한국   대만   중국   일본 
Sions vises protokollar ? Wikipedia Hopp til innhald

Sions vises protokollar

Fra Wikipedia ? det frie oppslagsverket
Sergej Nilus gav ut Sions vises protokoller i 1905 som vedlegg til tredjeutgava av boka si 'Den store og den vesle: Antikrists kome og Satans herredøme over jorda'. Nilus heva at ≪protokollane≫ stamma fra den første sionistkongressen i Basel i 1897.

Bildet viser tittelbladet pa Nilus si bok i utgava fra 1912. Blant symbola er ein russisk-ortodoks kross øvst og fleoire okkulte symbol for antikrist: pentagram med tetragrammet , tarotkortet ≪VII - Vogna≫ og davidstjerne med initialar.

Sions vises protokollar er eit antisemittisk verk som opphavleg kom ut pa russisk og gjev seg ut for a vera ein hemmeleg møteprotokoll fra den første sionistkongressen i Basel i 1897 . Skriftet er ei forfalsking. [1] Skriftet skildrar ein jødisk plan om verdsherredøme. Det har blitt brukt av ei rekkje antisemittar som ≪bevis≫ i kampen mot jødenes pastatte, samfunnsøydeleggjande sammensverjingar. Skriftet kan sjaast som ein tidleg konspirasjonsteori .

≪Protokollane≫ blei gjevne ut for første gong i 1903 i den russiske avisa Znamya ('Banneret'). I 1905 kom den versjonen som etter kvart gjekk sin sigersgang internasjonalt, først trykka i ei antijudaistisk bok om Antikrist og Satan av den kristne mystikaren Sergej Nilus . Nilus hevda at kjelda hans hadde stole dokumentet fra eit (oppdikta) sionistisk hovudkvarter i Frankrike, [2]

I 1911 blei trykksaken publisert som sjølvstendig hefte. Verket blei deretter omsett til fleire sprak og fekk stor spreiing og tyding for synet pa jødane i mellomkrigstida. Det blei først gitt ut i Noreg i 1920 med tittelen Den Nye Verdenskeiser. Zions Lærde Ældstes Protokoller . [3]

Opphav [ endre | endre wikiteksten ]

Sions vises protokollar er eit tidvis ordrett plagiat av tekstar og idear fra franske og prøyssiske romanar som kom ut pa 1850- og 1860-talet. Opphavleg handla det om konspiratoriske jesuittar , siden om samfunnskritisk satire utan tanke pa rase eller religion, men snart om ekstrem antisemittisme. Sjølve ≪Protokollane≫ blei først formidla som pamflett i Det russiske keisarriket pa 1870-talet, sa gjentatt pa 1890-talet da det hemmelege politiet i Russlad utnytta det antisionistiske innhaldet i ein svertekampanje mot moderne reformrørsler. Jødene blei dermed gjort til syndebukkar for revolusjon og arbeidarrørsla , liberalisme , humanisme , demokrati , sekularisering (avkristning) og andre modernitetar som undergrov den tradisjonelle makta til tsarveldet og kyrkja. Professor i tysk ved universitetet i Yale skreiv i 1987 at novella ≪Biarritz≫ fra 1868 av Herrmann Goedsche under aliaset Sir John Retcliffe, er opphavet til protokollsvindelen. [4]

Spreiing [ endre | endre wikiteksten ]

Dokumentet spreidde seg internasjonalt først to tiar etter det vart fabrikkert av det russiske hemmelege politiet. Det vart vidt trykt opp og gjenutgjeve bade samstundes med influensapandemien i 1918-20 og etter revolusjonen i Russland i 1917, som bae auka frykta for at skjulte krefter var i fare for a ta sosial kontroll. [5]

Bilprodusenten Henry Ford omsette og trykte Sions vises protokollar i avisa si, Dearborn Independent , mellom 1920 og 1927, saman med artiklar der han skulda jødane for a undergrava det amerikanske samfunnet. Dette unnskulda han seg for seinare. [6]

Paverknad [ endre | endre wikiteksten ]

Sions vises protokollar blei endelig avslørt som ein bløff i ein artikkelserie i londonavisa The Times i 1921. [7] Likevel presenterte tyske nasjonalsosialistar verket i skulane i det tredje riket pa 1930-talet. ≪Protokollane≫ blei ogsa brukt til a legitimera holocaust , den organiserte masseutryddinga av jødar under andre verdskrigen. Den falske teksten har framleis politisk kraft, særleg i Midtausten i konflikten mellom arabiske grupperingar og jødar i Israel . Sions vises protokollar blir ogsa brukt av nynazistar for a rettferdiggjera jødehat og nazisme i dagens samfunn.

