

Det er planar om a erklære Sjantarøyane nasjonalpark i 2010. [4]

Nærliggande øyar [ endre | endre wikiteksten ]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Bolsjojesjøen , arkivert fra originalen 3. mars 2016 , henta 8. august 2008  
  2. Ulovleg jakt og fiske pa Sjantarøyane
  3. Taiga pa Sjantarøyane , arkivert fra originalen 23. juli 2011 , henta 8. august 2008  
  4. 4,0 4,1 4,2 Økosystem: Sjantarøyane (PDF) , arkivert fra originalen (PDF) 17. mai 2008 , henta 8. august 2008  
  5. Fauna
  6. Russiske oppdagingar i Arktis og Stillehavet av A. V. Efimov

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

55°00′N 137°36′E  /  55.000°N 137.600°E  / 55.000; 137.600