한국   대만   중국   일본 
Sjakkbrikka bonde ? Wikipedia Hopp til innhald

Sjakkbrikka bonde

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Svart og kvit bonde.

Bonden er den svakaste og mest talrike brikka i brettspelet sjakk . Kvar spelar startar spelet med atte bønder, ein pa kvart felt i den andre rada, sett fra spelaren. Pa sjakkbrettet startar dei kvite bøndene pa a2, b2, c2, ..., h2, medan dei svarte bøndene startar pa felta a7, b7, c7, ..., h7. Bøndene vert ofte gjeve namn etter den lina dei star i, ein talar til dømes om "den kvite f-bonden".

I motsetnad til alle dei andre brikkene kan ikkje bønder flyttast bakover pa brettet. Ein bonde gar normalt eitt felt fram. Fyrste gong bonden vert flytt fra utgangsposisjonen , kan han flyttast to felt fram.

Bonden slar ikkje brikker pa same mate som han flyttar mellom felt. Bonden slar pa skra, eitt felt diagonalt. Brikker som star like framfor ein bonde, anten dei er eigne eller motstandarane sine, stengjer framvegen for bonden.

Eit meir uvanleg trekk er en passant -slaget. Eit slikt trekk skjer nar ein bonde flyttar to felt fram fra utgangspunktet. Om bonden passerer eit felt som er under atak av ein av motstandaren sine bønder vert det kalla ein passant. Motstandaren sin bonde, som hadde kunna sla bonden om han berre hatt gatt eitt felt fram, har lov til a sla bonden som om han berre hadde flytta eitt felt fram. Bonden som slar, vert plassert pa det tomme feltet som motstandaren sin bonde flytta over, og sistnemnde bonde vert fjerna fra brettet. Ein passant ma nyttast i trekket etter at bonden har flytta to trekk fram, elles misser ein høvet til dette.

Ein bonde som kjem heilt fram til motsett ende av brettet (motstandaren si første rad), blir endra til ei anna brikke etter spelaren sitt eige val. Dette blir kalla bondeforvandling . Bonden vert i same trekket, og før motstandaren sitt neste trekk, erstatta med ei dronning , eit tarn , ein løpar eller ein springar av same farge. I dei aller fleste situasjonar er det mest fornuftig a velja ei dronning, sidan dette er den sterkaste brikka.

Sja og [ endre | endre wikiteksten ]

Bakgrunnsstoff [ endre | endre wikiteksten ]

Commons har multimedium som gjeld: Sjakkbrikka bonde