Pastatte band til den hemmelege organisasjonen illuminati [ endre | endre wikiteksten ]

Ei tolking av teksten si rolle i ein større samanheng er presentert av W.G. Carr i bøkene hans, t.d. Pawns In The Game . Der blir det presentert eit enda større komplott, der denne boka blir brukt som manipulasjon for a skape fiendskap mot jødar i ein langsiktig plan for a øydeleggja alle religionar, inkludert jødedommen, for til slutt a prøve a skape eit positivt bilde av satanismen. Eit av mala til plottmakarane presentert i Carr si bok er a opprette staten Israel som ein provokasjon mot særskilt dei Islamske nasjonane og vidareutvikla denne konflikten i parallell med ein storkrig mellom den kristne Vesten og den ateistiske kommunismen. Planen presentert i Protokollane blir her framstilt som prinsipielt i trad med mala til lusiferdyrkande satanistar, som jamfør teorien nyttar dei same taktikkane og samstundes legg skylda pa jødane.

Innhald [ endre | endre wikiteksten ]

Skriftet pastar seg altsa a vere hemmeleg dokument om ein jødisk plan for a vinna herrevelde over jorda. Det inneheld 24 protokollar (i form av 24 heller korte kapittel, kvart med fokus pa ulike tema i planen), der det kjem framlegg om korleis dette herredømet skal oppnaast. Mellom anna skal det jødiske verdsherredømet fremjast ved a spreie darwinisme , liberalisme , marxisme og pornografi . Kristendom og andre religionar skal brytast ned og ateisme skal fremjast, for a rydde plass for hegemoniet til jødedomen.

Innhaldet er ei veldig detaljert skildring av ulike sider av ein plan for a omforme bokstavleg tala alle verdas land til a komme under eit sentralisert styre. Metodane nemnde for a oppna dette, og forklaringa rundt, er ekstremt kyniske og undertrykkande. Til dømes gar dei ikkje av vegen for a svelta i hel heile samfunn eller a utsetja folk for smitte av sjukdom bevisst for a undergrave tilliten til levedyktigheiten av styresettet der, slik at dei sjølve kan koma inn med sine ressursar og fa ta over styringa.

At det verkeleg er jødar som star bak slike planar er avvist tallause gongar, sjølv om det er presentert slik i teksten, pa ein mate som far jødane til a framsta i svært darleg lys.

Det er veldig mange detaljar i Protokollane som kan samanliknast med utviklinga i verda, og populariteten til skriftet er nok i stor grad grunna i at det framstiller ei appellerande samanhengjande forklaring pa sa mange faktorar.

Delar av planen skildra i boka involverar mellom anna a:

  • forderva ungdommen gjennom bade oppfordring til avhengignad av rusmiddel, bevisst feilutdanning og ei rekkje andre verkemiddel
  • skapa konfliktar mellom fattig og rik, folk og kongehus, akademikarar og arbeidarar, m.m.
  • frammanipulera krigar til strategiske formal, økonomisk vinning og a fa respekt.
  • lage framgang til kapitalismen og frimarknaden
  • fremja sentralisering og undergraving av sjølvstendet til bøndene og andre landeigarar som tidlegare adel o.l.
  • skapa finanskriser og internasjonale lan for a fa nasjonalstatane under kontrollen til plottmakarane
  • fremja dyre eigedomsprisar, matprisar og utsetje dei fattige for harde kar
  • spreia forvirring, indre splid, overvelding ved a komplisere livene til folk
  • manipulera fram politikarforakt
  • ha sensur av trykkpressa
  • lage kalde, harde samfunn utan samhald
  • overkomplisera lovverkssprak for a ta kontroll over tolkinga av lovene
  • skapa gjeldskultur
  • oppheva alle monarki til fordel for ueffektive demokrati, som seinare skal bli saboterte og brukte som hoppestein til oppløysing av nasjonalstaten

Innhaldet er svært sjokkerande i det negative menneskesynet sitt, og er bokstavleg tala ei krigserklæring mot folk flest, der ingen verkemiddel ser ut til a vere utelukka og sjølv malet virkar a vera eit tilrøva, tvunge og hardt diktatur. [ treng kjelde ]

Vor styrke ligger i at holde arbeideren i stadig nød og avmagt, fordi vi derved beholder ham i vor magt, og i sine egne omgivelser vil han aldrig finde kraft eller styrke til at sætte sig op mot os. Sulten vil gi kapitalen større rettigheter over arbeideren, end nogen lovlig hersker nogensinde kunde gi en adelsmand. (Sitat fra Den Nye verdenskeiser : Zions lærde ældstes protokoller, s. 25)

Antisemittisk slagkraft [ endre | endre wikiteksten ]

Dette er eit svært komplisert og uttenkt skriv med klare inspirasjonar og plagiat fra fleire tidlegare bøker, m.a. av Maurice Joly. Det inneheld eit svært nedlatande sprak mot verdas arbeidarklasse og er gjennomsyra av nedlatande haldningar mot alle andre folk enn jødar, der forfattaren vert framstilt som ein talar ved eit hemmeleg møte blant innvidde medlem i ein slags hemmeleg jødisk organisasjon. Nivaet pa kynismen og menneskefiendtlegskapen bade i skildringa av planen og av endemalet, som i den forfalska, antisemittiske teksten er eit verdsvidt kongedøme med ein jødisk konge pa trona, gjer han svært provokativ om nokon trur pa innhaldet. [ treng kjelde ]

Arsaka til at han har hatt slik nedslagskraft er at han summerar opp veldig mange faktiske plager som folk kan kjenna seg att i, t.d. fattigdom, sjukdom, krig og naud, og vrir dette til pa ein særs utspekulert mate som far det til a sja ut som at desse problema er villa av leiande krefter i ei hemmeleg, mektig jødisk røyrsle. [ treng kjelde ]

Del av skulda for at dette skrivet framleis blir brukt som antijødisk propaganda er nok at planen det skildrar er temmeleg detaljrik, djevelsk kløktig i sine drøftingar av ulike sider i planen og det ligg tydelegvis mykje tanke bak. Dette er ingen enkel mobbandes plakat, eller eit slagord mot jødane, heller ei skildring av eit sinnrikt og ondskapsfullt system av mange element pa nær sagt alle sider av samfunnet, fra kontroll av overnasjonale organ til kontroll av individet sine hobbyar, som er skrive pa ein slik mate at det verkar som ei samling av internt jødiske møteprotokollar som har vorte lekka. Eit anna element er at det i teksten star skrive at leiarskapet bak dette komplottet har tenkt a la sine egne jødiske kameratar verte ofra for a skape sympati for seg sjølve og for a kunne stemple all motstand og kritikk mot planen som antisemittisme. Sa ein forstar at den psykologiske manipulasjonen av lesarane ligg pa eit avansert niva i denne oppdiktinga, og for a avvæpne den kan det være lurt a ta den trusselen alvorleg, sidan a gøyme vekk faktorane som kan overtala folk utan a forklare grundig kvifor det er feil, kan skapa eit grorom for vidare misforstaing og hat. Argumentasjonen ma bli meir tung enn berre eit antisemittisk stempel, fordi det kan gjere meir skade enn gagn i dette tilfellet. [ treng kjelde ]

Sitat fra sida til ADL om boka, ein av dei eldste og største organisasjonane mot jødehat:

"I 1935 skreiv ein sveitsisk domar som var domar i ei rettsak mot to sveitsiske nasjonalsosialistar anklaga for sirkulasjon av protokollane:

Eg hapar at det ein dag kjem ei tid da ingen vil kunna forsta korleis i aret 1935 nesten eit dusin fullt tilstadeverande og fornuftige menn kunne plage hjernane sine i fjorten dagar framfor retten i Bern over spørsmalet om desse sakalla protokollane er ekte eller ikkje... som, trass i all skaden dei alt har forarsaka og enno kan komma til a forarsaka, ikkje er anna enn latterleg tull.
Dessverre har domarens hap enno ikkje fullt ut vorte røyndom. [2]

Kjelder [ endre | endre wikiteksten ]

  1. Daniel Pipes: Verschworung. Faszination und Macht des Geheimen , Gerling Akademie Verlag Munchen 1998, s. 64 og 72.
  2. 2,0 2,1 ≪A Hoax of Hate: The Protocols of the Learned Elders of Zion≫ , Anti-Defamation League (pa engelsk) , henta 2. januar 2021  
  3. Den Nye verdenskeiser: Zions lærde ældstes protokoller . H. Erichsen & Co. 1920.  
  4. ≪Opinion | 'Protocols of Zion' Originated in Novel (Published 1987)≫ . The New York Times (pa engelsk). 7. august 1987. ISSN   0362-4331 .  
  5. ≪Why the ‘Protocols of the Elders of Zion’ Is Still Pushed by Anti-Semites≫ , Snopes.com (pa engelsk) , henta 2. januar 2021  
  6. ≪Protocols of the Elders of Zion (1927)≫ , Facing History and Ourselves , henta 2. januar 2021  
  7. Poliakov 1983, side 27

Wikipedia pa bokmal oppgav desse kjeldene:

Primærkildeskrift [ endre | endre wikiteksten ]

Sekundærlitteratur [ endre | endre wikiteksten ]

  • Aasvangen,Linda (2010). ”En fare som truer os alle”. Utgivelsen og omtalen av Sions vises protokoller i Norge 1920-1925 med vekt pa Albert Hiorths religiøse tilnærming . Masteroppgave i historie ved UiO. Varen 2010. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-25012
  • Cohn, Norman (1967). Warrant for Genocide, The Myth of the Jewish World Conspiracy and the Protocols of the Elders of Zion . Harper & Row Publishers, New York , 1967, ASIN:B0006BQ9HQ; Eyre & Spottiswoode, London , 1. mars 1996, ISBN 1-897959-25-7 , ISBN 978-1-897-95925-1 ; Serif Publishing; London , 2. utgave, 30. januar 2006. ISBN   978-1-897-95949-7 .  
  • Hagemeister, Michael (1998). ≪Die 'Protokolle der Weisen von Zion' und der Basler Zionistenkongreß von 1897≫. I Heiko Haumann. Der Traum von Israel. Die Ursprunge des modernen Zionismus. Mit Beitragen von Heiko Haumann, Alex Carmel, Erik Petry, Verena Dohrn, Desanka Schwarz, Aleksandr Loksin, Walter Pietsch, Peter Haber, Patrick Kury, Michael Hagemesser, Astrid Starck, Valerij Jul'evic Gessen, Bettina Zeugin, Monica Ruthers . Beltz Athenaum, Weinheim, 1. juli 1998. ISBN   978-3-895-47115-5 .  
  • Luthi, Urs (1992). Der Mythos von der Weltverschworung: die Hetze der Schweizer Frontisten gegen Juden und Freimaurer, am Beispiel des Berner Prozesses um die "Protokolle der Weisen von Zion" (Bind 1 av Beitrage zur Geschichte und Kultur der Juden in der Schweiz) . Helbing & Lichtenhahn, Basel / Frankfurt am Main. ISBN   978-3-719-01197-0 .  
  • De Michelis, Cesare G. (2001). La giudeofobia in Russia: dal Libro del kahal ai Protocolli dei savi di Sion . Bollati Boringhieri, Torino, november 2001. ISBN   978-8-833-91350-6 .  
  • De Michelis, Cesare G.; Richard Newhouse (2004). The Non-Existent Manuscript: a Study of the Protocols of the Sages of Zion . Vidal Sassoon International Center for the Study of Antisemitism (Universi?ah ha-?Ivrit bi-Yerushalayim), University of Nebraska Press; English Ed., Rev. and Expanded edition, 30. juli 2004. ISBN   978-0-803-21727-0 .  
  • Poliakov, Leon (1983). De Moscou a Beyrouth: Essai sur la desinformation . Calmann-Levy. ISBN   978-2-702-11240-3 .  
  • Rian, Dagfinn (1993). Den store løgnen: myten om den jødiske verdenssammensvergelse og de sakalte Zions vises protokoller . (online pa Nasjonalbiblioteket) Sjalom forlag, den Norske israelsmisjon. ISBN   978-8-290-80807-0 .  
  • Rian, Dagfinn (2003). ≪Zions vises protokoller≫. I Dagfinn Pettersen og Terje Emberland . Konspiranoia. Konspirasjonsteorier fra 666 til WTC . Humanist forlag. ISBN   978-8-290-42569-7 .  
  • Sammons, Jeffrey L. (1998). Die Protokolle der Weisen von Zion. Die Grundlage des modernen Antisemitismus. Eine Falschung. Text und Kommentar . Wallstein, Gottingen, 1998, 2.opplag januar 2001, 4. opplag 2007, 6. opplag 2011. ISBN   978-3-89244-191-5 .  
  • Segel, Binjamin W.; Levy, Richard S. (oversetter) (1995). A Lie and a Libel: The History of the Protocols of the Elders of Zion . University of Nebraska Press; New edition, 1. juni 1995. ISBN   978-0-803-29245-1 .  
  • P.-A. Taguieff: L'Imaginaire du complot mondial , Mille et une nuits, 2006